Avlastninghelg ..

13. mars 2015

Hei og hå!

Endeleg tid til å skrive litt på bloggen min, vore ei svært hektisk veke med tannlegetur til Møre med Jakob, BUP møter, masse telefonar i hytt og gevær til kommune, NAV og sikkert vore innom Jørgen Hattemaker og.

Nokre periode er bare slik, her er mange trådar å holde styr på hos oss.

 

Denne helga er det det avlastningshelg. Vi har innvilga ei helg kvar 4 veke, der Georg og Laurits er i kvar sin familie.

Eg huske kor langt inne det satt å klare å ta i mot avlastning.

I eit innlegg tidlegare skreiv eg om dette med å gjere barnet ditt «hjelpbart» for fremtida.

Eg måtte sjølv igjennom den prosessen. Å gjere Ragne Beate «hjelpbar».

Dama som har fiksa det meste sjølv sida ho var ein neve stor, som reiste i militæret som 19 åring, og knapt såg seg tilbake, som 23 åring vart stemamma til to små gutar, og måtte plutseleg legge om heile livet, og 28 åringen som plusteleg satt med 3 veke gamle tvillingar og ei mann som var reist te Angola på jobb!

Eg måtte klare å snu det å ta imot kommunal avlastning frå å være eit  følt nederlag, til å gjere det til min styrke, vår styrke.

blogg 13 mars 3

Og det har vi også klart no.

Gutane våre er i 2 forskjellige heimar, Laurits er med mormor og morfar, og Georg hos ein annan fantastisk kjekk familie.

Dei får oppleve forskjellige ting og dei får pause frå kvarandre. Noko som også er eit pluss.

Men den store vinnaren av avlastningstiltaket er ein flott gut ved namn Jakob som er 9 og eit halv år og verdens største helt!

Og det var og grunnen til at eg tilsutt tok imot avlastning. At han skulle få denne tida med oss vaksne aleine, eg innsåg kor utruleg viktig det er!

Ei helg i mnd som er bare hans.

Denne helga har han hooka opp med søskenbarnet sitt som kjem på overnatting, bestilt taco til kvelds og planlagt filmkveld.

 

Herleg normalt ikkje sant?

 

Avogtil kan det å gje litt slepp være ein god ting , og det som du såg på som eit nederlag og ein stor bøyg ,faktisk vart det som styrka deg mest:D

Eg tenkjer eg er ei betre mamma med avlastning 😀

blogg 13 mars 2

 

GOD HELG <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

  • mamma

    Mormor og morfar er klar. …

  • Joachim

    Du har så rett Ragne. Vi foreldre må bli hjelpbare, og det kan være en vanskeligere prosess enn å gjøre barna våre hjelpbare.

  • Janita

    Å ta imot hjelp som mor, sitte langt inne hos oss alle.
    Eg har og fått innvilga ei helg i mnd t åleinetid og Lukas er hos
    Ei supersnill venninne som Lukas elska å vere hos.
    Men huska d å ta skrittet å be om hjelp og første helga han va vekke –
    Grein begge gangane

    • ragne

      ja, det er ikkje enkelt i det heile tatt, men eg trur det kjem noko godt uttav det til slutt uansett , både for ongane og degsjølv 🙂