Entries from mars 31st, 2015



Barnetv møl

posted on: 31. mars 2015

Hallo hallo!

 

Håper ferien går greit for de alle 🙂

Ferietid kan være krevjande for familiar med born som har autisme, og spesielt høgtider om inneber forandring og ikkje minst pynting..

Ein påskekylling er ikkje alltid  rett i ei stue skjønar de 😉

blogg 31 mars

AS Larsen er still going strong og har hatt ei kjekk påske sålangt.

Eg har gangsperre på plassar eg ikkje visste det var mogeleg etter ein trampoline marathon på 90 min sammenhengande i går, ti l og med i kjeven kjenne eg det..

Men det e vel noko med det, etter eit par fødslar så må en berre knipe der man knipe kan på eit slikt hoppande monster ;);)hoho!

Ferietid betyr tv, slik er det berre. Ikkje heile tida sjølvsagt, men med tidvis dårleg ver, så er både tv og Ipad ein kjærkomen avveksling.

Og her kjem man innpå dagens tema. MØL PÅ TV!

Kva er møl? Møl skal eg definerer gjennom min pappa, som kvar einaste gong det kom noko på tv som han tykte var heilt på bærtur når vi var små, så blåste han hardt ut gjennom nasa, rista på haudet så vi trudde det skulle dette av, og utbraut : «For noko møl!!»

Og no er eg ikkje hakket betre sjølv! Ligg tydeligvis noko i arv og miljø?

Med møl så meiner eg dette barnetv som går på ein del av desse kanalane over 64 her i heimen, som kun går ut å på kriging, brøling og anna fjas som eg ikkje skjønar ein skjit av.

I alle fall, det e heilt utruleg kor mykje elendig barnetv underholdning det finnes på tv og på nett, og ikkje minst kor lett tilgjengeleg det er.

Du kan ha kvar en einaste av foreldrekontroll i boka, men jaggu vert ikkje borna utsatt for det merkeligaste greier alikavel!

Eit anna eksempel som ikkje er møl, men som kan gje visse utfordringar er programmet Newton.

Eg likar Newton, og eg likar NRK Super, sjølv om eg har ei høne og plukke med dei når det gjeld deira tidvise ekstreme facinasjon for «promp»- noko som er lett overførbart til kjekker gutar på 7 år,men som diverre er tyngre avlæringmessig.

Newton kjem med utruleg mykje interessant informasjon som born kan lære av.

Vi har blant anna lært Kong Sverres Saga via Newton, vi har høyrt om oversvømmelsen i Norangsdalen- og vi har blitt utsatt for pubertet.

Jada, eg veit at Newton går etter klokka 7, og at det er mi fordømrande plikt å fylje opp kva gutane ser på tv.

Men kvifor ligg programma om pubertet ilag med Kong Sverres saga og oversymjinga i Norangsdalen på nett?

Eg er av den oppfatning at det er ikkje alt born treng å vite. Dei skal sjølvsagt få svar om dei spør, men treng born på 7 år å vite at vi har ei biologisk klokke som gjere deg frå liten til stor på 18 år?

Eller alt som skjer med kroppen, som sagt når ein er 7 år, eller korleis babyar blir laga?

Uæææ!!! Godt mogeleg det berre er meg, men eg kjenner eg får bye!

Blogg 28 2

Nei takke med til «Marit og dyra» og ikkje minst «klart eg kan»!

Og for all del, gje meg gjerne ei dose med Sauen shaun:)

Då ler vi oss tullete heile gjengen!

Men lat oss sjå det frå den positive sida , eg har ein fordel ikkje alle andre har.

Når eg får spørsmål , eller kommentarar eg ikkje alltid er heilt klar for å svare på, så har eg eit standard svar:

 

«Du får spørje han pappa når han kjem heim att frå sjøen» ;);)

 

Ha ein flott tirsdag 😉

 

Lattermild  <3<3 frå Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

Tidleg intervensjon- vi er dei heldige!

posted on: 29. mars 2015

God palmesøndag!

Her i huset er kotelettane i ovnen, og lukta brer seg i heimen.  Gutane har vore ute og leika litt med kom fort innatt, regn og surt her hos oss i dag.

Eg tenkte eg skulle skrive eit innlegg i dag om tidleg intervensjon, altså den tidleg oppdaginga av autismespekter forstyrringa,i gangsetting av EIBI modellen, og  kva det har gjort for oss.

Kort fortalt vart vi oppdaga og henvist barnehabelitering då gutane var 18 mnd.

Forut av dette hadde eg vore bekymra lenge, over eit år. Allereie da gutane var 3 mnd merka eg forskjell frå korleis eldste guten min var på same alder. Då trudde eg det var hørselen.

Premature fødde som dei var ,ikkje mykje, men det er jo ein grunn for at born skal vere 40 veker i magen ikkje sant?

Likeins såg eg forskjell på mine sine og dei andre borna på barseltreffa eg var med på.

Mens dei andre pludra med sitt og interessert fulgte med kva dei andre borna gjorde, så låg mine sine og kava på kvar sin ende av rommet, ofte vendt vekk i frå dei andre borna, og garantert på veg mot ein potteplante eller noko dei kunne rive ned.

Eg sa ikkje så mykje eigentleg, lufta sjeldan mi bekymring, for når eg gjorde det så fekk eg til svar:

« Alle born er forskjellige, min gjekk ikkje før han var 2 år i alle fall»

« Slapp av Ragne,det e maaaange born som ikkje seier mamma før dei e laaangt over 1 år»

Eller, standard svaret: « Ragne då, dei er jo tvillingar, dei har heilt sikkert eit eige språk!»

Vel, hørselen vart sjekka, polyppa og mandlar vart operert, men språket kom ikkje..

blogg 29 mars 2

Heldigvis har eg ei fantastisk kjekk helsesøster som tok meg på alvor og som sendte oss vidare til ein logoped.

Det var denne logopeden som vart redninga vår og som gjorde at vi vart henvist.

Eg e dei begge evig takknemleg den dag i dag!

Sogn og Fjordane sitt sjukehus i Førde kunne ikkje på denne tida utrede autisme sjølve, så vi vart satt på venteliste for å få Autismeteamet frå Haukeland til å komme å utrede gutane. Det tok faktisk eit år.

MEN: Det barnehab i Førde gjorde, som eg verkeleg skulle ynskje at alle som får mistanke om autisme får tilbod om, var at dei satte i gang EIBI modellen i barnehagen. EIBI er  same  modell som TIOBA.I Førde får alle born som det er mistanke om autisme denne oppføljinga, det var ikkje berre oss altså 😉

TIOBA står for Tidleg og Intensiv Opplæring Basert på Anvendt atferdsanalyse og EIBI  betyr Early Intensive Behavioral Intervention.

For at dette blogg innlegget ikkje skal verte på 8 A-4 ark, så legg eg ved ein link om kva TIOBA er, så den som ynskjer det kan lese om det.

http://www.glennesenter.no/tioba/

Kort fortalt går EIBI ut på å trene bornet- mekanisk innlæring- det vanlege born med normale sosiale evner automatisk lærer av andre.

Ein tilpassar opplegget til det enkelte born, og man har i stor grad sett stor framgang med borna når ein finn rett måte å trene dei på 🙂

Eg vil legge til at eg veit og kjenner foreldre som har born som ikkje har profitert på EIBI eller TIOBA, men som treng andre tilnærmingsmåtar for å trene.

Uansett kva ein kallar modellen, uansett korleis den blir gjennomført, poenget er:

KOM I GANG SÅ TIDLEG SOM OVERHODE MOGELEG!

Eg ser på mine born, utviklinga dei har hatt , frå å være språklaus, til i dag ha eit språk, til å klare så mykje som dei gjere, sjølv om dei sjølvsagt treng  svært mykje hjelp og vaksen støtte og det kontinuerlige tilsynet 24/7. Det er heilt utruleg!

Nei, alle born med autisme får ikkje språk, men mange har evner til å utvikle det, berre dei får hjelp <3

Eg er så glad for at vi kom i gang så tidleg som vi gjorde, for at vi traff akkurat dei menneska vi gjorde , som hadde vilje til å ville lære, som hadde tålmodigheta til å gjennomføre, og som ilag med oss opplevde og jubla for kvart eit framskritt gutane våre gjorde og gjere!

 

Og, eg veit at vi hadde ikkje vore der vi er i dag, utan den tidlege intervensjonen!

blogg 29 mars 3

Stol på magefølelsen de har,  og ikkje bry dykk om kva alle andre meiner , tenker og trur!

Har ein mistanke, få utredning, ikkje vent!

Og få satt i gang tiltak.

Det kostar pengar for kommunane, det er tidkrevjande som fy, man må jobbe steinhardt i mnd etter mnd , kanskje utan synleg resultat, men plutseleg ein dag, så kjem det!

Og då kan eg love dykk at kvar ei tåre, hyl og fortvilelse har vore verdt det!

 

Har vi eigentleg råd til å ikkje prøve???

 

Ha ein flott søndag alle saman <3

 

<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Tulling med tid og «votte problematikk»!

posted on: 28. mars 2015

God morgen <3

 

Det er lørdag, påskeferien for gutane er i gang, og vi har alle 5 gutane våre heime denne påskeferien:)

Ferien er planlagt så godt som det lar seg gjere, så vi satsar på ei ok gjennomføring denne gongen.

Som de sikkert har skjønt så fryder forandring lite 😉

Det er to ting eg verkeleg hatar her i verden.

Det eine er lever i brun saus. Eg taklar ikkje lever i brun saus! Kjenne eg vert fysisk dårleg berre med tanken.

Det andre er dette «stilling av klokka» fenomenet vi på død og liv må gjennomføre 2 gonger i året i dette landet.

Kvifor må ein trumfe igjennom slike tortur verkemiddel kvart eit einaste år, som gjere min nattesøvn- som i utgangspunktet er dårleg – til å verte endå meir dårleg.

De skjønar det, eg har ingen time å gje eg i natt eg!

Dette med årstider og forandring er krevjande nok for gutane mine.

Dei har lært seg kva som er sommar månadar, vinter månadar, vår månadar og haustmånadar.

Det lærte dei i barnehagen, det såkalla årshjulet.

Men, kan man bruke vinterdress i ein vår mnd?

Brukar man hue  når det faktisk er blitt sumar mnd?

Når ryke strømpebuksa, er det i vår mnd, eller i sumar mnd?

På vestlandet kan vi risikere å ha ned i mot 10 grader og regn i begynnelsen av ein såkalla «sumar mnd» , noko  som i kombinasjon med vind faktisk kan kvalifisere til ei strømpebukse under den tynne joggebuksa.

Og lat meg ikkje gløyme «votte problematikken»!

Kvart einaste fordømrande år så har vi same styret. NÅR SKAL VOTTANE PÅ?

Skal dei på om hausten? Når det regnar og bles?

Skal dei på om vinteren? Når det framleis regnar og bles, men vi sjølvsagt kan vere heldige eller uheldige , kjem litt ann på korleis man ser det, at ein kan få litt kvitt på marka?

Skal dei vere på om våren? Når det sjølvsagt framleis regnar og bles?

De anar ikkje kor mange og ikkje minst lange diskusjonar vi har om den her votteproblematikken..

Vi kjem som oftast til ei eining, eller det vil seie at eg set ned foten og gjennomfører eit «votte regime».

Men eg må passe meg og for kva eg seier.. for når våren kjem, det vert mildare i veret, det vert lysare kveldar, kan man då ta vottane av mamma?

Du sa jo at dei måtte vere på om våren og, og våren varer heilt til mai….

Eg skjønar godt at austlandet vart forvirra på torsdag 😉

blogg 28 mars

(Unnskuld, eg måtte bare, eg veit de hadde enorme snømengder )

Eg seier NEI til stilling av  klokke, eg er heilt sikker på at vi hadde hatt eit heilt greitt og kvalitetsfullt liv om ein kun hadde ei tid å forholde oss til året rundt!

Når det gjeld votte problematikken, så tenkjer eg at eg skal innføre ein «heilårsvott»

Eg har berre ikkje helt løyst gjennomføringa endå 😉

 

Ha ein FLOTT laurdag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

Kan man bli akkurat det man vil?

posted on: 25. mars 2015

Sola skin <3 Eg blir så glad inni meg når eg vaknar til blå himmel og sol, måtte vi få ha det lenge, i alle fall til i morgon  😉

I går var eg som på teater ilag med mamma, eg gav ho denne biletten i bursdagsgåve i fjor, og i går var dagen for å bruke gåva.

Teater stykket  «Det merkelege som hende med hunden den natten» sto til forventingane og meir enn det!

blogg 25 mars 1

«Teateret vårt» frå Molde gjorde ei solid tolkning av teksten, og eg må seie at å være skodespelar og spele autist i 1 time og 40 minutt, står det sanneleg meg respekt av!

Så om nokon av dykk kjenner skodespelarar i denne gruppa, så gje dei ein stor tommel opp frå autismemamma Ragne Beate!

Eg ynskjer ikkje å avsløre så mykje av handlinga i stykket då det kan være fleire av dykk som vil sjå det ved eit passande høve, men det får deg til å tenkje, spesielt på framtid, og det får det til å reflektere over mogelegheter kontra utfordringar.

Kor havne bornet mitt tilslutt? Kva kan vi forvente, kva kan vi ikkje forvente, tør vi håpe? Kan dei klare å verte akkurat det dei vil?

Eg trur ikkje eg er aleine når eg seier at ein får seg nokre slag i magen avogtil, spesielt når ein møte jamnaldringar av borna sine, og ein så tydeleg ser forskjellane- slik det kunne ha vore, og slik det er.

Sorg kallast det(eit heilt anna blogg innlegg, som kjem når eg er klar for å skrive det) og er ikkje ein god kjensle!

Eg ser på meg sjølv som ein realist, mogeleg ein litt pessimistisk realist, då eg heller forberede meg på det ,om ikkje verste ,så i alle fall litt verre enn kva det kanskje blir, sånn at eg kan heise flagget om det ikkje blir så «gale « som eg i utgangspunktet forestilte meg 😉

Veldig greitt ikkje sant, rusta for det meste!

Om mine born kan bli akkurat det dei ynskjer? Nei, eg trur nok ikkje det, på lik linje med at eg sjølv heller ikkje kan bli alt eg ynskjer..

Eg kan tildømes ikkje bli reknskapsfører, uansett kor mykje eg enn skulle ynskje at eg kunne det. Eg skjønar ikkje tall, har aldri gjort det, og kjem aldri til å gjere det. Tall er gresk for meg.

Men det betyr ikkje at eg er mindre verdt som menneskje alikavel! Der er mange andre ting eg kan vere og er kanon god til, og som kan gjere mitt liv rikt, gje meg verdifulle erfaringar og gje meg eit liv som eg er lukkeleg i 🙂

Slik tenkjer eg om mine born og.

Dei kjem til å møte mange nederlag på vegen sin mot  å bli vaksen, og kjem nok mogeleg i større grad enn andre til å få draumane sine knust.

Men, om ein jobbar mot ei felles målsetning, opprettheld gode dialogar med hjelpeapparat, er open om utfordringar, men samtidig massivt støttar opp om dei gode kvalitetane som finnes, så kan ein nå utruleg langt alikavell!

blogg 25 2

 

Om ein enn opplev at ein ikkje kan verte akkurat det ein ynskjer <3

 

 

 

blogg 25 mars 3

 

Ha ein flott onsdag!

 

<3 <3 Ragne Beate

 

PS: Kjem «Det merkelege som hende med hunden den natten» på ei scene nær deg, så for gud skuld : MØT OPP!! 😉

Ein tur tilbake i historien

posted on: 22. mars 2015

Hei <3

Håpar de alle har hatt ei flott helg, her på Vestlandet er det vilt og vått for augneblinken, regelrett eit fantastisk fint ver ute-til å vere inne i!

Mannjen er reist på cup med 9 åringen vår, og tvillingane og eg held fortet heime.

Å ta dei med på cup for å sjå broren fungerar diverre ikkje,då inntrykk og folkemengde blir for mykje for dei, så her må vi dele oss.

Men, om vi må gjere forskjellige aktivitetar i dag så hadde vi ein flott tur i går til Ervik på Stadtlandet og gjekk i fotspora til skipsforliset av hurtigruta «Sanct Swithun» som forliste 30 september 1943, da det vart skutt av allierte bombefly.

blogg 22 mars 5 -1

Gutane mine elskar historie, kva som fengjer dei har eg ikkje heilt klar å skjøne enda, men det har ein samanheng med tall, historisk sus og fakta.

Fakta er viktig!

blogg 22 mars 4

Man tulla ikkje med fakta, eller eg gjere jo det innimellom for å teste dei, like artig kvar gong, eg vert «arrestert « så det syng etter;)

Første stopp på turen vår enda hos eit vennepar på Stadt, der mamma fekk seg ein kopp kaffi, og gutane fekk leika med akkurat same leikane som dei leika med når vi var der for 1 år sida, viktig å ikkje bryte rutinene 😉

Så gjekk turen til Ervik gravplass, og kapellet som vart satt opp i 1972 , til minne om de omkomne etter forliset.

Å være i Ervik ,stå på gravplassen, sjå ut over storhavet som kjem inn, det er ein mektig følelse.

blogg 22 mars 3

Tenk kor mange skjebner Stadthavet har slukt oppigjennom tidene, kor dei har kjempa for å klare seg ute i havgapet, det det ikkje fantes anna alternativ enn å få færingen på havet for å kunne brøfø familien sin.

blogg 22 mars 2

Gutane går erbødige rundt på gravgården, ingen roping eller springing, dei sett seg ned, les på gravsteinar, registrer årstall.

blogg 22 mars 10

Litt lenger nede ser vi surfarar som gjere seg klare til ein tur ut i bølgjene.

Stadhavet rommar også noko med dei beste surfebøljene ein kan få- har eg høyrt.. du får ikkje meg på eit plastikkbrett på Stadhavet, det kan eg love dykk!

Så går vi vidare opp fjellsida til Hovden, eit anlegg tyskerane bygde under krigen, med tunellar og utsiktspostar.

blogg 22 mars 6

Det vart litt skummelt for oss å gå gjennom tunellane, då vi ikkje hadde med oss lommelykt, og mamma sin  mobil ikkje lyste tilstrekkeleg opp, men vi gjekk fort igjennom og fekk sett ut frå utkiksposten.

blogg 22 mars 7

blogg 22 mars 8

Viktig å strekke seg litt og, oppleve og mestre!

Når det er sagt, så skulle eg gjerne ha vist de bilete frå toppen av Hovden, garantert vore eit spektatulært syn både for den eine og den andre, men no har det seg slik at på vegen opp mot toppen av Hovden så møtte vi ei geit.

Ja, ei geit, og eg overdriv vel ikkje når eg seier at den nok var ein meter- mellom augene – og hadde stoooooore horn.

«Ei sjefsgeit»- Konkluderte Georg med.

Vi tok eit kjapt familieråd, virkeleg kjapt, sida sjefsgeita viste teikn til å bevege seg, og vi drog slutninga dit hen at vi var meir redd ho enn ho var oss, så vi begynte på returen.

Vel nede i bilen bestemte vi oss for ein pitstopp innom Vestkapp, men der fant vi skilt med vinterstengt, så det tar vi igjen når det blir sommar tenkje eg:)

blogg 22 mars 9

Med ein bil som neppe vert den same etter å ha fått ei heile flaske iste i setet, tre fornøgde gutar og ei litt sleta mor returnerte vi tilbake til Holvik.

 

Særinteresser kan være ein god ting, berre ein klarar å finne mogelegheiter til å bruke dei konstruktivt 🙂

 

Different, but NOT less!

 

Ha ein fin søndag alle  <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Vegen mot målet og kampen for å få lov til å være der-korleis investerer du?

posted on: 20. mars 2015

God ettermiddag alle saman, jammen er det ikkje fredag igjen <3

I dag har eg lyst å skrive litt om to «kampar» som eg trur mange foreldre vil kjenne seg att i, og ikkje nødvendigvis berre autismeforeldre, eg trur nok det her er gjengs over heile linja i «anneleis landet».

Eigentleg likar eg ikkje ordet «kamp», men eg finn ikkje anna ord å bruke nett no. At heile livet er ein kamp blir liksom så frykteleg negativt lada, og det er ikkje sant heller, for annerleis livet er både morosamt, svært givande, lærerikt og fylt med ein gjennomgripande kjærleik.

blogg 20 mars 3

Men vi må gjennom nokre «slag» vi foreldre for at borna våre skal få kome seg dit hen at dei har mogelegheit til eit verdig liv.

Mitt overordna mål er eit verdig liv, det ligg støtt i mitt grunnfundament.

Ofte oppstår det eit problem , som gjere at man må inn å kjempe for å få økte ressursar. Dessverre.

Kvifor må det alltid skjære seg før ein tar tak? Merkeleg opplegg, trur vi alle hadde profitert på å gått litt meir etter «føre var» plakaten.

Men no er det no enn slik at ein somoftast har ein sak som har oppstått, og her må det gjerast tiltak.

Eigentleg er denne kampen ganske grei å ta sånn sett, ein har jo utgangspunktet, hendinga, saken, og man legg føringane sine etter det, argumenterar, søkjer, går på møter og løyser denne floka, og finn ei minnerleg løysing for alle partar.

Du tuslar heim, godt fornøgd 🙂

Tiltaket vert iverksett, og det FUNGERER!

Kor fantastisk er ikkje det?  Ting går på skinner, alle saman er så fornøgde, både heim og andre rundt, bornet blomstrar, og dei pårørande senkar skuldrane litt..

Veit du kva? Da tenkjer eg vi tar vekk tiltaket, det kostar tross alt ein god del pengar dette, og det er jo heilt tydeleg at bornet no er over det verste, så då tenkjer eg vi brukar denne ressursen på anna vis.

blogg 20 mars 1

GABOOOM!

Der kom kamp nr to, dette er virkeleg den krevande biten, for nå skal du inn å forsvare eit tiltak som fungerar, og prøve å få dei som sit på  pengesekken til å skjøne at grunnen til at det faktisk fungerar så godt som det gjere er nettopp på grunn av den investeringa som vart gjort i form av rett tiltak,etter kamp nr ein.

Tenkt dykk at de har 100000 kr på konto , og ynskjer å sette desse pengane i eit aksjefond for å spare til pensjon.

Det er eit langsiktig fond, men langsiktig sparing, og ein vil ikkje få avkastning av fondet før det har gått ein 8-10 år.

Ville du få noko avkastning av desse pengane om du etter 2 år tar det ut? Eller at du tappar det litt etter litt for pengar, kanskje ein 1000 lapp i gongen?

Svaret er nei, skal du få den avkastninga du ynskjer, så må pengane stå den tida det trengs for å gje den avkastninga.

Slik tenkjer eg at det også er med barn som treng ressursar, og det lisje ekstra.

Ein må velje å invistere i dei tidleg, sette inn det dei treng når dei treng det, la dei få bevare ressursen til dei ikkje treng den lenger, til ein har fått bygd opp fundamentet rundt dei, slik at dei er rusta til å kome ut i verda vår og vere ein del av den, så sjølvstendig som overhovudet mogeleg, til dei kjem i mål!

Er det ikkje her besparinga ligg for AS Noreg?

10 -15 år med investering , for 60 år med avkastning.

Avkastning i form av sjølvstende, livsglede, og mestring.

 

blogg 20 mars 2

DET HADDE VORE NOKO DET!

 

God helg alle krigarar der ute 🙂

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

Kurert frå autisme ved å leggje om kostholdet, seie du???

posted on: 18. mars 2015

Hallo hallo verda der ute <3

Eg har vore litt innom temaet eg skal skrive om før, eg snakka litt om det at man ikkje skal tru alt man les på internett, og i den forbindelse så snakka eg litt om at gutane mine har ein matintorelanse mot gluten og mjølk, og at vi difor måtte leggje om kostholdet deira.

I formiddag sat eg forran dataen og sveipa gjennom Facebook, hadde sjølvsagt studert hardt i fleire timar, så ei slik pause var hardt påkrevd (…kremt)

Der kjem eg over ein artikkel med overskrifta :

«Diett mot ADHD og Autisme, spiste seg friske»

Eg kjenne eg får nyrenoll! Forøvig eit anna flott utrykk eg har lært av min kjære farmor, eg har eigetleg aldri heilt skjønt va ein nyrenoll er, men det har aldri vore brukt i positive vende , så eg tenkjer det passar godt inn på korleis eg følte det etter å ha lest artikkelen.

Det skrik i heile meg! NEI NEI NEI!!!

Beklager, men man kan ikkje ete av seg ein «medfødt gjennomgripande utviklingsforstyrrelse».

At ein kan få det betre med diett, ja, det skal eg ikkje krangle på, så lenge ein treng det for ein intoleranse eller allergi.

Man gir vel ikkje nøtter til eit born med nøtteallergi, logisk nok?

Nokre born tåler ikkje til dømes vaniljesukker, foreldra vert heilt hysteriske om borna får det i seg, då dei etter kun kort tid er lokalisert i ein taklampe, heller enn beina godt planta på dørken.

Her vil ein jo få ein adferdsendring når bornet ikkje får tilgang på vanilje sukker!

Andre tåler ikkje e- stoff, eg har høyrt frå andre som har born med ADHD at dei reagerar negativt på blått smågodt for eksempel, at dei kan verte meir hyper.

Eg anar ikkje om det stemmer, eg har lite erfaring med ADHD, men muleg det ligg noko i det?

Og får du i deg gluten og mjølk, når magen din ikkje tåler det, så vil du vel verte meir opplagt og happy når du ikkje får det i deg, sida du ikkje lenger har smerter meinar eg?

Eit sunt og variert kosthold er sjølvsagt ikkje noko gale med, og noko vi som vaksne må bestrebe å gje borna våre.

Men de skjønar det ,at her har vi autismeforeldre eit litt anna utgangspunkt enn andre foreldre.

Mat er nemleg for mange born svært vanskeleg, og det hjelp ikkje å seie  at dei bare skal skjerpe seg og ete det dei får!

 

18 mars 3

 

Mange foreldre sit med born som er så særspiste at dei ikkje klarar å ete anna enn ein sort mat i gongen, i veker av gongen, kanskje månader, eller mogeleg år.

Det er eit faktum.

Born som må ha tallerkenen organisert på sin eigen spesielle måte, og viss sausen kjem borti ertene, så er dagen øydelagt.

Også eit faktum.

Foreldre som jublar stille og andre gonger høgt dei gongane avkommet har prøvd noko nytt.. eller dei som er like stille fortvila og opprådde over at ein omtrent ikkje klarar å få i bornet sitt mat.

Eg hugsar endå den gongen vi fekk ein av våre til å ete potet.

Tårene rant!

Alle desse eksempela eg no ramsar opp er svært aktuelle, og fordøyelses systemet anten det er snakk om det som skal inn eller det som uunngåeleg må  ut, så er summen at det  er eit gjennomgåande problem for familiar med born med autisme.

Og folkens, med tanke på kor mykje ressursar ein familie med autistiske born treng, både menneskeleg og økonomisk, hadde vi ikkje fått kasta ein meny på blå resept etter oss om ein kunne beviseleg kurere autismen med noko så enkelt som MAT??

Åh! No skriv eg så eg vert svett her!

Blogg 18 mars 1

Pust inn pust uuuuut!!

 

Eg håpar de tenkjer kritisk, eg håpar det ikkje lar dårleg samvite ta bustad i kroppane dykkar når de les slike artiklar, og tenkjer på dykkar eige gull som kanskje kun et kalde pølser for augneblinken.

Der e tusen andre kampar de kan ta!

blogg 18 mars 4

 

Eller kva seier de????

 

<3<3 frå ei uberengasjert Ragne Beate!

 

 

 

 

 

 

«Hvorfor hopper jeg»-har du lest den eller??

posted on: 16. mars 2015

Hei og hopp! Veka er over oss igjen, helgas festivitas er over, og kverdagen bankar på døra:)

blogg 16 mars 3

 

Ein med laktose og ei utan <3

Eg er ein uforberedeleg bokorm. Det seiast at nordmenn blir født med ski på beina, eg kom nok heller til verda med ein bok i nevane.

Heilt i frå eg var lita har eg begravd meg i bøkenes verd, det gjekk og går mykje i krim.

Hugse godt den gongen eg «stjal» Ken Follett si bok «Nålen» frå mamma si bokhylle og las den under dyna med lommelykt.

Boka var nok ikkje heilt egna for ein 13 åring nei, men herlighet kor spanande det var!

Sida den tid har det vorte mykje krim, det har det, men også ein god del fagbøker sjølvsagt.

Fleire har spurt meg om kva eg tenkjer er god litteratur å lese for å skjøne litt meir om autisme, og eg tenkjer da med ein gong på boka:

«Hvorfor hopper jeg»

blogg 16 mars

Boka er skriven av ein 13 år gammal japansk gut, som har autisme, utan språk.

Han har fått hjelpt til å formidle korleis han han har det, og han teiknar eit krystall klart bilete på korleis han oppfattar tid, sted, skjønnheit , følelsar og naturen.

Boka greip meg som fagmor, som mamma og som Ragne Beate. Sjeldan har eg flira høgare, for seinare å la tårene trille, og sjeldan har eg fått så mange «aha!! Derfor dei tenkjer slik altså»

Sjølvsagt er ikkje alle born like, men nokre fellestrekk kjem att, og det er heilt merkeleg kor du klarer å identifisere deg med denne guten på 13 år.

Og aller best av alt, eg føle virkeleg at når man har lest boka, og klappar ho att så sitt du der med den vissheita om at borna dine har empati, dei har humor, livsglede og fantasi, dei treng berre hjelp til å klare å formidle det..

Og som mamma til born som tilslutt fekk språk, så føle eg sterkt på at borna med språk også treng denne hjelpa.

Vi vaksne er nøkkelen, hjelpemiddelet og løysninga til borna våre ,for å lære dei strategiar, slik at dei får utrykkt det dei ynskjer og føle.

Med oss på laget treng vi forståelse frå omverda.

Boka er lettlest, engasjerande, opplysande og nær .

 

Les den <3

 

Mandagsklem frå Ragne Beate <3<3

 

 

 

 

Eit blogginnlegg om Ragne Beate- uten autismerelasjon

posted on: 14. mars 2015

Hallo hallo 🙂

 

Her kjem ei lita oppdattering fra fruen i huset, som ikkje inneheld autisme i det heile tatt 🙂

Sola skin folkens! Kor fantastisk er ikkje det?  Det er vel tett på at vi vestlenningar møtast på butikken og snakkar om den fantastiske vinteren vi har hatt, det trengs berre ein dag som det her for at vi går inn i «gullfisk minne modus» og gløymer at vi har hatt ein mnd samanhengande med regn og storm.

I dag tok eg og mannjen oss ein tur på fjellet aleine, og for ein fantastisk natur vi har her ute når veret spelar på lag <3

Blogg 14 mars 1

Det er tett på at D vitaminane dansar salsa i kroppane våre, man får ny energi, og livet smile til oss!

Blogg 14 mars 2

HERLEG!

 

I kveld får vi eit venepar på besøk, det er ikkje ofte vi har mogelegheit til slikt, så gleda er ekstra stor når ein får det til 🙂

Jakob og søskenbarnet rotta seg i hop, og fekk felles overnatting hos mormor og morfar i natt, vi er heldige som har foreldre som er friske, og som stiller opp!

Tusen takk mamma og pappa, eg er veldig glad i dykk!

blogg 14 mars 3

 

I kveld skal vi ete tapas og kose oss, og nyte min siste dag som 34, i morgon står tallet 35 på min tidlinje..

Rart, kvar vart tida av?

Men men, tid er relativt har eg hørt og berre eit tall, eg står han vel av denne gongen og 🙂

 

Ha ein flott laurdag uansett kva dine planar er <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

Avlastninghelg ..

posted on: 13. mars 2015

Hei og hå!

Endeleg tid til å skrive litt på bloggen min, vore ei svært hektisk veke med tannlegetur til Møre med Jakob, BUP møter, masse telefonar i hytt og gevær til kommune, NAV og sikkert vore innom Jørgen Hattemaker og.

Nokre periode er bare slik, her er mange trådar å holde styr på hos oss.

 

Denne helga er det det avlastningshelg. Vi har innvilga ei helg kvar 4 veke, der Georg og Laurits er i kvar sin familie.

Eg huske kor langt inne det satt å klare å ta i mot avlastning.

I eit innlegg tidlegare skreiv eg om dette med å gjere barnet ditt «hjelpbart» for fremtida.

Eg måtte sjølv igjennom den prosessen. Å gjere Ragne Beate «hjelpbar».

Dama som har fiksa det meste sjølv sida ho var ein neve stor, som reiste i militæret som 19 åring, og knapt såg seg tilbake, som 23 åring vart stemamma til to små gutar, og måtte plutseleg legge om heile livet, og 28 åringen som plusteleg satt med 3 veke gamle tvillingar og ei mann som var reist te Angola på jobb!

Eg måtte klare å snu det å ta imot kommunal avlastning frå å være eit  følt nederlag, til å gjere det til min styrke, vår styrke.

blogg 13 mars 3

Og det har vi også klart no.

Gutane våre er i 2 forskjellige heimar, Laurits er med mormor og morfar, og Georg hos ein annan fantastisk kjekk familie.

Dei får oppleve forskjellige ting og dei får pause frå kvarandre. Noko som også er eit pluss.

Men den store vinnaren av avlastningstiltaket er ein flott gut ved namn Jakob som er 9 og eit halv år og verdens største helt!

Og det var og grunnen til at eg tilsutt tok imot avlastning. At han skulle få denne tida med oss vaksne aleine, eg innsåg kor utruleg viktig det er!

Ei helg i mnd som er bare hans.

Denne helga har han hooka opp med søskenbarnet sitt som kjem på overnatting, bestilt taco til kvelds og planlagt filmkveld.

 

Herleg normalt ikkje sant?

 

Avogtil kan det å gje litt slepp være ein god ting , og det som du såg på som eit nederlag og ein stor bøyg ,faktisk vart det som styrka deg mest:D

Eg tenkjer eg er ei betre mamma med avlastning 😀

blogg 13 mars 2

 

GOD HELG <3

 

<3<3 Ragne Beate