Tidleg morgon og møtedag:)

24. februar 2015

God morgon verda! I dag kjem det eit tidleg innlegg på bloggen min:)

AS Larsen søv ikkje vekk verken sumar eller vinter natt, og i dag er 3 maskiner med kle vaska, 3 koppa kaffi inntatt og vafler  steikt før 0700.

Kan høyres ut som skryt, men sjå det heller frå andre sida, kva svarten skal man ta seg til når man er oppe med to smørblide Alf Prøysen syngande tvillingar og klokka framleis vise 04 et eller anna?

Like greitt å hive seg i det, eg veit av erfaring at verken klesvask eller anna som som innheld ordet «vask» aldri har forbausa meg med å forsvinn av seg sjølv;)

I dag er det møte dag.

Møter og telefonar er noko som følgje ein kver familie som vår. Avogtil  hyppig ,andre gonger sjeldnare.

Denne gong er det først møte med kommuna og ansvarsgruppe møte etterpå.

Eit ansvarsgruppe møte er eit møte der alle koordinerande einingar rundt barnet møtes saman med foreldre, der Individuell Plan ligg i botnen, og ein diskuterer korleis ein skal gripe ann ting framover. Her tenkjer ein også langsiktig.

Individuell Plan er forøvrig eit arbeidsverktøy kommunane  har, ein til kvar av gutane, som ein bruker til å planlegge  både nåtid og mål for framtid.

Kort sagt eit hjelpe verktøy på vegen mot eit verdig liv.

Eg møtte ein gong ei mamma som sa til meg at ho skulle heller ha hatt 10 barn med utfordringar, enn å måtte gå på møter.

Sterke ord! Men eg skjønte godt kva ho meinte.

Det kan være svært krevjande å gå på møter. Ikkje nødvendigvis fordi det er så mange fæle ting som skal takast opp, men sanninga er at søv barna dårleg, så søv du dårleg sjølv, har barna ein dårleg morgon, så bruke du mykje energi på å få dei ut av døra til rett tid, kanskje får du ein par 3 telefonar før møtet som du ikkje hadde rekna med, slik at din «møtemodus» blir rokka ved før møtet.

Forutsetninga di som foreldre er ikkje alltid i rett «Møtemodus»- berre så synd at møtene nok ikkje kan leggast etter di dagsform. Her er det berre å stille opp gitt!

Og tenk dokke sjølve, det er ikkje akkurat det kjekkaste man gjere og sitte på møter og diskutere barna sine utfordringar.

Vi bære alle på ei sorg over at det ikkje vart slik det skulle bli, og avogtil kjem denne sorga som kasta på når ei minst ventar det.

Typisk på eit møte..

Eg personleg syns møter er greitt no, men har jammen hatt ei lang og bratt læringskurve.

Til de som skal i møter som fagfolk og lærarar så har eg ei lita bøn:

« Gløym ikkje at det er foreldra som veit kvar skoen trykkjer»

Til foreldre som også må i møter:

«Det er alltid greitt å være to, ein for moralsk støtte, og to for å få med seg kva som blir sagt, det er ikkje alltid man får med seg alt når det står på»

 

Og sist men ikkje minst:

blogg 24 feb

 

Ha ein flott tysdag, med eller utan møter!

 

<3<3 Ragne Beate