Barnetv møl

31. mars 2015

Hallo hallo!

 

Håper ferien går greit for de alle 🙂

Ferietid kan være krevjande for familiar med born som har autisme, og spesielt høgtider om inneber forandring og ikkje minst pynting..

Ein påskekylling er ikkje alltid  rett i ei stue skjønar de 😉

blogg 31 mars

AS Larsen er still going strong og har hatt ei kjekk påske sålangt.

Eg har gangsperre på plassar eg ikkje visste det var mogeleg etter ein trampoline marathon på 90 min sammenhengande i går, ti l og med i kjeven kjenne eg det..

Men det e vel noko med det, etter eit par fødslar så må en berre knipe der man knipe kan på eit slikt hoppande monster ;);)hoho!

Ferietid betyr tv, slik er det berre. Ikkje heile tida sjølvsagt, men med tidvis dårleg ver, så er både tv og Ipad ein kjærkomen avveksling.

Og her kjem man innpå dagens tema. MØL PÅ TV!

Kva er møl? Møl skal eg definerer gjennom min pappa, som kvar einaste gong det kom noko på tv som han tykte var heilt på bærtur når vi var små, så blåste han hardt ut gjennom nasa, rista på haudet så vi trudde det skulle dette av, og utbraut : «For noko møl!!»

Og no er eg ikkje hakket betre sjølv! Ligg tydeligvis noko i arv og miljø?

Med møl så meiner eg dette barnetv som går på ein del av desse kanalane over 64 her i heimen, som kun går ut å på kriging, brøling og anna fjas som eg ikkje skjønar ein skjit av.

I alle fall, det e heilt utruleg kor mykje elendig barnetv underholdning det finnes på tv og på nett, og ikkje minst kor lett tilgjengeleg det er.

Du kan ha kvar en einaste av foreldrekontroll i boka, men jaggu vert ikkje borna utsatt for det merkeligaste greier alikavel!

Eit anna eksempel som ikkje er møl, men som kan gje visse utfordringar er programmet Newton.

Eg likar Newton, og eg likar NRK Super, sjølv om eg har ei høne og plukke med dei når det gjeld deira tidvise ekstreme facinasjon for «promp»- noko som er lett overførbart til kjekker gutar på 7 år,men som diverre er tyngre avlæringmessig.

Newton kjem med utruleg mykje interessant informasjon som born kan lære av.

Vi har blant anna lært Kong Sverres Saga via Newton, vi har høyrt om oversvømmelsen i Norangsdalen- og vi har blitt utsatt for pubertet.

Jada, eg veit at Newton går etter klokka 7, og at det er mi fordømrande plikt å fylje opp kva gutane ser på tv.

Men kvifor ligg programma om pubertet ilag med Kong Sverres saga og oversymjinga i Norangsdalen på nett?

Eg er av den oppfatning at det er ikkje alt born treng å vite. Dei skal sjølvsagt få svar om dei spør, men treng born på 7 år å vite at vi har ei biologisk klokke som gjere deg frå liten til stor på 18 år?

Eller alt som skjer med kroppen, som sagt når ein er 7 år, eller korleis babyar blir laga?

Uæææ!!! Godt mogeleg det berre er meg, men eg kjenner eg får bye!

Blogg 28 2

Nei takke med til «Marit og dyra» og ikkje minst «klart eg kan»!

Og for all del, gje meg gjerne ei dose med Sauen shaun:)

Då ler vi oss tullete heile gjengen!

Men lat oss sjå det frå den positive sida , eg har ein fordel ikkje alle andre har.

Når eg får spørsmål , eller kommentarar eg ikkje alltid er heilt klar for å svare på, så har eg eit standard svar:

 

«Du får spørje han pappa når han kjem heim att frå sjøen» ;);)

 

Ha ein flott tirsdag 😉

 

Lattermild  <3<3 frå Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

  • Helga Iren

    Hei kjære Ragne, og alle dokke som les bloggen her. Barnetv-møl e nok kome for å bli, på lik linjene alt d andre mølet so e der ute. Her i huset he vi prøvd d meste, d som fungerte best va skjermtid, me avtale om å bytte skjerm for det skrivne ord, dvs fortsatt avlogging til verden. Men Ragne, eg he et spørsmål til deg? Kan eg bruke bloggen din på fb til «allmenn opplysnad» i disse Autism Awareness daga?