Entries from februar 13th, 2015



LEGO, eit fenomen..

posted on: 13. februar 2015

Hurra!!!Det er fredag (om enn fredag den 13 ) <3 Vekas beste dag! Og det er vinterferie for mine håpefulle. Eg tenkte eigentleg at eg skulle dele litt tankar eg har rundt begrepa «ferie», men, eg fant ut at det er ei tid for alt, den kan eg ta ein anna dag.

I dag skal eg skrive ein liten epistel om LEGO.

Lego er Laurits største lidenskap, og broren er ikkje langt vekke han heller. Her i huset byggast det kreasjonar heile tida av ymse slag, og eg har ikkje tal på kor mange gonger ei svak mamma har slept seg til enten Brio, Notabene eller Nille for å kjøpe seg tid, premiere god åtferd eller rett og slett gitt unna for mas. ( kan aldri tenkje meg at eg kunne finne på å gje etter for sistnemnte 😉 )

Titanic

Og kven har vel ikkje i nattens mulm og mørke lurt seg ned etter sengetid, for å snoke i kjøleskapet etter den sjokoladen du veit ligg der, eller, snike seg ein tur på do mens gutane set fint og ser på tv… OG SÅ TRAKKE DU PÅ DEN *PIIIIIIIIIIP* LEGOEN!

Sjekk biletet under, det er nemleg slik det føregår!

Lego!!

 

Og  for ikkje å snakke om rotet.. Der ligg vel mitt største ankepunkt. Eg hata rot! Og eg blir verre med åra 😛

Vel, etter 2 dagar heime frå skulen med mamma såg stua vår slik ut:

støvsuger 1

 

Det hadde seg nemleg slik at Laurits skulle byggje seg eit sjukehus, med både luft og rønken avdeling ( han har sett i overkant mykje på Newton på Ipad siste tida) , og han mangla «ein» del.

Og som de kanskje ser, så har han leita godt, med god hjelp av broren.

Men etter den søte kløe kjem den sure svie, er det vel eit ordtak som seier, og her som nok i andre heimar er entusiasmen for å rydde like stor som ei potensiell rotfylling.

 

Så kva gjere du?

Jo, man hentar mannjen sin Industri støvsugar i garasjen, som eg i kjøpssøyeblikket ikkje kunne fatte at han trengte, men  som eg i ettertid sjølvsagt vurderer dit hen at ein kvar heim MÅ ha.

Tar så ut posen som ligg inni, og raskar med meg eit par høyrselsvern.

Plugger i kontakta, set to gange høyrselsvern på to gange haud, «and we are good to go!»

støvsuger 2

Det her er ikkje ein effektiv måte å rydde på, då dei største legoane kan sete seg fast, men te smålego fungerer det her finfint 🙂

Og, det er gøy!!

Så, med ryddig stue og eit smil ynskjer eg alle saman ei riktig god helg 😀

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

EIN SKIKKELEG UGLEMORGON

posted on: 12. februar 2015

 

ugle

I dag er ein av desse morningane når kapsel maskina må gje tapt for ei god koke med ekstra krutsterk Friele kaffi.

0440 starta vår morgon i dag, høgst ufrivillig frå mi si side, det skal være ettertrykkelig skriven, men det blåste godt i 4 tida i natt, så reknar med at Laurits vakna av det.

Og da er jo veien kort til å vekke sin kompanjong, eller «partner in crime» og starte dagen med eit smil.

For det skal dei ha gutane, det er ingen her i verden som er meir happy enn Georg og Laurits midt på natta!

Og, om ein skal sjå det fra ei positiv side, kor mange av de kan skryte av at de er blitt sjekka for lus før 0500 ??

Georg tar kommuna sin kampanje mot lus svært alvorlig, og har en svart plastkam med seg, til ei kvar tid.

Han søv faktisk med den, det kan jo komme eit angrep om natta må vite 😉

Gutane våre har alltid sove lite, og får dei ikkje melatonin tilskudd, (som for øvrig er eit kost tilskudd som våre har hatt god effekt av, men som må foreskrivast på resept hos lege) så søv dei enda dårligare.

And mark my words:Noko med det verste du kan seie til ei autismemamma er som følger:

«Alle små born er vakne på natta, dei vekse det av seg skjønar du «

 

Eg svarer ,med kjende ord, her i utheva skrift med feite bokstaver:

«DU VEIT IKKJE KVA DU SNAKKAR OM!!!»

 

Så med 3 kaffikoppen for morgonen, ser eg byggefeltet vakne til liv, og legg ved sangen «Hverdag « av Louis Jacoby, til dykk, den kan vere god å lese i ny og ne 🙂

 

Ha ein flott dag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

HVERDAG

Når en morragretten unge slår seg vrang og rekker tunge
og nekter å ta klær og støvler på.
Når melkeglassa veltes og geitost-maten eltes

mellom fingre som er klønete og små

Så husk at denne dag må du ta vare på
den forsvinner mellom fingra dine nå
en gang vil du savne slitet
da er det for sent å vite;
det er du som gjør din dag og tinning grå

Når skrikinga og skrålet blir litt mer enn du kan tåle
og du kjefter på en glede og en lek
Når du har glemt å leve midt i hverdagen og strevet
og tålmodigheten din har satt sin strek

Så husk at denne dag må du ta vare på
den forsvinner mellom fingra dine nå
en gang vil du savne slitet
da er det for sent å vite;
det er du som gjør din dag og tinning grå

Du er kysten som de en gang seiler fra
si meg hvem er stor og hvem er liten da
Når fremtidshavet ligger som et speil
så blås din medvind inn i deres seil

Når lørda?n blir til søndag, du ber en stille bønn da
om at unga ikke våkner klokka 5
Men Vårherre kan?ke love at du skal kunne sove
når to små kommer inn med morra-klem.

Så husk at denne dag må du ta vare på
den forsvinner mellom fingra dine nå
en gang vil du savne slitet
da er det for sent å vite;
det er du som gjør din dag og tinning grå
 

Med lyd til besvær..

posted on: 11. februar 2015

I dag er Georg og Laurits heime frå skulen, med spysykja! Blærk!Treng eg seie meir??

Både eg og 16 åringen i huset har hatt det, så det var vel eigentleg berre å vente, men alikavell, spysykje er virkelig verste sort!

Så kva gjere man då, med to ikkje helt sjuke, då det verste er overstått, men heller ikkje så friske at dei får lov til å gå på skulen, verken i dag eller i mårra?

Her i huset vert det praktisert 48 timers regel, då vi ikkje ynskjer andre denne spygleda!

Joda, vi tyr til Netflix <3

Vi sett oss rundt forhandlingsbordet, og legg ein plan. For å unngå den største dramatikken er det veldig greit å ha forhandla fram filmtype, tidsperspektiv og tid for byte, og plotta det inn mellom frukost og lunch på dagsplanen. For sjølv om vi er heime så laga vi ein dagsplan, om enn ikkje så veldig detaljert, så i alle fall detalj orientert. En ting kjem de til å bite merke til med meg, planlegging og førebuing er nøkkelen til det meste 😉

Vi bestem oss så for fyrst ein episode med «My little Pony», her vart det harde forhandlingar ei stund, med vi kom tilslutt til enighet.

Så videre til 2 episodar med Bernard (en sånn passe crazy isbjørn som suse rundt og gjere ablegøyer, Laurits ler seg i hel av han) og til slutt avslutte vi ballet med Sauen Shaun!

Greit, eg innrømme det, det var min ide, eg ELSKE Sauen Shaun.

No burde vel alt vere ok tenkjer de, planen lagt, alle er einige.

Georg får oppdraget med å sette på episoden med «My little Pony», og medan han gjere det, så stikk eg på kjøkkenet og sett på ein kapsel med kaffi, urban som eg er 😉

Det tar det eg føle er eit nano sekund, før eg høyre to onga hylskrike, holde seg før øyrene, og springe som dei skulle ha fanden i beina opp trappa.

Det einaste eg fekk med meg var « Det er på daaaaaansk!!!»

Georg har då ved ein feiltagelse satt Pony filmen på dansk dubbing i stadenfor norsk.

Og då er det KRISE!

Eg trudde lenge at det var forandring som gjorde at dei reagerte på denne måten, men etterkvart som eg begynte å legge merke til andre episodar av lignande art, så skjønte eg plutseleg at det var like mykje lyden, som forandring, som gjorde at dei reagerte så sterkt.

Både Georg og Laurits slit veldig med lyd, eller det som kallast sanseinntrykk på fint. Eg kalle det kort og godt å vere «født uten filter».

Dei klare ikkje å flitrere ut inntrykk slik som vi andre gjere, om dei står midt i en samtale, eller for den del får ein beskjed, så høyrer dei alle andre lydar rundt, like godt som stemma til den andre som snakkar.

Prøv å følgje med i ein samtale du, når du høyre klokka på veggen, susinga i røra, den irriterande gnaginga til personen bak deg som ete opp neglene sine, og dryppinga av regnvatn fra takrenna-ute!

Og ikkje minst redselen som kjem når det plutselig oppstår ein lyd man ikkje er forberedt på, som en bil alarm som plutselig går av.

Alle har vi vel blitt «kvept»  en eller annen gang i løpet av livet og omtrent hoppa i taket,med hjerte i halsen og knyttneven klar te hogg! Ingen god følelse sant?

Slikt har gutane mine det heile tida..

Då er vel ikkje rart at terskelen for å bli sleten og sint er «litt» lågare hos mine enn hos funksjonsfriske born?

Mamma Ragne- organisator Ragne-planlegger Ragne syns det her er kjempevanskelig. Det er vanskeleg å skjøne omfanget, krevjande å tilretteleggje og vanskeleg å forklare andre kvifor det er som det er.

Men, vi finn jo våre metodar 🙂

Hørselvern er geniale saker, og gir meistring i situasjonar der vi til vanleg ikkje hadde kunna vere med, som baking eller for den del på nyttårsafta.

Og, oppsøkjing av store folkemengder er vel generelt ikkje eit sjakktrekk 😉

 

Men, merkelig nok, når det kjem til psykedeliske Super Mario lyder og anna torturlignande «hopp på nervane» musikk fra spel (og no tar eg hardt i, det e IKKJE musikk etter min definisjon) der e vi good to go! Nada problemos.

 

Der er det mora som slit!

 

Ha en fin dag der ute!

 

<3<3 Ragne Beate

Georg bake

 

IKKJE TRU ALT DU LES

posted on: 10. februar 2015

Å få eit autistisk barn er eit sjokk, det kan eg skrive under på, eg fekk 2 på ein gang. Tvillingane våre vart henvist barnehabelitering ved 18 mnd alder, og diagnostisert med infantil autisme , eller det som  kallast barneautisme eit par dagar etter at dei fyldte 3. Og lat meg leggje til, vi var griseheldige!!Mange vert ikkje oppdaga før skulealder.

For øvrig så likar eg ikkje ordet barneautisme, misvisande som fy, og skaper mykje misforståing, da ein autisme tilstand ikkje kan sammenlignast med tildømes barneeksem eller barneastma.

Barneautisme er ein livslang tilstand som treng mykje oppfølging, støtte og hjelp, og man veks den ikkje av seg.

Da eg som nydiagnostisert autismemamma vart slengt ut i den store verda, men ein heilt ny tittel-følte eg, så heiv eg meg på det meste av «kurer».

Bestilte kostilskudd her og der, las alt eg kom over av dietter, forskningsrapportar og metoder av ymse slag som skulle kurere gutane mine. Det skulle ikkje stå på meg nei, gutane mine skulle ha det beste av det beste uansett, intet skulle være uprøvd..

Trur de eg sleit meg ut?

Sannheten er at autisme gåten ikkje er løyst, men heldigvis, det vert forska mykje på problematikken.

Og der er ingen her i verda som er meir glad for forskning enn meg!

Dog, ein del av forskningsresultata som vert lagt på nett tenkjer eg og kan takast litt med ei klype salt . Dykk skulle sett mannen min sitt ansikt da han las forsker resultatet på at det var feite menn som fekk autistiske barn 😉

Og eg må seie at eg har fremdeles til gode å møte ei mus med dårlige sosiale antenner og eit dårlig språk.. Piiiiiiiip???

Våre gutar har hatt eit godt utbytte av omlegging av kosthold til melke og glutenfri diett, ikkje fordi dei har autisme, men fordi dei har en intoleanse for melk og gluten.

Ja, dei vart litt mindre autistiske i begynnelsen av omlegginga, men eg tenkjer som så, i ettertid, at hadde eg hatt kronisk vondt i magen over lengre tid, sa hadde eg vel muligens vore litt fraværande eg og. Og ikkje kunne dei sei i frå heller, språklaus som dei begge var.

Denne tida er framleis vond å tenkje  tilbake på.

Poeng: Autismen hos oss forsvant ikkje ved kostomlegging, men det gjorde 20 bleieskift i døgnet !

Vær kritisk når du les på nett, og ta ikkje alt for godt fisk, der ligg mykje som er til for å spele på ei sliten mamma eller pappa sin dårleg samvit..

Anbefaler sjølvsagt varmt autismeforeningen si side på www.autismeforeningen.no  <3

Frem til autismekoden blir knekt, er verktøyene tidlig intervensjon, tålmodighet, kjærlighet, forståelse, toleranse og åpenhet dei mulighetane vi har.

Eg synest vi skal gripe dei eg <3

<3<3 Ragne Beate

Å hjelpe meg <3

posted on: 9. februar 2015

Det er med stor audmjukhet at eg no skriv mitt aller fyrste blogg innlegg på min heilt eigen blogg. Eg har venta lenge, kvidd meg litt, men også gleda meg stort. Litt annerleis og plutselig skrive i den store verda, og ikkje bare på lukka sider, men skjit og, eg hive meg ut i det!FOR EI GÅVE!!

Bloggen blir mykje om autisme, det er ikkje til å unngå. Eg har alltid sagt at den «gjennomgripande utviklingsforstyrrelsen» blir gjennomgripande for heile familen, og slik er det iallefall blitt her heime hos oss, på vondt,men mest på godt <3

Håpet er å kunne avmystifisere litt, informere litt og sikkert sjokkere litt og .

Men mest av alt ynskjer eg å vise at det går ann å leve eit godt liv i «annerleis landet», bare ein maktar å sjå den rette sida .

Sånn då er planen lagt, eg er forøvrig steikje god på planlegging, men eg er og like god på omplanlegging, så vi får sjå kor det bære seg åt det her 🙂

LET THE GAME BEGIN

<3<3 Ragne Beate

Autism <3 Different NOT less <3