Entries from mars 9th, 2015



DAGSPLAN

posted on: 9. mars 2015

Hei og hopp verda!

I dag startar eg mi siste veke som 34 år, på enden av denne veka ligg det magiske 35.

Det er visst no det bare skal gå nedover, men hengerau, skrukkehud og  andre forfallstegn.

Det er godt eg har litt anna å tenkje på i livet , så eg slepp å slite meg ut på slikt.

Mandags morgon er godt i gang, og vi har skrive dagsplan, eg og gutta boys.

Dagsplan er eit hjelpemiddel for å strukturere kvardagen, eit enkelt hjelpemiddel, man treng faktisk bare eit ark og ein penn for å gjennomføre det.

blogg 10 mars 1

Sjølvsagt, det finnes mange forskjellige dagsplanar som man kan få med hjelpemiddelsentralen, og for dei som har born utan språk så finnast det bilde kort  som kan brukast for støtte, men eg har sjølv ingen stor erfaring med desse.

Vi har hatt dagsplan så lenge her med oss, at vi har laga vårt eige system.

Vi skil blant anna mellom heime og borte.

Da vi hadde camping vogn så måtte eg teikne dagsplan.

Den på biletet teikna eg i påska i fjor.

blogg 10 mars 2

(Eg burde jo sjølvsagt ikkje ha studert rettsvitenskap, eg skjønar jo det, med mine teikneferdigheiter så hadde eg kunna tjent meg steinrik  😉 )

Grunnen til at eg ofte teiknar dagsplan når vi skal vere andre plassar enn heime er at rutinane vert annerleis når vi er ute av heimen, og sida mine born er så visuelle, så koblar dei i hop og skjønar situasjonane betre når det er støtta med bilete.

Heime treng vi ikkje lenger å ha ein så detaljert dagsplan, i alle fall ikkje i vekedagane eller helger.

Når 8 veke sumar ferie smell i gong må vi nok muligens utvide litt 😉

Eg kan setje omtrent kva som helst på dagsplanen, så lenge eg held det som står der.

Og her ligg qluet, skal ein dagsplan fungere, så MÅ man følgje den. Det hjelp ikkje å kome i ettertid å seie at vi skulle gjere sånn og slik.

Travelt syns de?

Eigentlig ei lite aktuell problemstilling hos oss, vi er uansett avhengig av å vete kva som skjer.

Mine er opptatt av tall, så man tulla ikkje med klokkesletta man set opp.

Ein annan ting eg heller aldri blandar meg i er kva skulen gjere på. Dei har nemleg sin einen plan der.

Om eg detaljerer dagsplanen heime ved å for eksempel setje inn timeplanen, også viser det seg at ein lærar er sjuk og det vert endring på skulen, så har eg verkeleg lagt gullegget for resten av dagen til gutane.

Det enklaste er somoftast det beste.

Eg set inn på dagplanen det eg ynskjer at vi skal gjennomføre.

Tidvis hendar det at gutane skriv sine eigne dagsplanar.

 

blogg 10 mars 3

 

Men då gjere vi som den store raude boka (Lovsamlinga) til mamma seie.

Grunnlov går forran lov ergo mammas dagsplan går forran gutane sine 😉

Det er ALLTID mamma som bestemmer 🙂

blogg 10 mars 4

 

Planing is everything <3

 

Ha ein flott måndag, med eller utan ein plan!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Ein rosa sokk betrakning på 8 mars..

posted on: 8. mars 2015

Blogg 8 mars 2

8 mars, kvinnedagen. Dagen der dei raude strømper vert sett på foten ,og kvinner går mann av huse for å gå i tog.

Eller?

Eg må seie eg nok er meir av ein rosa sokk sort enn ein raud.

Rosa sokk sorten er typen som gjere det meste sjølv, og som finn ut at det er mykje lettare å berre støvsuge det hersens golvet i staden for å vente på at nokon andre skal gjere det.

Det blir sjølvsagt gjort med store bevegelsar, og litt ekstra hard dunking i støvsugar skaftet for verkelig å demonstrere min vrede mot at eg atter ein gong støvsugar.

Trur de at det hjelp noko?

Nei, men det blir i alle fall gjort, på min måte. Det er ein bakdel med å være ein rosa sokk sort. Ofte gjere man det meste sjølv fordi ein då veit at det blir gjort på den måten som DU ynskjer det skal gjerast. Det er jo alltid ein viss risiko for at den andre som er satt til jobben med å støvsuge ,ikkje gjere den slik som du ville ha gjort det.

Men, sida det no enn er 8 mars , så har eg sjølvsagt nokre fanesaker eg og, som eg ynsker å fronte.

Og sida eg ikkje har gått 17 mai tog på fleire år, så tenkte eg å la Titanic få segle inn med mine parolesaker.

Blogg 8 mars 3

Den fyrste går på likt helsetilbod over heile landet. Dette brenn eg for! Kvifor skal det vere slik at ein er prisgitt kor ein fekk barna sine for å få den hjelpa man treng? Både psykisk og fysisk?

Etter mang ein samtale med foreldre over det ganske land, så er eg skremd over forskjellane. Skulle avogtil tru vi ikkje budde i same land!

Ein annan sak er kompetanse heving. Eg ynskjer at alle som går på høgskule, som vil utdanne seg til lærar, helsesyster, vernepleiar, barneverns pedagog, sosionom osv.. skal få ei grunnopplæring i autisme.

Jaha, tenkjer du, sjølvsagt vil ho det, ho som er mamma og lev med autisme i heimen dagleg, det vil sikkert alle som har barn med funksjonhemmingar, at man skal ha utdanning i deira barns diagnose.

Sant nok, og heilt sikkert riktig!

MEN: Eg tenkjer sånn at autisme kan sjåast som eit ytterpunkt. Der det må store ressursar inn i mange tilfelle for at barnet skal klare å fungere, for eksempel i skulen eller barnehagen.

Tenk kor mykje av kompetansen man opparbeide seg om autisme og måtar å løyse utfordringar  på som kan brukast på andre både diagnosar og utfordringar i skulen eller barnehagen? For  kven treng ikkje forutsigbarheit og struktur?

Den tredje saken min sender eg som ein bøn til hjelpeapparatet i dette landet.

«Lytt til foreldrene, det er dei som veit kvar skoen trykkjer»

Det hjelp ikkje å sette inn tiltak du som fagperson tenkjer er rett, om det ikkje er rett for familien som skal motta tilbodet.

Samarbeid med foreldrene, og lytt!

Og den siste. Møt foreldrene med respekt, ofte kjem dei med piggane ute, klar til kamp for det kjæraste ein har.

Blir man møtt med respekt, forsvinn piggane fort.

 

Siste sak kom ikkje med på Titanic, men den skal eg ta med no.

Det går til kvar og ein av dykk som har gutar.

«Lær gutane de har eit godt kvinnesyn. Lær dei at nei betyr nei»

Her har vi framleis ein vei å gå, også i dette landet..

 

Ha ein flott søndag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

Autismeforeningen i Norge  (AIN)–Always and forever <3

posted on: 6. mars 2015

God morgon der ute 🙂

Det er fredag, min store favoritt dag! Beste dagen i heile veka <3

«The Voice « startar på TV2 og mannjen kjem heim fra jobb i helga, med den direkte konsekvensen at eg får sove i morgon tidleg 🙂

Det er dei små tinga som betyr noko har eg lært meg..

Denne fredagen vil eg vie mitt blogg innlegg til foreninga «mi».

Ei foreining eg delar med mange andre, som eg set utruleg stor pris på, og er veldig stolt av.

Ein arena eg har møtt mange av dei som er blitt mine nærmaste vener.

Det seiast at like barn leikar best. Eg har trua på det.

Det var det eg opplevde da eg som «førstereis kvinne» i Autismeforeningen Sogn og Fjordane som nestleiar, reiste på mitt fyrste leiarmøte i AIN.

Der møtte eg plutselig ein forståelse eg aldri hadde opplevd før, eg møtte folk som lo av dei same tinga som meg, (ja, man får litt sær humor som autismeforeldre) eg møtte menneskje som skjønte meg når eg sto med tårer i augene og fortalte om den gongen da gutane sa mamma for fyrste gong, eller den dagen dei tok på genseren rett vei.

Man får ein heilt spesiell følelse av at man ikkje er aleine.

Det er ein fantastisk følelse!

Sentralstyret vårt er drifta på frivilligheit, og med Annette i spissen som leiar.

Ho lærte meg begrepet «fagmor», ikkje fagperson eller mor, men «fagmor».

KONGE ORD! Eg bruke det så mykje eg kan!

Gjengen i Sentralstyret står på for foreininga, og legg ned uhorveleg mykje ulønna tid for å jobbe for autisme saken, mykje opp mot departement og regjering, men også med langtidsprogrammet sitt.

Eg trur ikkje vi som sit ute i fylkeslaga eigentleg skjønar kor mykje dei jobbar.

STOLT AV DYKK, og tusen takk<3

Det var også ein spesiell følelse den gongen eg på kanten til hysteri ringte AIN sitt kontor i Oslo, i ei periode då det meste gjekk i mot meg, og møtte forståelse, endelig behandla med respekt og ikkje minst, eg fekk hjelp.

Det kjem eg aldri til å gløyme, det har vore med på å forme meg på mange måtar.

Eg sende herved ein stor klem og tommel opp til damer og menn på kontoret i Oslo, ved dagleg leiar Tove i spissen. De gjere  og ein fantastisk jobb:)

I år på årsmøtet i Sogn og Fjordane Autismeforeining gjekk eg ut av styret . Ikkje ei lett avgjersle, men nett no trengte eg ei pause.

Men medlem er eg, og det kjem eg alltid til å være. Man kan jobbe på mange måtar, man treng ikkje sitte i eit styre for å utgjere ein forskjell.

Hehe, eg tenkjer ledermøta blir litt rolegare no 😉

Blogg 7 mars 2

Drar man lasset ilag, og same vegen, så kjem man kjappare i mål <3

Min start i AIN har gitt meg mange vener, fleste lokalisert enten via ein data eller ein telefon.

Torill frå Spiss sa i foredraget eg var på i Kristiansund, at man ikkje skulle undergrave barnas internett vener, da dei var like mykje vener dei som andre som fysisk var tilstede.

Eg pusta letta ut, eg har jo tross alt dei fleste av mine vener sjølv, på nett , møtt fysisk eller ikkje 😉

blogg 7 mars

 

Ha ei riktig god helg alle saman!

 

<3<3 Ragne Beate

 

Ps: www.autismeforeningen.no – kanskje vil du være med i vår «familie»?

 

 

 

 

 

Å være en fluge på veggen

posted on: 5. mars 2015

Heisann!

Skjitver på vestlandet-i dag igjen!

Gutane mine er komt seg på skulen, og eg sit og ser litt på  Statsretten, og lar tankane vandre litt.. Er det no man skal innrømme at Statsrett er eit litt tørt fag?

Vel, eg vart no iallefall sittjande å lese igjennom litt av det eg har skrive før, og kom over artikkelen eg skreiv til bladet «Autisme i dag», som er eit blad Autismeforeningen gir ut til sine medlemmer 4 gonger i året.

Teksten er skriven på bokmål, og vart skriven i fjor, men eg legg den ut alikavel eg:)

Eg trur fluga på veggen tidvis har det mykje moro i heimen vår 🙂

 

«Hverdagen er over oss, med eller uten streik, og jeg tenkte jeg skulle skrive et lite «skråblikk» av vår hverdag og våre morgener, sett fra en flues perspektiv.

Har mange ganger tenkt på hvordan vi må oppfattes utad, om noen var her en morgen. Er det egentlig så mye forskjell fra en vanlig familie?

Våre morgener er sterkt preget av særinteressen til våre infantile tvillinger, der særinteressen  nå er synkende båter.

Det er helt opp til hvilken båt som går ned først,  som setter standarden for dagen.

Går «Titantic» ned, våkner mamma av «Iceberg Iceberg, straight ahead! «, går «Britannic » ned, er eksplosjonen som kommer når torpedoen treffer båten øredøvende! Det e helt fantastisk hvor mye lyd to gutter på 6 år kan lage en tidlig morgen rundt klokken 5.

Den mest humane måten å våkne på er faktisk om de sammen bestemmer seg for at «Posedion » skal gå ned,  en båt tatt fra en amerikansk film der et cruise skip blir tatt av en kjempebølge og kantrer. Du hører et «Vosj», og går du inn finner du to gutter liggende på magen, de har da gått rundt..

Sær interesser tar stor tid, konkluderer fluen på veggen.

Så står vi opp alle, den ene surere enn den andre, foruten om tvillingene da, de e  fremdeles opptatt med å synke.

Frokost er en seremoni det også, med mye å ta hensyn til . Du har  foreksempel lyd problematikken.

Kan lyd være et problem om morningen? undrer fluen på veggen.

Ja, lyd er et problem, og her må det tas store  hensyn, så hos oss spiser vi frokosten der vi føler det er mest komfortabelt.

Og det er helt okay! Det viktigeste må vel være å få i seg frokost, og få en god start på dagen?

Ro er også viktig hos oss. Det hjelper ikke med en stresset mamma som springer rundt å fikser ting i siste liten, jeg har lært meg at forberedelse er det beste.

Ellers kan vi ende opp med at Georg kommanderer Laurits til å bli spikermatte, og han selv fungerer som reserbil.

Slik funker mine gutter, kommer det ut av system så går vi i filmen.

Litt før 8 begynner prosjektet med å få alle ut, på med regnklær, sherroxer, luer, den ene vil aldri ha på regnbukse, det e dust, skal jeg ta kampen i dag eller ikke??

Den andre e mer opptatt av HVOR  «Titanic» sank. Altså HVOR mamma! Du må gå på datamaskinen og google!

Fluen ler der den sitter, den ler høyt!

De to eldste kommer seg avgårde, den ene med buss til videregående og den andre på nærskolen, de to minste venter, de skal inn til sentrum for å gå på skole.

Mamma bøyer seg for å ta dra opp en glidelås, snur seg og oppdager så  at den andre tvillingen nå står uten bukse.  Der var et hull, et MINIMALISTISK hull! Jeg mener det, det var omtrent umulig å se! Men det var der, og man går vel ikke på skolen med hull i buksen , gjør vi vel mamma??

Mamma puster, finner ny bukse og trer på, i grevens tid, der kom taxien!

Alle  ute av huset, mamma jubler stille, klarte det i dag og! Uten de store krisene.

Vel vitende om hvor heldig hun er, hun har ikke  barn med skolevegring..

Hun slår kaffi i koppen, og har en stille stund før hennes  hverdag starter, for

» AS Larsen» drifter ikke seg selv.

Jeg tror fluen nå ha konkludert med at morgenen vår nok ikke er helt som alle andre sin.»

<3<3 Ragne Beate

blogg 5 mars

 

Det er ikkje alltid slik som du trur  

posted on: 3. mars 2015

Tenk deg at du går ein tur på matbutikken. Du har det travelt ,spring mellom reolane, og nærmar deg kassa.

Der møter du ei mamma og eit barn. Og barnet har tippa over i det du betegnar som hysteri. Det vræler høgt, legg seg på bakken og vrir på seg, og virkar eigentleg lite kontaktbart. Mammaen sit tålmodig ved sida av og snakkar stille til barnet.

Kva tenkjer du?

Heilt ærleg?

Eg skal forteje dykk kva eg tenkte før eg sjølv vart mor. Det går greitt ut på tankar om uoppdragenhet, slappe foreldre, ufordragelege bortskjemde barn, og at dei plaga MEG i min kvardag.

Det må då vel vere mogeleg å ta denne kampen her ein annan plass enn forran kassa på ein matbutikk!

Alle born kan ha seg ei «kaule» på ein matbutikk , som vi seier på Vestlandet, altså ei rasebyge over at ein ikkje får det som ein vil. Man treng ikkje ha verken autisme eller anna diagnose for å ha det.

Forskjellen på eit autistisk barn og eit vanleg barn kan derimot vere stor, når det først smell.

Det går på evne og ikkje på vilje. Det er ikkje trass som driv eit autistisk barn, slik som trass kan drive eit funksjonsfriskt barn.

Eg er såpass direkte at eg seier at autistiske barn ikkje kan trasse,  det ligg alltid ein årsak bak eit utbrudd, eller episode.

Men lat meg understreke, det er mi meining 😉

Stress, kaos, lyder, uforutsette ting eller helt andre årsakar vi foreldre ikkje anar kva er, kan vere grunnen.

Mammaen som sit ved sida av  barnet, har vore med på dette utallige  gonger før, kanskje veit ho at om ho prøvar å løfte på barnet så vert det 10 gangar verre. Kanskje veit ho at om ho snakkar lavt nok og roleg nok, så roar barnet seg ned, og eg kan love dykk at ho har garantert  ørten backup planar!

Og ho sluttar ikkje å prøve heller!

Blogg 3 mars

 

For ho veit at ein dag så kjem det til å gå heilt supert, kanskje ikkje kvar gang, men det vert betre, med trening, tålmodighet , og innsats.

Så dermed held ho ut kommentarar, blikk og brennande skam.

For handikappet som ikkje synast i ein heilt misforstått situasjon..

Tenk om ein kunne klart å svelge kommentarar, latt blikka være, og heller vist litt empati <3

 

Husk:

«Det er ikkje alltid situasjonen er slik den ser ut»

 

Kva tenkjer du?

 

<3<3Ragne Beate

 

Korleis gjere barnet ditt «hjelpbart»?

posted on: 2. mars 2015

 

Vore stilt på bloggen min denne helga, eg har vore på seminar i regi av Autismeforeningen i Møre og Romsdal.

Heldige meg har gode venninner i nettverket mitt som drar meg med både her og der, og som einaste Nordfjording møtte eg opp i Kristiansund.

Temaet var «Skulevegring blant barn med autisme» og «Sjølvforståelse».

To utruleg viktige tema å kunne noko om når ein har barn med autisme.

Kurset var meget bra, og eit flott arrangement av AIN Møre og Romsdal sitt styre.

Sende en stor tommel opp til nabofylket! STOLT AV DYKK!

Eg vil skrive litt meir om mine opplevingar rundt tema litt seinare i veka, eg føle det må få modnast litt.

For de skjønar det, at denne dama her lærer like mykje av likemanns samtalane med folk i pausar og på kvelden som dei aktuelle tema som vert presentert på ei scene, slik er eg berre bygd.

Og diskusjonssky er eg ikkje, så vore mang ein artig samtale.

Det som set mest igjen er samtalane eg hadde om å gjere barn med autisme «hjelpbar».

Eg har sjølvsagt vore innom slike tankar, men eg har ikkje heilt sett viktigheita av å gjere det. Mogeleg eg har tatt det for gitt at ein som vaksen vil godta hjelp?

Til meir eg tenkjer på det, til meir ser eg kor eg må legge vekta.

Bestrebe å gje barnet sjølvtillit, tryggheit og nok støtte også vinkla mot prosessen med å verte vaksen, slik at dei klarer å forstå at det ikkje er nedverdigande å få litt praktisk bistand, men heller eit ledd i ein heilheitleg tankegang om at man kanskje på sikt ikkje treng så mykje? Og om man gjere det så er det ikkje eit nederlag det heller ?

Å motivere til å klare å tenkje i dei baner at man kan klare så mykje, også utan mamma og pappa, men kanskje med hjelp frå ein annan?

Eg skal nok innrømme at eg er ein person som nok helst vil ordne det meste sjølv, løve mamma som eg er.

blogg 2 mars 2

Ein ny  prosess for meg, men ein prosess eg i mitt hovud skal begynne på.

Frå  å tenkje : « Korleis skal dette gå den dagen eg ikkje er her lenger?», som er ei typisk problemstillig eg kvernar rundt, så skal eg heller byrja å tenkje  «Korleis kan eg ruste dykk så godt at den dagen eg ikkje lenger er her, så er de så «hjelpbare» som de kan bli?»

blogg 2 mars 3

» Alltid liten sjølv om man blir stor for mamma »

 

BRING IT ON <3

 

Korleis kan du gjere dykk «hjelpbar»?

 

Engasjerte <3<3  frå Ragne Beate