Vegen mot målet og kampen for å få lov til å være der-korleis investerer du?

20. mars 2015

God ettermiddag alle saman, jammen er det ikkje fredag igjen <3

I dag har eg lyst å skrive litt om to «kampar» som eg trur mange foreldre vil kjenne seg att i, og ikkje nødvendigvis berre autismeforeldre, eg trur nok det her er gjengs over heile linja i «anneleis landet».

Eigentleg likar eg ikkje ordet «kamp», men eg finn ikkje anna ord å bruke nett no. At heile livet er ein kamp blir liksom så frykteleg negativt lada, og det er ikkje sant heller, for annerleis livet er både morosamt, svært givande, lærerikt og fylt med ein gjennomgripande kjærleik.

blogg 20 mars 3

Men vi må gjennom nokre «slag» vi foreldre for at borna våre skal få kome seg dit hen at dei har mogelegheit til eit verdig liv.

Mitt overordna mål er eit verdig liv, det ligg støtt i mitt grunnfundament.

Ofte oppstår det eit problem , som gjere at man må inn å kjempe for å få økte ressursar. Dessverre.

Kvifor må det alltid skjære seg før ein tar tak? Merkeleg opplegg, trur vi alle hadde profitert på å gått litt meir etter «føre var» plakaten.

Men no er det no enn slik at ein somoftast har ein sak som har oppstått, og her må det gjerast tiltak.

Eigentleg er denne kampen ganske grei å ta sånn sett, ein har jo utgangspunktet, hendinga, saken, og man legg føringane sine etter det, argumenterar, søkjer, går på møter og løyser denne floka, og finn ei minnerleg løysing for alle partar.

Du tuslar heim, godt fornøgd 🙂

Tiltaket vert iverksett, og det FUNGERER!

Kor fantastisk er ikkje det?  Ting går på skinner, alle saman er så fornøgde, både heim og andre rundt, bornet blomstrar, og dei pårørande senkar skuldrane litt..

Veit du kva? Da tenkjer eg vi tar vekk tiltaket, det kostar tross alt ein god del pengar dette, og det er jo heilt tydeleg at bornet no er over det verste, så då tenkjer eg vi brukar denne ressursen på anna vis.

blogg 20 mars 1

GABOOOM!

Der kom kamp nr to, dette er virkeleg den krevande biten, for nå skal du inn å forsvare eit tiltak som fungerar, og prøve å få dei som sit på  pengesekken til å skjøne at grunnen til at det faktisk fungerar så godt som det gjere er nettopp på grunn av den investeringa som vart gjort i form av rett tiltak,etter kamp nr ein.

Tenkt dykk at de har 100000 kr på konto , og ynskjer å sette desse pengane i eit aksjefond for å spare til pensjon.

Det er eit langsiktig fond, men langsiktig sparing, og ein vil ikkje få avkastning av fondet før det har gått ein 8-10 år.

Ville du få noko avkastning av desse pengane om du etter 2 år tar det ut? Eller at du tappar det litt etter litt for pengar, kanskje ein 1000 lapp i gongen?

Svaret er nei, skal du få den avkastninga du ynskjer, så må pengane stå den tida det trengs for å gje den avkastninga.

Slik tenkjer eg at det også er med barn som treng ressursar, og det lisje ekstra.

Ein må velje å invistere i dei tidleg, sette inn det dei treng når dei treng det, la dei få bevare ressursen til dei ikkje treng den lenger, til ein har fått bygd opp fundamentet rundt dei, slik at dei er rusta til å kome ut i verda vår og vere ein del av den, så sjølvstendig som overhovudet mogeleg, til dei kjem i mål!

Er det ikkje her besparinga ligg for AS Noreg?

10 -15 år med investering , for 60 år med avkastning.

Avkastning i form av sjølvstende, livsglede, og mestring.

 

blogg 20 mars 2

DET HADDE VORE NOKO DET!

 

God helg alle krigarar der ute 🙂

 

<3<3 Ragne Beate