Korleis gjere barnet ditt «hjelpbart»?

2. mars 2015

 

Vore stilt på bloggen min denne helga, eg har vore på seminar i regi av Autismeforeningen i Møre og Romsdal.

Heldige meg har gode venninner i nettverket mitt som drar meg med både her og der, og som einaste Nordfjording møtte eg opp i Kristiansund.

Temaet var «Skulevegring blant barn med autisme» og «Sjølvforståelse».

To utruleg viktige tema å kunne noko om når ein har barn med autisme.

Kurset var meget bra, og eit flott arrangement av AIN Møre og Romsdal sitt styre.

Sende en stor tommel opp til nabofylket! STOLT AV DYKK!

Eg vil skrive litt meir om mine opplevingar rundt tema litt seinare i veka, eg føle det må få modnast litt.

For de skjønar det, at denne dama her lærer like mykje av likemanns samtalane med folk i pausar og på kvelden som dei aktuelle tema som vert presentert på ei scene, slik er eg berre bygd.

Og diskusjonssky er eg ikkje, så vore mang ein artig samtale.

Det som set mest igjen er samtalane eg hadde om å gjere barn med autisme «hjelpbar».

Eg har sjølvsagt vore innom slike tankar, men eg har ikkje heilt sett viktigheita av å gjere det. Mogeleg eg har tatt det for gitt at ein som vaksen vil godta hjelp?

Til meir eg tenkjer på det, til meir ser eg kor eg må legge vekta.

Bestrebe å gje barnet sjølvtillit, tryggheit og nok støtte også vinkla mot prosessen med å verte vaksen, slik at dei klarer å forstå at det ikkje er nedverdigande å få litt praktisk bistand, men heller eit ledd i ein heilheitleg tankegang om at man kanskje på sikt ikkje treng så mykje? Og om man gjere det så er det ikkje eit nederlag det heller ?

Å motivere til å klare å tenkje i dei baner at man kan klare så mykje, også utan mamma og pappa, men kanskje med hjelp frå ein annan?

Eg skal nok innrømme at eg er ein person som nok helst vil ordne det meste sjølv, løve mamma som eg er.

blogg 2 mars 2

Ein ny  prosess for meg, men ein prosess eg i mitt hovud skal begynne på.

Frå  å tenkje : « Korleis skal dette gå den dagen eg ikkje er her lenger?», som er ei typisk problemstillig eg kvernar rundt, så skal eg heller byrja å tenkje  «Korleis kan eg ruste dykk så godt at den dagen eg ikkje lenger er her, så er de så «hjelpbare» som de kan bli?»

blogg 2 mars 3

» Alltid liten sjølv om man blir stor for mamma »

 

BRING IT ON <3

 

Korleis kan du gjere dykk «hjelpbar»?

 

Engasjerte <3<3  frå Ragne Beate

  • Helga Iren

    Dette er så viktig Ragne, og som deg sit eg også igjen med mange tankar om akkurat dette å vere hjelpbar. En ting er at våre skal bli hjelpbare, men er vi, som foreldre hjelpbare? Eg veit at når ting går trått går MI rullgardin også ned, og eg er ikkje så mottakelig, korkje for input eller hjelp. Ergo; når eg treng det mest er eg lite, om i det heile, hjelpbar!
    Takk for laget Ragne, det er alltid ei fryd, berikande og lærerikt

  • ragne

    Takk det samme Helga <3 Spesielle venner er vanskelege å få, men du er ein av dei unike <3

  • Kari Hovland

    Ein fryd å følgja deg 🙂 Du er skriv så innmari godt 🙂 Det du skriv om at ungane må bli hjelpbare er så sant. Me foreldre skal ikkje alltid vera der for barna våre.

  • Marit

    Jeg tenker ofte på uttrykket «it takes a village to raise a child» når jeg ser hvordan min gutt løper avgårde til barnehagen, eller til besøk hos avlasteren. Han setter så åpenbart pris på å komme inn i de andre husene som er «hans», og å være med de andre voksne som han, på sitt vis, trives med. Det er faktisk ikke det beste for han å være hjemme med meg eller pappaen hele tida, det er utrolig bra for han å få luftforandringen, å være i andre situasjoner og med andre folk. Og det er utrolig bra for oss å vite at det er voksne kjenner han og liker han og som kan ta seg av ham om noe skulle skje så det hadde vært nødvendig – for kortere eller lengre tid.

    Så ja – det er viktig å gjøre barn, og voksne, hjelpbare! Både barna våre og vi trenger å være del av en landsby for å ha det bra 🙂

  • Elin

    Godt innlegg Ragne 🙂
    Dette var noko av det eg også beit meg merke i i helga.
    Kva betyr det å vere hjelpbar, og korleis blir ein det?
    Nytt mål å jobbe mot ja! 😉