Kurert frå autisme ved å leggje om kostholdet, seie du???

18. mars 2015

Hallo hallo verda der ute <3

Eg har vore litt innom temaet eg skal skrive om før, eg snakka litt om det at man ikkje skal tru alt man les på internett, og i den forbindelse så snakka eg litt om at gutane mine har ein matintorelanse mot gluten og mjølk, og at vi difor måtte leggje om kostholdet deira.

I formiddag sat eg forran dataen og sveipa gjennom Facebook, hadde sjølvsagt studert hardt i fleire timar, så ei slik pause var hardt påkrevd (…kremt)

Der kjem eg over ein artikkel med overskrifta :

«Diett mot ADHD og Autisme, spiste seg friske»

Eg kjenne eg får nyrenoll! Forøvig eit anna flott utrykk eg har lært av min kjære farmor, eg har eigetleg aldri heilt skjønt va ein nyrenoll er, men det har aldri vore brukt i positive vende , så eg tenkjer det passar godt inn på korleis eg følte det etter å ha lest artikkelen.

Det skrik i heile meg! NEI NEI NEI!!!

Beklager, men man kan ikkje ete av seg ein «medfødt gjennomgripande utviklingsforstyrrelse».

At ein kan få det betre med diett, ja, det skal eg ikkje krangle på, så lenge ein treng det for ein intoleranse eller allergi.

Man gir vel ikkje nøtter til eit born med nøtteallergi, logisk nok?

Nokre born tåler ikkje til dømes vaniljesukker, foreldra vert heilt hysteriske om borna får det i seg, då dei etter kun kort tid er lokalisert i ein taklampe, heller enn beina godt planta på dørken.

Her vil ein jo få ein adferdsendring når bornet ikkje får tilgang på vanilje sukker!

Andre tåler ikkje e- stoff, eg har høyrt frå andre som har born med ADHD at dei reagerar negativt på blått smågodt for eksempel, at dei kan verte meir hyper.

Eg anar ikkje om det stemmer, eg har lite erfaring med ADHD, men muleg det ligg noko i det?

Og får du i deg gluten og mjølk, når magen din ikkje tåler det, så vil du vel verte meir opplagt og happy når du ikkje får det i deg, sida du ikkje lenger har smerter meinar eg?

Eit sunt og variert kosthold er sjølvsagt ikkje noko gale med, og noko vi som vaksne må bestrebe å gje borna våre.

Men de skjønar det ,at her har vi autismeforeldre eit litt anna utgangspunkt enn andre foreldre.

Mat er nemleg for mange born svært vanskeleg, og det hjelp ikkje å seie  at dei bare skal skjerpe seg og ete det dei får!

 

18 mars 3

 

Mange foreldre sit med born som er så særspiste at dei ikkje klarar å ete anna enn ein sort mat i gongen, i veker av gongen, kanskje månader, eller mogeleg år.

Det er eit faktum.

Born som må ha tallerkenen organisert på sin eigen spesielle måte, og viss sausen kjem borti ertene, så er dagen øydelagt.

Også eit faktum.

Foreldre som jublar stille og andre gonger høgt dei gongane avkommet har prøvd noko nytt.. eller dei som er like stille fortvila og opprådde over at ein omtrent ikkje klarar å få i bornet sitt mat.

Eg hugsar endå den gongen vi fekk ein av våre til å ete potet.

Tårene rant!

Alle desse eksempela eg no ramsar opp er svært aktuelle, og fordøyelses systemet anten det er snakk om det som skal inn eller det som uunngåeleg må  ut, så er summen at det  er eit gjennomgåande problem for familiar med born med autisme.

Og folkens, med tanke på kor mykje ressursar ein familie med autistiske born treng, både menneskeleg og økonomisk, hadde vi ikkje fått kasta ein meny på blå resept etter oss om ein kunne beviseleg kurere autismen med noko så enkelt som MAT??

Åh! No skriv eg så eg vert svett her!

Blogg 18 mars 1

Pust inn pust uuuuut!!

 

Eg håpar de tenkjer kritisk, eg håpar det ikkje lar dårleg samvite ta bustad i kroppane dykkar når de les slike artiklar, og tenkjer på dykkar eige gull som kanskje kun et kalde pølser for augneblinken.

Der e tusen andre kampar de kan ta!

blogg 18 mars 4

 

Eller kva seier de????

 

<3<3 frå ei uberengasjert Ragne Beate!

 

 

 

 

 

 

  • REIDUN

    veldig bra skrevet

  • Sidsel Anita Ekblad Itland

    Har bare ett ord; AMEN!

  • Jane Ulriksen

    Kjenner meg igjen i innlegget ditt…bra skrevet

  • Kari Hovland

    Kjempebra Ragne 🙂 Eg blir både opprørt og forbanna når eg les slike lettvinte påstandar.

  • Liv Cathrine

    Det er så vanskelig å diskutere med folk som har mest denne artikkelen ( eller andre artikler) Altid noen som skal belære en om dette. kjempe bra skreve Ragne 🙂

  • Renate Røseth

    Hei,

    Har akkurat kommet over bloggen din – du skriver fantastisk!!
    Latter og tårer sitter løst når jeg leser igjennom det du skriver om hverdagen med Autisme.
    Men må innrømme at når jeg kom til dette innlegget ang
    «Diett mot ADHD og Autisme, spiste seg friske» så fikk jeg lyst til å kommentere.
    Grunnen er at det er min familie – mine gutter som er med i denne artikkelen. Det er allerede noen år siden den ble publisert for første gang. Vi kan i etterpåklokskapens lys se at å «spise seg frisk» blir en feil overskrift ( litt ivrig journalist). Men – det er ikke tvil om at vår snart 8 årige sønn aldri hadde vært der han er i dag uten å endre kostholdet og ikke minst tilføre kroppen det han manglet av vitaminer og mineraler. Han er en gutt som fungerer veldig bra på skolen, har mange venner og er kjempe sosial. At han skal miste diagnosen? Ja, det er fortsatt vårt mål – og det er ikke så urealistisk lenger. Vår minste sønn har dessverre også fått barneautismediagnose, og vi ser at det for han ikke har hatt samme raske effekt med å endre kostholdet. Men hadde vi ikke gjort det hadde han nok hatt enda større utfordringer. Vårt ønske med artikkelen var å dele våre erfaringer. Testing for intoleranse var ikke noe vi fikk informasjon om da vi fikk denne alvorlige diagnosen. Gi dårlig samvitighet til andre autismeforeldre er det siste vi ønsket ( det klarer vi så alt for godt selv). Vi som foreldre har blitt ledd av, og hånet – både i blogger og kommentarfelt, og ikke minst av såkalte sakkyndige innenfor autisme. Men hvis dette har ført til at ETT annet barn har fått en litt bedre hverdag med å endre kostholdet , så er det vært det!!
    Ønsker deg og dine en fin dag videre. Hilsen fra Renate (en annen tigermammma)

    • ragne

      Hei Renate!

      Tusen takk for at du skrive til meg!

      Og eg vil be deg om unnskyldning om eg har såra deg eller at du føle eg har hengt deg ut, det var aldri min intensjon.
      Og i «kampens hete» så kan eg vere litt krass.

      Eg er kjempeglad for at de har fått god effekt av kostholdsendring, eg skriv nok mitt innlegg slik eg gjorde fordi vi ikkje har fått det.
      Her har vi jo og i etterkant fått ADHD diagnosen ( noko eg ikkje kan så mykje om endå).

      Eg trur som eg og skriv i blogg innlegget, at ein kan få gode resultat av kostholdendring- det eg hang meg oppi var «spise seg frisk»..

      Den er ikkje eg einig i, ut i frå eit autisme perspektiv.

      Eg ynskjer deg og dine alt godt Renate- tigermødre kjempe for sine <3

  • Renate Røseth

    Tusen takk for svar:) Setter pris på det.

    Gleder meg til å følge bloggen din videre da du har en egen evne til å sette ord på vanskelige ting ( – og ikke minst positive ) som jeg kjenner meg godt igjen i.

    Masse lykke til videre!!

    Hilsen Renate