Hei hei, og riktig god søndag til dykk alle:)
I dag har eg hatt meg eit lite dykk i gamle tekster eg har skrive. Mimra litt, vi har hatt det mykje moro oppigjennom 🙂
Og her kjem eg over ein tekst eg aldri har lagt ut, verken her eller der. Veit egentleg ikkje heilt kvifor, men sida eg fekk tårer i augene da eg las den oppatt, så har vel det mykje med saken å gjere.
Den handla om valg, den handla om skjebner og det handla om ein liten gut som plutseleg fekk verda si snudd på hovudet.
Og den går som fyljer:
«Ei autisme mor og ein autismebrors refleksjon..»
Å få et valg, eller ikkje å få eit valg…
Livet består av valg, alt vi gjere fra vi står opp om morgonen til vi legg oss om kvelden, bunner ut i valg.
Vil vi ha ost eller skinke på skjevene våre eller vil vi ha begge deler?
Skal eg gidde å sminke meg i dag eller ikkje?
Orke eg ta tlf fra skulen i dag, eller skal eg la den gå?
Da Georg og Laurits som 3 åringa kom ut av sjukehuset med ein gruelig fersk autismediagnose, fekk eg EIT valg!
Deal med det eller ikkje!
Det fekk ikkje den 2.5 år eldre broren, han måtte bare godta at slik vart det.
Og eg skal seie dykk ein ting, mange snakkar om den dårlege samvitet dei har ovenfor barna sine med diagnose, at dei ikkje mestrer, får nederlag, ikkje strekk til.
Den har tidvis eg og, type rimelig uunngåeleg tenkjer eg, men det er INGENTING i forhold til den dårlege samvitet eg ofte har ovenfor guten vår på 9 år uten diagnose.
Så eg spurte guten min da han kom heim frå skulen ein dag:
«Føle du deg tilsidesatt på grunn av brorane, at du ikkje blir sett?»
Svaret hans forundra meg.
«Avogtil gjere eg det mamma, men det er jo på grunn av autismen at det blir sånn, og da e det jo greit syns eg, sjølv om eg avogtil blir frytelig irritert!Eg veit jo at du e glad i meg uansett»
«Dessuten har eg jo fri når dei er på avlastning, og da har eg jo deg aleine»
Tenk at han på ni år kan tenkje sånn! Reflektere på ein slik måte, være så full i empati som han er <3
Og men ein innsikt i det som er annerledes som er heilt unikt!
Eg trur vi har mykje å lære av søsken til barn med funksjonshemmingar, måten dei ser livet sitt på. Men fyrst og fremst så må vi ikkje gløyme at dei og har rett på ein plass i familien, rett på å få vere seg, og rett på å bli høyrd.
«Gløym ikkje dei ,som ikkje skrik høgast»
Eg er uendeleg stolt av han <3<3
<3 Ragne Beate