Ein tur tilbake i historien

22. mars 2015

Hei <3

Håpar de alle har hatt ei flott helg, her på Vestlandet er det vilt og vått for augneblinken, regelrett eit fantastisk fint ver ute-til å vere inne i!

Mannjen er reist på cup med 9 åringen vår, og tvillingane og eg held fortet heime.

Å ta dei med på cup for å sjå broren fungerar diverre ikkje,då inntrykk og folkemengde blir for mykje for dei, så her må vi dele oss.

Men, om vi må gjere forskjellige aktivitetar i dag så hadde vi ein flott tur i går til Ervik på Stadtlandet og gjekk i fotspora til skipsforliset av hurtigruta «Sanct Swithun» som forliste 30 september 1943, da det vart skutt av allierte bombefly.

blogg 22 mars 5 -1

Gutane mine elskar historie, kva som fengjer dei har eg ikkje heilt klar å skjøne enda, men det har ein samanheng med tall, historisk sus og fakta.

Fakta er viktig!

blogg 22 mars 4

Man tulla ikkje med fakta, eller eg gjere jo det innimellom for å teste dei, like artig kvar gong, eg vert «arrestert « så det syng etter;)

Første stopp på turen vår enda hos eit vennepar på Stadt, der mamma fekk seg ein kopp kaffi, og gutane fekk leika med akkurat same leikane som dei leika med når vi var der for 1 år sida, viktig å ikkje bryte rutinene 😉

Så gjekk turen til Ervik gravplass, og kapellet som vart satt opp i 1972 , til minne om de omkomne etter forliset.

Å være i Ervik ,stå på gravplassen, sjå ut over storhavet som kjem inn, det er ein mektig følelse.

blogg 22 mars 3

Tenk kor mange skjebner Stadthavet har slukt oppigjennom tidene, kor dei har kjempa for å klare seg ute i havgapet, det det ikkje fantes anna alternativ enn å få færingen på havet for å kunne brøfø familien sin.

blogg 22 mars 2

Gutane går erbødige rundt på gravgården, ingen roping eller springing, dei sett seg ned, les på gravsteinar, registrer årstall.

blogg 22 mars 10

Litt lenger nede ser vi surfarar som gjere seg klare til ein tur ut i bølgjene.

Stadhavet rommar også noko med dei beste surfebøljene ein kan få- har eg høyrt.. du får ikkje meg på eit plastikkbrett på Stadhavet, det kan eg love dykk!

Så går vi vidare opp fjellsida til Hovden, eit anlegg tyskerane bygde under krigen, med tunellar og utsiktspostar.

blogg 22 mars 6

Det vart litt skummelt for oss å gå gjennom tunellane, då vi ikkje hadde med oss lommelykt, og mamma sin  mobil ikkje lyste tilstrekkeleg opp, men vi gjekk fort igjennom og fekk sett ut frå utkiksposten.

blogg 22 mars 7

blogg 22 mars 8

Viktig å strekke seg litt og, oppleve og mestre!

Når det er sagt, så skulle eg gjerne ha vist de bilete frå toppen av Hovden, garantert vore eit spektatulært syn både for den eine og den andre, men no har det seg slik at på vegen opp mot toppen av Hovden så møtte vi ei geit.

Ja, ei geit, og eg overdriv vel ikkje når eg seier at den nok var ein meter- mellom augene – og hadde stoooooore horn.

«Ei sjefsgeit»- Konkluderte Georg med.

Vi tok eit kjapt familieråd, virkeleg kjapt, sida sjefsgeita viste teikn til å bevege seg, og vi drog slutninga dit hen at vi var meir redd ho enn ho var oss, så vi begynte på returen.

Vel nede i bilen bestemte vi oss for ein pitstopp innom Vestkapp, men der fant vi skilt med vinterstengt, så det tar vi igjen når det blir sommar tenkje eg:)

blogg 22 mars 9

Med ein bil som neppe vert den same etter å ha fått ei heile flaske iste i setet, tre fornøgde gutar og ei litt sleta mor returnerte vi tilbake til Holvik.

 

Særinteresser kan være ein god ting, berre ein klarar å finne mogelegheiter til å bruke dei konstruktivt 🙂

 

Different, but NOT less!

 

Ha ein fin søndag alle  <3

 

<3<3 Ragne Beate