LEGO, eit fenomen..

13. februar 2015

Hurra!!!Det er fredag (om enn fredag den 13 ) <3 Vekas beste dag! Og det er vinterferie for mine håpefulle. Eg tenkte eigentleg at eg skulle dele litt tankar eg har rundt begrepa «ferie», men, eg fant ut at det er ei tid for alt, den kan eg ta ein anna dag.

I dag skal eg skrive ein liten epistel om LEGO.

Lego er Laurits største lidenskap, og broren er ikkje langt vekke han heller. Her i huset byggast det kreasjonar heile tida av ymse slag, og eg har ikkje tal på kor mange gonger ei svak mamma har slept seg til enten Brio, Notabene eller Nille for å kjøpe seg tid, premiere god åtferd eller rett og slett gitt unna for mas. ( kan aldri tenkje meg at eg kunne finne på å gje etter for sistnemnte 😉 )

Titanic

Og kven har vel ikkje i nattens mulm og mørke lurt seg ned etter sengetid, for å snoke i kjøleskapet etter den sjokoladen du veit ligg der, eller, snike seg ein tur på do mens gutane set fint og ser på tv… OG SÅ TRAKKE DU PÅ DEN *PIIIIIIIIIIP* LEGOEN!

Sjekk biletet under, det er nemleg slik det føregår!

Lego!!

 

Og  for ikkje å snakke om rotet.. Der ligg vel mitt største ankepunkt. Eg hata rot! Og eg blir verre med åra 😛

Vel, etter 2 dagar heime frå skulen med mamma såg stua vår slik ut:

støvsuger 1

 

Det hadde seg nemleg slik at Laurits skulle byggje seg eit sjukehus, med både luft og rønken avdeling ( han har sett i overkant mykje på Newton på Ipad siste tida) , og han mangla «ein» del.

Og som de kanskje ser, så har han leita godt, med god hjelp av broren.

Men etter den søte kløe kjem den sure svie, er det vel eit ordtak som seier, og her som nok i andre heimar er entusiasmen for å rydde like stor som ei potensiell rotfylling.

 

Så kva gjere du?

Jo, man hentar mannjen sin Industri støvsugar i garasjen, som eg i kjøpssøyeblikket ikkje kunne fatte at han trengte, men  som eg i ettertid sjølvsagt vurderer dit hen at ein kvar heim MÅ ha.

Tar så ut posen som ligg inni, og raskar med meg eit par høyrselsvern.

Plugger i kontakta, set to gange høyrselsvern på to gange haud, «and we are good to go!»

støvsuger 2

Det her er ikkje ein effektiv måte å rydde på, då dei største legoane kan sete seg fast, men te smålego fungerer det her finfint 🙂

Og, det er gøy!!

Så, med ryddig stue og eit smil ynskjer eg alle saman ei riktig god helg 😀

 

<3<3 Ragne Beate