Tidleg intervensjon- vi er dei heldige!

29. mars 2015

God palmesøndag!

Her i huset er kotelettane i ovnen, og lukta brer seg i heimen.  Gutane har vore ute og leika litt med kom fort innatt, regn og surt her hos oss i dag.

Eg tenkte eg skulle skrive eit innlegg i dag om tidleg intervensjon, altså den tidleg oppdaginga av autismespekter forstyrringa,i gangsetting av EIBI modellen, og  kva det har gjort for oss.

Kort fortalt vart vi oppdaga og henvist barnehabelitering då gutane var 18 mnd.

Forut av dette hadde eg vore bekymra lenge, over eit år. Allereie da gutane var 3 mnd merka eg forskjell frå korleis eldste guten min var på same alder. Då trudde eg det var hørselen.

Premature fødde som dei var ,ikkje mykje, men det er jo ein grunn for at born skal vere 40 veker i magen ikkje sant?

Likeins såg eg forskjell på mine sine og dei andre borna på barseltreffa eg var med på.

Mens dei andre pludra med sitt og interessert fulgte med kva dei andre borna gjorde, så låg mine sine og kava på kvar sin ende av rommet, ofte vendt vekk i frå dei andre borna, og garantert på veg mot ein potteplante eller noko dei kunne rive ned.

Eg sa ikkje så mykje eigentleg, lufta sjeldan mi bekymring, for når eg gjorde det så fekk eg til svar:

« Alle born er forskjellige, min gjekk ikkje før han var 2 år i alle fall»

« Slapp av Ragne,det e maaaange born som ikkje seier mamma før dei e laaangt over 1 år»

Eller, standard svaret: « Ragne då, dei er jo tvillingar, dei har heilt sikkert eit eige språk!»

Vel, hørselen vart sjekka, polyppa og mandlar vart operert, men språket kom ikkje..

blogg 29 mars 2

Heldigvis har eg ei fantastisk kjekk helsesøster som tok meg på alvor og som sendte oss vidare til ein logoped.

Det var denne logopeden som vart redninga vår og som gjorde at vi vart henvist.

Eg e dei begge evig takknemleg den dag i dag!

Sogn og Fjordane sitt sjukehus i Førde kunne ikkje på denne tida utrede autisme sjølve, så vi vart satt på venteliste for å få Autismeteamet frå Haukeland til å komme å utrede gutane. Det tok faktisk eit år.

MEN: Det barnehab i Førde gjorde, som eg verkeleg skulle ynskje at alle som får mistanke om autisme får tilbod om, var at dei satte i gang EIBI modellen i barnehagen. EIBI er  same  modell som TIOBA.I Førde får alle born som det er mistanke om autisme denne oppføljinga, det var ikkje berre oss altså 😉

TIOBA står for Tidleg og Intensiv Opplæring Basert på Anvendt atferdsanalyse og EIBI  betyr Early Intensive Behavioral Intervention.

For at dette blogg innlegget ikkje skal verte på 8 A-4 ark, så legg eg ved ein link om kva TIOBA er, så den som ynskjer det kan lese om det.

http://www.glennesenter.no/tioba/

Kort fortalt går EIBI ut på å trene bornet- mekanisk innlæring- det vanlege born med normale sosiale evner automatisk lærer av andre.

Ein tilpassar opplegget til det enkelte born, og man har i stor grad sett stor framgang med borna når ein finn rett måte å trene dei på 🙂

Eg vil legge til at eg veit og kjenner foreldre som har born som ikkje har profitert på EIBI eller TIOBA, men som treng andre tilnærmingsmåtar for å trene.

Uansett kva ein kallar modellen, uansett korleis den blir gjennomført, poenget er:

KOM I GANG SÅ TIDLEG SOM OVERHODE MOGELEG!

Eg ser på mine born, utviklinga dei har hatt , frå å være språklaus, til i dag ha eit språk, til å klare så mykje som dei gjere, sjølv om dei sjølvsagt treng  svært mykje hjelp og vaksen støtte og det kontinuerlige tilsynet 24/7. Det er heilt utruleg!

Nei, alle born med autisme får ikkje språk, men mange har evner til å utvikle det, berre dei får hjelp <3

Eg er så glad for at vi kom i gang så tidleg som vi gjorde, for at vi traff akkurat dei menneska vi gjorde , som hadde vilje til å ville lære, som hadde tålmodigheta til å gjennomføre, og som ilag med oss opplevde og jubla for kvart eit framskritt gutane våre gjorde og gjere!

 

Og, eg veit at vi hadde ikkje vore der vi er i dag, utan den tidlege intervensjonen!

blogg 29 mars 3

Stol på magefølelsen de har,  og ikkje bry dykk om kva alle andre meiner , tenker og trur!

Har ein mistanke, få utredning, ikkje vent!

Og få satt i gang tiltak.

Det kostar pengar for kommunane, det er tidkrevjande som fy, man må jobbe steinhardt i mnd etter mnd , kanskje utan synleg resultat, men plutseleg ein dag, så kjem det!

Og då kan eg love dykk at kvar ei tåre, hyl og fortvilelse har vore verdt det!

 

Har vi eigentleg råd til å ikkje prøve???

 

Ha ein flott søndag alle saman <3

 

<3 Ragne Beate