Sola skin <3 Eg blir så glad inni meg når eg vaknar til blå himmel og sol, måtte vi få ha det lenge, i alle fall til i morgon 😉
I går var eg som på teater ilag med mamma, eg gav ho denne biletten i bursdagsgåve i fjor, og i går var dagen for å bruke gåva.
Teater stykket «Det merkelege som hende med hunden den natten» sto til forventingane og meir enn det!
«Teateret vårt» frå Molde gjorde ei solid tolkning av teksten, og eg må seie at å være skodespelar og spele autist i 1 time og 40 minutt, står det sanneleg meg respekt av!
Så om nokon av dykk kjenner skodespelarar i denne gruppa, så gje dei ein stor tommel opp frå autismemamma Ragne Beate!
Eg ynskjer ikkje å avsløre så mykje av handlinga i stykket då det kan være fleire av dykk som vil sjå det ved eit passande høve, men det får deg til å tenkje, spesielt på framtid, og det får det til å reflektere over mogelegheter kontra utfordringar.
Kor havne bornet mitt tilslutt? Kva kan vi forvente, kva kan vi ikkje forvente, tør vi håpe? Kan dei klare å verte akkurat det dei vil?
Eg trur ikkje eg er aleine når eg seier at ein får seg nokre slag i magen avogtil, spesielt når ein møte jamnaldringar av borna sine, og ein så tydeleg ser forskjellane- slik det kunne ha vore, og slik det er.
Sorg kallast det(eit heilt anna blogg innlegg, som kjem når eg er klar for å skrive det) og er ikkje ein god kjensle!
Eg ser på meg sjølv som ein realist, mogeleg ein litt pessimistisk realist, då eg heller forberede meg på det ,om ikkje verste ,så i alle fall litt verre enn kva det kanskje blir, sånn at eg kan heise flagget om det ikkje blir så «gale « som eg i utgangspunktet forestilte meg 😉
Veldig greitt ikkje sant, rusta for det meste!
Om mine born kan bli akkurat det dei ynskjer? Nei, eg trur nok ikkje det, på lik linje med at eg sjølv heller ikkje kan bli alt eg ynskjer..
Eg kan tildømes ikkje bli reknskapsfører, uansett kor mykje eg enn skulle ynskje at eg kunne det. Eg skjønar ikkje tall, har aldri gjort det, og kjem aldri til å gjere det. Tall er gresk for meg.
Men det betyr ikkje at eg er mindre verdt som menneskje alikavel! Der er mange andre ting eg kan vere og er kanon god til, og som kan gjere mitt liv rikt, gje meg verdifulle erfaringar og gje meg eit liv som eg er lukkeleg i 🙂
Slik tenkjer eg om mine born og.
Dei kjem til å møte mange nederlag på vegen sin mot å bli vaksen, og kjem nok mogeleg i større grad enn andre til å få draumane sine knust.
Men, om ein jobbar mot ei felles målsetning, opprettheld gode dialogar med hjelpeapparat, er open om utfordringar, men samtidig massivt støttar opp om dei gode kvalitetane som finnes, så kan ein nå utruleg langt alikavell!
Om ein enn opplev at ein ikkje kan verte akkurat det ein ynskjer <3
Ha ein flott onsdag!
<3 <3 Ragne Beate
PS: Kjem «Det merkelege som hende med hunden den natten» på ei scene nær deg, så for gud skuld : MØT OPP!! 😉