Entries from februar 26th, 2015



TOTALT AVLOGGA I CYBERSPACE

posted on: 26. februar 2015

Veit de, eg føler meg som ei fjøyr i vinden når det kjem te data og slike tekniske greier, med navn som internett, pc, ps3,ps2,ps4,xbox360,wii 1 ,2 og 3 , ds… har eg gløymt noko?

For det fyrste så har eg utvikla ein totalallergi for lydar som kjem susande ut av disse duppedingsane. Om nokon skulle prøve å tyne det siste lisje vetet eg eventuelt har klart å bevare etter alle desse åra med lite søvn, så må det være å sette meg i eit rom, med ein ds  med «Super marios bros 3» på fullt volum, og utan mogeligheit til at eg kan finne den og skru den av!

De kan trygt seie at treninga med å bruke headset i dette huset er høgt prioritert.

Og når eg av mine studie venner lærte at eg kunne trykke CTRL+A for å markere en heil tekst, og dermed følte eg hadde funne opp krutet på nytt, så skjønne de nok min innsikt når det gjeld data!

Men lyd er no ein ting, ein annan ting er dette «youtuber» fenomenet som 9 åringen er så opptatt av.

Eg lurer på om dette mogelig går på min evne ,og ikkje på min vilje, men eg fattar og begrip ikkje facinasjonen med å sjå på 2 unge karer spele eit spel, kommentere heile greiene for så å legge det på youtube?!!?

Kva er så spanande med det?

For ikkje å snakke om «Live stream».

Og alle desse nye orda som kjem i bakleksa av det her youtube greiene.

Traust vestlenning som eg er, med ein 9 åring som har lært seg ord som DLEG ( ikkje spørje, eg anar ikkje kva det betyr), SEFF,LOL for ikkje å gløyme SERR.

Nokon gonger så tar eg igjen, bruke ord som «riglafingje».Det ordet lærte eg av farmor, ho brukte det om ting som hadde blitt øydelagt og laust, eks. ein laus kjøkkenstol.

Gutungen veit ikkje enda kva det betyr 😉 *knegg*

Han trur og han skal verte «youtuber » når han blir stor, godt det e nokon år til, «Youtube» e sikkert nedlagt då tenkjer eg 😀

Men, det skal sant seiast at youtube har no ein og annan fordel og, den gir meg litt pause innimellom, fin barnevakt ein søndags morgon klokka fy fasan, når du ligg sånn passe komatøs på sofaen med to kjekke  gull!

Og eg har lært mykje, til tross alt.

Eg kan nesten heile redningskøyte filmen til RS på rams, har god kontroll på ferjene til Fjord 1, har fått god kjennskap og innsikt i Kong Sverres Saga, som Laurits er heilt hekta på om dagen.

Birkebeinerene og Baglerne, død mann i brønnen, slott som brenn, mykje action!

Eg er litt bekymra over at siste film sett frå NRK Supers «Newton» gjekk på dei mangalande sanitær og hygiene forhold i gamle dager, og Laurits som var svært opphengt i at det var ekskrementer flytande i gatene på den tida, mens Georg har hengt seg opp i at det finnes 10000 rotter i kloakkrøyra, og undra seg svært over kordan det kunne være plass til alle i eit røyr.

Eg personlig tenkjer, når ein fyrst er inne på dette temaet, at vi skal starte med å fylje den her:

blogg 26 feb

Ha ein flott dag 🙂

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

Tidleg morgon og møtedag:)

posted on: 24. februar 2015

God morgon verda! I dag kjem det eit tidleg innlegg på bloggen min:)

AS Larsen søv ikkje vekk verken sumar eller vinter natt, og i dag er 3 maskiner med kle vaska, 3 koppa kaffi inntatt og vafler  steikt før 0700.

Kan høyres ut som skryt, men sjå det heller frå andre sida, kva svarten skal man ta seg til når man er oppe med to smørblide Alf Prøysen syngande tvillingar og klokka framleis vise 04 et eller anna?

Like greitt å hive seg i det, eg veit av erfaring at verken klesvask eller anna som som innheld ordet «vask» aldri har forbausa meg med å forsvinn av seg sjølv;)

I dag er det møte dag.

Møter og telefonar er noko som følgje ein kver familie som vår. Avogtil  hyppig ,andre gonger sjeldnare.

Denne gong er det først møte med kommuna og ansvarsgruppe møte etterpå.

Eit ansvarsgruppe møte er eit møte der alle koordinerande einingar rundt barnet møtes saman med foreldre, der Individuell Plan ligg i botnen, og ein diskuterer korleis ein skal gripe ann ting framover. Her tenkjer ein også langsiktig.

Individuell Plan er forøvrig eit arbeidsverktøy kommunane  har, ein til kvar av gutane, som ein bruker til å planlegge  både nåtid og mål for framtid.

Kort sagt eit hjelpe verktøy på vegen mot eit verdig liv.

Eg møtte ein gong ei mamma som sa til meg at ho skulle heller ha hatt 10 barn med utfordringar, enn å måtte gå på møter.

Sterke ord! Men eg skjønte godt kva ho meinte.

Det kan være svært krevjande å gå på møter. Ikkje nødvendigvis fordi det er så mange fæle ting som skal takast opp, men sanninga er at søv barna dårleg, så søv du dårleg sjølv, har barna ein dårleg morgon, så bruke du mykje energi på å få dei ut av døra til rett tid, kanskje får du ein par 3 telefonar før møtet som du ikkje hadde rekna med, slik at din «møtemodus» blir rokka ved før møtet.

Forutsetninga di som foreldre er ikkje alltid i rett «Møtemodus»- berre så synd at møtene nok ikkje kan leggast etter di dagsform. Her er det berre å stille opp gitt!

Og tenk dokke sjølve, det er ikkje akkurat det kjekkaste man gjere og sitte på møter og diskutere barna sine utfordringar.

Vi bære alle på ei sorg over at det ikkje vart slik det skulle bli, og avogtil kjem denne sorga som kasta på når ei minst ventar det.

Typisk på eit møte..

Eg personleg syns møter er greitt no, men har jammen hatt ei lang og bratt læringskurve.

Til de som skal i møter som fagfolk og lærarar så har eg ei lita bøn:

« Gløym ikkje at det er foreldra som veit kvar skoen trykkjer»

Til foreldre som også må i møter:

«Det er alltid greitt å være to, ein for moralsk støtte, og to for å få med seg kva som blir sagt, det er ikkje alltid man får med seg alt når det står på»

 

Og sist men ikkje minst:

blogg 24 feb

 

Ha ein flott tysdag, med eller utan møter!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Å bli plassert i same boksen.

posted on: 23. februar 2015

Samfunnet vi lev har eit merkelig fenomen i seg. Vi skal alle være like, alle gjere likt, ingen skal skille seg ut og vi skal alle følgje den same leia.

Ferie 2

 

Betyr det at vi alle er født med like forutsetningar? At vi alle er like gode i matematikk, naturfag og norsk og at alle lagar den same fantastiske ,ikkje svidde kvite sausen, på heimkunnskapen?

For ikkje så snakke om nasjonale prøvar , der vi alle skal testast på det same og målast opp i mot andre skular, og helst så skal vår skule være BEST!

Eg gremmes..

Og kva skjer med dei i skulesystemet vårt som dett utanfor?

Desse barna som treng det lille ekstra, som treng tilsyn og oppføljing , om er prisgitt foreldre som kjempar same kampen kvart år for å få nok ressursar for å få gjett barnet den skulekvardagen dei fortjener og har krav på etter opplæringslova.

Desse barna som er prisgitt at dei får pedagogar og assistentar som ser dei, som taklar dei, som klarer å tenkje utanfor boksen, med det lisje rommet dei har , for å kunne tenkje utanfor boksen, for det er ikkje stort!

Eg er svært heldig , mine gutar har eit fantastisk personale rundt seg, men andre er ikkje like heldige.

Det finnast ingen mal for oppføljing av barn med spesielle behov eller barn som har andre ymse utfordringar. Kvar og ein er unik og treng einskild oppføljing, dette sjølv om diagnosa eller utfordringa  i utgangspunktet er lik.

Har eit barn dysleksi, så vil ikkje det automatisk tilseie at den vil profitere på same trening på lesing som barnet ved sida av som også har dysleksi!

Blogg 23 feb

Er det skummelt utanfor boksen? Er det der problemet ligg?

Eg tenkjer at samfunnet har plass til alle. Både dei som treng det lille ekstra, dei som er kreative , dei skuleflinke, og dei som kanskje ikkje er like skuleflinke, men meir praktisk anlagt.

Kjem vi oss utanfor boksen, og gir rom for det som er litt annerleis, kanskje i begynnelsen litt rart og skummelt , men også spennande, så trur eg vi får ein betre kvardag for mange.

Blogg 18 feb

 

Tør du å prøve?

 

Ha ein flott måndag:)

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

Redningskøytegutt, internett trøbbel og siste innspurt av ferien!

posted on: 22. februar 2015

Ei begivenheitsrik helg er over for AS Larsen, både på godt og litt vondt.Du kan trygt seie at det går fort mellom glede og frustrasjon i denne heimen 😉

Fredag kveld vart Georg sitt klipp fra Redningsskøyte turen vi var på i oktober, sendt på «Norge Rundt» på NRK.

Stor stas for guten! Mora kunne vel eigentleg klart seg utan sitt blide åsyn på skjermen, men skjit og, han kunne jo ikkje reise på tur utan meg!

Eg vert så glad inni meg når eg ser det klippet fra NRK, den formidlar så flott den gleda guten har av å få lov til å være med.

Mestring, forståelse og inkludering. Det er så lite som skal til for å gjere så stor glede!

Og alt dette fekk Georg på denne turen .

Slikt varmar mammahjertet langt ned i hjerterota <3

 

Linken til Redningskøyte turen fra «Norge Rundt» finn du her <3

 

http://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/DVNR04000815/20-02-2015#t=7m26s

 

Ellers har vi hatt internett trøbbel i heimen denne helga, både på eine og andre måten, enten så har den eine internett, eller så har den andre, nokon gonger funker ei maskin andre gonger funker ein Ipad, ein gong funkar det med trådlaus, men ikkje med kabel, og andre gongar så funkar ikkje ein skjit! Og den som iallefall  ikkje fungerar det er eg!

Blogg 22 feb

Eg blir så steikje galen av ting som ikkje går som det skal, tålmod, kom til meg, her skal du motstand finne!!

Og er det noko vi er avhengig av i denne heimen så er det eit stabilt internett.

Heldigvis, etter mykje eder og galle så ser det ut til at det fungerar no.

Me krysse fingrane!

Elles så ser vi i enden av vinterferien. Ferie er travelt her hos oss, og krev 2 foreldre som er «på « frå morgon til kveld, som fredsmeklar og aktivitetsansvarleg,  men også mykje kos sjølvsagt.

Men, eg skal ærleg innrømme at eg likar kvardagar best, med sine kjedelege forutsigbare rutiner.

 

Det er då vi funkar best <3

Ha ein flott sundag 🙂

<3<3 Ragne Beate

 

Er det å ikkje vaksinere barna sine blitt ein trend?

posted on: 21. februar 2015

Vaksine diskusjonen bølgjer gjennom Noregs land. Skaper høge toppar, sterke følelsar og høg temperatur hos mange.

Ein plass vart det omtala som ein trend, at det no var «in» å ikkje vaksinere barna sine.

«In»? «Trend»?

Kan det å ikkje fylje Folkehelseinstituttet sine anbefalte vaksinasjonsprogram samanlignast med å hive seg på trendar som å berre ete økologiske egg frå økologiske gardar drifta av økologiske bønder? Eller at ein kun skal ete 500 kcal to dagar i veka for å få eit meir balansert liv og dermed slankande resultat?

Eg kjenner eg vert skremt!

Å miste eit barn som har fått kikhoste eller meslingar er utenkeleg for meg som mor i 2015, eller for den del å få barnet kvestet av polio.

Utenkjeleg! Har aldri vore innom tankjerekkene i det heile!

Bekymring for kreft ja, den har vore der, men faktisk meir under senarioet

«Kva skjer med barna mine om mamma får kreft?» enn at dei sjølve skulle bli sjuke.

Kvifor?

Jo, fordi gutane mine er vaksinert. Alle man alle!

Joda, vi fekk autismen i hus, det gjorde vi, men den kom ikkje rekande på ei fjøl inn i liva våre ilag med ei MMR vaksine, den kom heller seglande inn i vår verd ein kveld i januar 2008 då gutane vart født.

«Korleis  VEIT du det Ragne?» har eg fått førespurnad på ..

«Fordi eg oppdaga autisme lenge før MMR vaksina  skulle settast» svarar eg då.

Og, bare for å ha det nevnt. Forskinga på MMR vaksinen og linken til autisme er bevist forfalska.

Om denne vaksine vegringa blant foreldre er ein trend så håpar eg den bølja fort bryt og blir ferdig.

Hellige overbevisningar hos menneskjer er det vanskeleg å gjere noko med, men vi har alltid eit valg om følje straumen eller ikkje!

 

Eg hadde aldri turt å la være å vaksinere det kjæraste eg har, tør du?

Blogg 21 feb

 

Ha ein flott laurdag <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Du skal høyre mykje før øyrene dett av

posted on: 20. februar 2015

Dei spørsmåla eg som tvillingmamma har fått mest etter at gutane fekk diagnosen autisme er:

*Å herregud! Har begge to?

* Å nei Ragne, det var no ikkje måte på kor uheldig dykk har  vore! Dei veks det vel heldigvis av seg, gjere dei ikkje??

*E det fordi dei er tvillingar? At dei fekk autisme?

Også har vi den beste : «Ja, dei er vel enegga, det va no som f*** at det delte seg då»… Jepp… den har eg høyrt og!

Ferie.

De skjønar det, eg har aldri definert mine gutar ut i frå autismen eg, det er bare noko som fyljer oss på vår vei.

Georg og Laurits er eneggede tvillinger, har 99.6% likt genmateriale, samme foreldre, og ellers stoppar det der.

Dei er ikkje litt like eingong i adferd, men det som er spesielt, er at dei utfyljer kvarandre på ein helt unik måte.

Georg tolke for Laurits som er meir svaklig verbalt, Laurits kan roe ned Georg når hans verd rasar i hop.

Dei kan være uvenner så det synge etter, men dei kan og vere verdens mest utspekulerte barn som rottar seg i hop mot mamma og pappa. Då er dei forøvrig verdens beste vener.

Eller, dei kan vere to gutar som berre kryp under eit pledd ilag i sofaen, og kosar seg.

Eg er sikker på at om eg snakkar med andre tvillingforeldre, som ikkje har barn med autisme så kjem dei til å skildre sine tvillingar slik og.

Ganske så normalt ikkje sant?

Det som derimot er heilt sikkert er at dei på grunn av si utfordring møtar ei tøff verd, ei verd som verken forstår dei eller som dei sjølve forstår.

Der har mine sine ein fordel , dei møter denne verda ilag!

Blogg 20 feb

Og akkurat det er mora deira særs takknemleg for !!!

 

Ha ein flott fredag <3 <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

TITANIC <3

posted on: 18. februar 2015

RMS_Titanic_3

Kva er eigentleg så facinerande med Titanic? Eg hugsar då filmen  gjekk på kino heime, på den tida då kinoen hadde raude klapp seter, og man fekk både lumbago og andre lumske rygg lidingar av ein kinotur.

(At vi ikkje kreperte av  3 timar med Kristin Lavransdatter i 8 klasse var i alle fall eit under)

Kor romantisk var ikkje den filmen <3

Etter ar Laurits og Georg fekk skipet «Titanic» som særinteresse har eg fått eit heilt anna forhold til skipet.

Visse de at Titanic gjekk ned 14 april 1912?  Og at dette var på ein tysdag?

Ikkje det?

Slikt veit gutane mine..

And for the record  søsterskipet »Britannic» gikk ned 21 november 1916.. på ein måndag 😉

Gutane er kanon gode på rollespel, så e det noko eg har sett mange gonger så er det forliset til «Titanic», heilt autientisk slik det gjekk ned.

Sjå for deg to kliss like gutar, med ein legobygd «Titanic» båt, isbitar rappa frå mamma sin frys, slik at isfjella blir så levande som mogeleg.

Samarbeidet er på topp! Mens Laurits synk «Titanic», den brekk på akkurat den plassen den skal, så står broren ved sida av nynnar høgt på «nære deg min gud» og spelar på ei imaginær fele, der fela er eska som vindus viskaren pappa skifta førre veke, og boga er den gamle viskaren.

FANTASTISK UNDERHOLDNING <3

Vi snakkar og om  ein detalj orientering som er heilt skremmande.

Dei får med seg alt av detaljar, og dei hugsar alt.

Er det ikkje rart?

At detaljer rundt eit forlis av ein båt skal sitte som spikra, men å skjøne at ein må passe seg i trafikken, ha på regnkle når det regnar eller hugse å ta på seg sko når man skal skulen skal være så vanskelig?

 

Ein ting er i alle fall sikkert, studentmammaen skulle gjerne hatt om enn bare  ein brøkdel av deira hukommelse, helst i går!

Ha ein fin dag!

<3 <3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stress, krav og oppdragelse

posted on: 16. februar 2015

Det er mandag, første dag i vinterferien, og ei lang veke i vente for AS Larsen.

Begrepet «stress» kjem til å komme mykje igjen i denne bloggen her. Grunnen er enkel, stress er noko som følgjer med å få barn med en «gjennomgripende utviklingsforstyrrelse».

Det er rett og slett unngåelig.

Så kva er eigentleg stress?

For mine gutar er stress krav. Sjølv dei enklaste krav kan vere opprivande, det kan medføre frustrasjon og angst.

I tillegg spelar andre ytre faktorar inn. Kor mykje har dei sove i løpet av natta? Har dei vondt nokon plass som dei ikkje klarer å formidle til meg?(Det er nemleg ingen automatikk i at mine barn fortel meg om dei har smerter eller ikkje. Hos oss spyr vi fyrst  og fortel om det etterpå.)

Er det sjukdom på skulen slik at ein vikar er satt inn? Er det mykje støy?

Eg såg ein gang ein «stress skala» som vart laga for å illustrere stress hos autistiske barn kontra funksjonsfriske. Det autistiske barnet starta sitt stressnivå der det funksjonsfriske barnet omtrent var på topp!

Eg veit ikkje om den «skalaen« var vitenskapleg dokumentert, men det eg veit er at den gav meg ein stor vekker som mor og oppdrager.

Det betyr ikkje at mine gutar ikkje har krav. For det har dei.

Varhet for stress og krav betyr ikkje at ein ikkje skal bli oppdratt.

Ikkje at eg er den største tilhegaren av «Dr. Phil», men eg skal no innrøme at eg har no sett eit par (kremt) episodar. Og ved eit høve sa han som fyljer:

«Det verste man nokon gong kan gjere mot eit barne med funksjonsnedsettelse er å undervurdere det»

Den satt i sikringsboksen gitt!

For å nå mine mål i min oppdragelse av gutane må eg alltid vurdere om «kampen» er verdt det eller ikkje.

Kva er viktigast?

Er det viktigast at barnet ditt har gode leggerutiner? Eller er det viktigast at dei bruker sko, når dei helst vil ha på sherrox, sjølv om veret er fint den dagen.

Må vi vere med på juleavslutninga , eller er det ei belastning som vert for tøff?

Eller, er det eit tema å ikkje pusse tenna sine?

Mange av valga vi som foreldre her i heimen må ta, er val som andre ikkje forstår, men som vi må gjere for at vår kvardag skal gå opp.

Eg har lært meg  å stole på, at det eg tykkjer er best , er det som held i lengda..

156499_10151570799216221_1001768353_n

Stolar du  på din intusisjon?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Med eit djupdykk i arkivet på ein søndag:)

posted on: 15. februar 2015

Hei hei, og riktig god søndag til dykk alle:)

I dag har eg hatt meg eit lite dykk i gamle tekster eg har skrive. Mimra litt, vi har hatt det mykje moro oppigjennom  🙂

Og her kjem eg over ein tekst eg aldri har lagt ut, verken her eller der. Veit egentleg ikkje heilt kvifor, men sida eg fekk tårer i augene da eg las den oppatt, så har vel det mykje med saken å gjere.

Den handla om valg, den handla om skjebner og det handla om ein liten gut som plutseleg fekk verda si snudd på hovudet.

Og den går som fyljer:

«Ei autisme mor og ein autismebrors refleksjon..»

 

Å få et valg, eller ikkje å få eit valg…

Livet består av valg, alt vi gjere fra vi står opp om morgonen til vi legg oss om kvelden, bunner ut i valg.

Vil vi ha ost eller skinke på skjevene våre eller vil vi ha begge deler?

Skal eg gidde å sminke meg i dag eller ikkje?

Orke eg ta tlf fra skulen i dag, eller skal eg la den gå?

Da Georg og Laurits som 3 åringa kom ut av sjukehuset  med ein gruelig fersk autismediagnose, fekk eg EIT valg!

Deal med det eller ikkje!

Det fekk ikkje den 2.5 år eldre broren, han måtte bare godta at slik vart det.

Og eg skal seie dykk ein ting, mange snakkar om den dårlege samvitet dei har ovenfor barna sine med diagnose, at dei ikkje mestrer, får nederlag, ikkje strekk til.

Den har tidvis eg og, type rimelig uunngåeleg tenkjer eg,  men det er INGENTING i forhold til den dårlege samvitet eg  ofte har ovenfor guten vår på 9 år uten diagnose.

Så eg spurte guten min  da han kom heim frå skulen ein dag:

«Føle du deg tilsidesatt på grunn av brorane, at du ikkje blir sett?»

Svaret hans forundra meg.

«Avogtil gjere eg det mamma, men det er jo på grunn av autismen at det blir sånn, og da e det jo greit syns eg, sjølv om eg avogtil blir frytelig irritert!Eg veit jo at du e glad i meg uansett»

«Dessuten har eg jo fri når dei er på avlastning, og da har eg jo deg aleine»

Tenk at han på ni år kan tenkje sånn! Reflektere på ein slik måte, være så full i empati som han er <3

Og men ein innsikt i det som er annerledes som er heilt unikt!

Eg trur vi har mykje å lære av søsken til barn med funksjonshemmingar, måten dei ser livet sitt på. Men fyrst og fremst så må vi ikkje gløyme at dei og har rett på ein plass i familien, rett på å få vere seg, og rett på å bli høyrd.

«Gløym ikkje dei ,som ikkje skrik høgast»

Eg er uendeleg stolt av han <3<3

<3 Ragne Beate

 

Jakob og Georg 2

 

Å TA LIVET HEILT BOKSTAVLEG

posted on: 14. februar 2015

Har du tenkt over kor mykje du faktisk snakkar mellom linjene? Kor mykje av kommunikasjonen mellom deg og andre som går på kroppspråk, gester, og ikkje minst blikk?

«Et blikk kan seie meir enn tusen ord», blir det sagt.

Korleis stiller då situasjonen seg for barnet som ikkje har blikk kontakt som andre barn, som ikkje klarer å tyde meldinga som kjem mellom linjene, tolke kroppsspråket, eller skjønne den overførte betydninga?

Og, som i tillegg har dårlig mimikk, slik at ein oppå alt blir misforstått av det og.

Barnet som tar livet HEILT bokstavleg.

2 blogg 14 feb

Det blir som å reise te Kina utan tolk!

Og, det er kvardagen til barn med autisme. Dag ut og dag inn, ingen pause, ingen avbrekk og ingen ferie.

Eg operera som tolk for mine barn, det er «bi jobben» min.

Det må mange forklaringar til i løpet av ein dag for at gutane skal klare å forstå situasjonar som oppstår, og man må heile tida være i forkant, og prøve å legge til rette slik at dei skal ha ein sjangs til å skjøne kva som skjer.

Innimellom så gløyme eg meg.

Det var ingen hit da eg i kampens hete ein morgon utbraut: « Har du VIRKELIG stått opp med feil fot i dag???»

Georg brukte da ei god stund på å studere føtene sine for å finne kva for ein av føtene som var feil, og om han virkeleg hadde stått opp med den.

En annen gang hadde eg vore på joggetur, og gir beskjed om at eg bare skulle «hoppe i dusjen» før eg skulle lage middag.

VILL PROTEST! Det er strengt forbudt å hoppe i en dusj, det sei jo seg sjølv.

I vår heim er ein spade ein spade, og ikkje ei greip.

blogg 14 feb 3

Og kvifor bruke 100 ord når man kjem rimelig langt med bare å bruke 3?

blogg 14 feb

Det enklaste er som oftast det beste;)

 

Ha ein flott laurdag der ute:)

 

<3<3 Ragne Beate