TOTALT AVLOGGA I CYBERSPACE

26. februar 2015

Veit de, eg føler meg som ei fjøyr i vinden når det kjem te data og slike tekniske greier, med navn som internett, pc, ps3,ps2,ps4,xbox360,wii 1 ,2 og 3 , ds… har eg gløymt noko?

For det fyrste så har eg utvikla ein totalallergi for lydar som kjem susande ut av disse duppedingsane. Om nokon skulle prøve å tyne det siste lisje vetet eg eventuelt har klart å bevare etter alle desse åra med lite søvn, så må det være å sette meg i eit rom, med ein ds  med «Super marios bros 3» på fullt volum, og utan mogeligheit til at eg kan finne den og skru den av!

De kan trygt seie at treninga med å bruke headset i dette huset er høgt prioritert.

Og når eg av mine studie venner lærte at eg kunne trykke CTRL+A for å markere en heil tekst, og dermed følte eg hadde funne opp krutet på nytt, så skjønne de nok min innsikt når det gjeld data!

Men lyd er no ein ting, ein annan ting er dette «youtuber» fenomenet som 9 åringen er så opptatt av.

Eg lurer på om dette mogelig går på min evne ,og ikkje på min vilje, men eg fattar og begrip ikkje facinasjonen med å sjå på 2 unge karer spele eit spel, kommentere heile greiene for så å legge det på youtube?!!?

Kva er så spanande med det?

For ikkje å snakke om «Live stream».

Og alle desse nye orda som kjem i bakleksa av det her youtube greiene.

Traust vestlenning som eg er, med ein 9 åring som har lært seg ord som DLEG ( ikkje spørje, eg anar ikkje kva det betyr), SEFF,LOL for ikkje å gløyme SERR.

Nokon gonger så tar eg igjen, bruke ord som «riglafingje».Det ordet lærte eg av farmor, ho brukte det om ting som hadde blitt øydelagt og laust, eks. ein laus kjøkkenstol.

Gutungen veit ikkje enda kva det betyr 😉 *knegg*

Han trur og han skal verte «youtuber » når han blir stor, godt det e nokon år til, «Youtube» e sikkert nedlagt då tenkjer eg 😀

Men, det skal sant seiast at youtube har no ein og annan fordel og, den gir meg litt pause innimellom, fin barnevakt ein søndags morgon klokka fy fasan, når du ligg sånn passe komatøs på sofaen med to kjekke  gull!

Og eg har lært mykje, til tross alt.

Eg kan nesten heile redningskøyte filmen til RS på rams, har god kontroll på ferjene til Fjord 1, har fått god kjennskap og innsikt i Kong Sverres Saga, som Laurits er heilt hekta på om dagen.

Birkebeinerene og Baglerne, død mann i brønnen, slott som brenn, mykje action!

Eg er litt bekymra over at siste film sett frå NRK Supers «Newton» gjekk på dei mangalande sanitær og hygiene forhold i gamle dager, og Laurits som var svært opphengt i at det var ekskrementer flytande i gatene på den tida, mens Georg har hengt seg opp i at det finnes 10000 rotter i kloakkrøyra, og undra seg svært over kordan det kunne være plass til alle i eit røyr.

Eg personlig tenkjer, når ein fyrst er inne på dette temaet, at vi skal starte med å fylje den her:

blogg 26 feb

Ha ein flott dag 🙂

 

<3<3 Ragne Beate