Søvn vanskar og melatonin

8. april 2015

God morgen alle saman, klokka er eit eller anna før 0500, eg slutte å sjå på klokka i 3 tida i natt 😉

Men om ikkje anna så er det vaska 2 nye maskiner med kle, og blogg innlegg produsert før klokka 0630 om morgonen, ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.

Vil kome tilbake til søvn vanskar om litt, men fyrst vil eg takke for telefonar, post meldingar på Facebook, sms og ikkje minst ein klapp på skuldra her heime over blogginnlegget mitt om sorg.

Det var ikkje eit lett innlegg å skrive, men eg følte og ser av responsen at det var eit viktig blogg innlegg å skrive, i verda vi no lev i, der streben etter det «perfekte  liv « tidvis kan ta over liva våre.

Vi har det i alle fall heilt fantastisk på Face ;));)

Også er det godt å vete at eg ikkje er aleine om mine tankar rundt sorg, det tykkjer eg er veldig godt .

Takk <3<3

blogg 8 april 4

Så over til søvnvanskar hos born med autismespekterforstyrringar.

Noko herk!

Ikkje berre for foreldra, men tenk kor det slit på borna som ikkje får sove!

Er det rart dei vert ukonsentrerte, sure og sinte?

Og eit trøtt born med autisme er i alle fall ikkje klar for å møte vår krevjande verd, dei har jo allereie tapt i utgangspunktet.

Mine gutar sov greitt fram til 1 års alderen, trur eg, eg amma på skift, eg skifta på dei på skift, vi gjekk turar, og dei var jo vakne på natta, men sjeldan i lag.

Etter dei fylte året merka eg ei endra søvn rytme, dei sleit med å finne ro, og dei vakna grusomt tidleg om morgonen, og då var det morgon og!

Og då dei byrja i bhg så var lista lagt, då sov vi nesten ikkje i ei lang periode.

I ettertid har eg skjøna at forandringa frå å vere heime til å byrja i barnehage,  også spela inn mykje for at dei omtrent slutta å sove.

Og ikkje minst den då uoppdaga  matallergien.

Eg tenkjer det er vel verdt å ta ei lita oppsummering og ,om bornet dykkar plutseleg sluttar å sove.

Har det vore endringar i strukturen rundt dei? Stress som ein ikkje tenkjer over? Osv osv..

Hos oss starta vi leitinga etter løysninga på problemet ganske så tidleg.

Og eg trur faktisk eg med handa på hjartet kan seie at vi har prøvd alt!

blogg 8 april 2

Alle kjerring råd i boka, alle råd frå ekspertar og dei som trur at dei er ekspertar.

For det  skal de berre vete, det er heilt fantastisk kva folk kan knekke uttav seg når det gjeld råd og ytringar om born som ikkje søv.

« Det er heilt normalt at små born ikkje søv Ragne, det er stort sett ingen som gjere det», med ei slik overbærande mine i anletet og det einaste du ventar på er at himlinga med augene skal kome, etterfulgt av eit litt oppgitt snøft.

Eg har vel ein tendens til å både himle med augene og snøfte når eg svarar:

«Gutane mine er 7, vi er eigentleg over småborns fasen vi «.

Anyway- berginga vår har vore melatonin.

Melatonin er eit hormon som vi naturleg skiller ut i kroppane våre, og er ikkje sovemedisin! Viktig å lese!

Melatonin selgast som kost tilskudd i andre land over disk men i Noreg må ein ha resept for å få kjøpt det på apotekt.

Eg har hørt om at folk har fått bivirkningar av melatonin, men vi har ikkje merka noko til det.

Melatonin kan også fåast i depo tablettar slik at ein då søv lenger om natta. Desse må takast heile og ergo ikkje eit alternativ for oss endå.

Ein kapsel med melatonin gjere at gutane vert trøtte når dei legg seg, og at dei sovne.

Mi erfaring er at dei då søv betre.

Men nei, dei søv ikkje til klokka halv 9 på laurdags morgonen og lar mor si vere i fred 😉

Dei søv til mellom 0400 og 0500, ofte med eit par oppvakningar i løpet av natta , men det er heilt greitt.

Dei får kvile, det er  det viktigaste <3

blogg 8 april 1

 

«Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i myrkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.»

 

Det kan vere noko å vurdere, og diskutere med fastlegen om, om ein har born som slit med å sove.

Til de som allereie brukar melatonin, som har brukt det ei stund, og som ser at det fungerar, så kan de søke HELFO om å få det på blå resept, man kan få det  no, ikkje berre depo tablettane 🙂

Presisering skriven 30.01.17: Eg har fått opplyst fra fagfolk at melatonin ikkje er så lett å få på blå resept alikevel, og at man ved ADHD diagnose ikkje får melatonin på blå resept(kan være individuelle forskjeller her og)

Det viser seg at det er store individuelle forskjeller i vårt landstrakte land, noko som er svært beklagelig!

Ha ein flott onsdag alle saman !

 

<3<3 Ragne Beate

  • mamma

    Herlig bilde.

  • Marit

    Søvn er så viktig! Hos gutten vår kom søvnproblemet da han var rundt 3,5 år (samme tid som vi begynte å mistenke autisme). Han sovnet om kvelden, men våknet rundt 01, og kunne være våken til 4-5-tida. Og var selvsagt stuptrøtt på dagen. Etter å ha hatt det sånn i 9-10 måneder holdt vi alle på å gå på veggen, og redningen kom i en flaske som heter Vallergan. Nå sover han hele natta (dvs sånn fram til 6-tida), og det er gull verdt! Det var fantastisk at legen (autismelegen hans) bare skar igjennom og skrev ut resept, med klar beskjed om at sånn kan dere ikke ha det (og da tror jeg hun mente både han og vi foreldre). Vi foreldre er hvertfall vesentlig mer pedaogosike, tålmodige og klokere når vi får sove om natta, og han ble også raskt mer konsentrert og rolig når han ikke var konstant overtrøtt.

    Jeg vet ikke hvorfor vi fikk vallergan, og ikke melatonin, men det funker hvertfall!

    Takk for mange gode innlegg!

  • ragne

    Hei Marit! Vi prøvde og vallergan lenge på våre, men vi bivirkningane vart for store for dei, dei fekk hang over delux.

    Dermed fekk vi då melatonin som fungerte for oss.

    Samme svarten kva som fungerar berre borna får sove!

    <3 Ragne Beate

  • Espen Indgjerd

    Hei Ragne.

    Gutten vår startet med Melatonin for ca. 2 år siden da han var 8 år gammel. Han hadde voldsomme sinneutbrudd innimellom og kunne «låse» seg i den tilstanden/det humøret opp til 1,5 time. Etter han begynte på Melatonin er han ikke til å kjenne igjen. Sinneutbruddene er borte og han er en blid og det merkes at han konstant ikke går rundt med underskudd på søvn.

    Visste ikke at vi kan få dette på blå resept.

    Ha en fin dag.

    Mvh
    Espen

    • ragne

      Hei Espen!

      Vi fekk melatonin innvila på blå resept for bare eit par mnd sidan, så her må ha skjedd ei endring. Eg har fått avslag før, så få fastlegen til å søke HELFO du, det kostar tross alt ein del i året 🙂

      Ragne Beate

      • live

        Hei Ragne

        Mener du at man kan få både Melatonin (kapsler, produsent Douglas f.eks.) og Circadin (melatonin depottabletter) på blå resept?

        live

        • ragne

          Jepp 🙂 Eg har melatonin sugetabletter med sitron smak og Circadin resept (ikkje brukt da dei ikkje klare å svelge heile tabletter) og fårr begge deler på blå respet. Ei venninne av meg i Bergen fekk akkurat sin»melatonin» også godkjent 🙂

          • live

            Sugetabletter?? Det var nytt for meg at det fantes.

            Jeg kjente til bare to versjoner; Melatonin kapsler for innsovning (bokser med ca. 50 kapsler, mange forskjellige produsenter, men kanskje mest kjent i Norge er Douglas) og Circadin depottabletter for innsoving og færre oppvåkninger (som gjerne foreskrives til eldre ettersom melatoninnivået reduseres med alderen).

            Hører det er flere og flere som bruker dette, særlig skiftarbeidere som bruker det til hjelp for å snu døgnet. Veldig fint at det endelig er kommet på blåresept til trege Norge også 😉

          • live

            Ser forresten du har fått deg noen nye knapper siden sist 🙂 Mangler bare liker-knappen nå 😉

          • ragne

            den finne eg altså ikkje ut korleis eg skal få!

          • live

            Du Ragne – Jeg nevnte dette med Melatonin kapsler og Circadin på blå resept for fastlegen i dag. Han sa at han bare kunne finne at Circadin kan gis på blå resept til de over 55 år… og heller ikke at han fant at Melatonin kapsler kan gis på blå resept til noen…

            Har du noen link eller annet referansepunkt som jeg kan vise til den legen?

            live

          • ragne

            kan du sende meg epost adressa di så skal eg prøve å få scanna vedtaket mitt og sendt det til deg:D

  • Ingrid Waller

    Hei.
    Takk for bra innlegg. Sønnen vår på 10 slet lenge med søvn. Og som du nevner blir de ekstra tydelige ved store rutineendeinger.
    Han, og vi har fått stor hjelp av Melatonin. Har prøvd å ta noen pauser fra dette og problemene kommer med en gang. Viste ikke at vi kunne søke Helfo om blå resept, det skal gjøres 🙂
    En annen ting vi har hatt god hjelp av, spesielt i perioder, er kuledyne.
    Dette fikk vi ved hjelp av ergoterapeut i bydelen. Man kan søke om å prøve ut via hjelpemiddelsentralen og hvis det har effekt søke om å beholde den.
    Det må søkes med begrunnelse for bedre livskvalitet på dagtid, ikke bedret søvn. Ikke spør meg hvorfor, men ergoterapeut viste mye om dette.
    Dynen har spesielt vært til hjelp når guttungen er urolig ved leggetid og ikke klarer å finne roen i hodet eller kropp. Han sover gjerne lengre når han bruker den og liker roen den gir han. Nå brukes den ikke så ofte, men han er veldig tydelig på at den er hans og at han har fått den.
    Nå har han blitt så stor at han selv kan komme og spørre om å få på dynen hvis han føler seg urolig. Han er også veldig bevisst på at han trenger Melatonin for å sove.

    Vennlig hilsen
    Ingrid

    • ragne

      Heisann Ingrid! Kuledyne har vi og brukt mykje,og brukar endå ved behov. Problemet no for andre som kjem etter meg og deg er at det er kjempevanskeleg å få kuledyne innvilga av hjelpemiddelsentralen. Vi fekk kuledyna på grunn av uro, og at det roa, ikkje på grunn av søvn, og det er no 4 år sida.

      Veldig syn at ikkje fleire får mogelegheit til å bruke kuledyne, då det er eit kjempe hjelpemiddel for mange born med autisme og adhd ..

      <3 Ragne Beate

  • Anita

    Hei!
    Vil prøve å søke på blå resept, Melatonin. Overalt jeg leser så er det ikke nevnt Melatonin.. Redd legen vil si at vi ikke får det på blå resept.
    Hvordan fikk du det til?

    Venter spent på svar!

    Anita

    • ragne

      Eg søkte via fastlege og kunne dokumentere langvarig bruk for søvnvanske,ikkje autisme,og at vi hadde brukt anna preparat og som ikkje fungerte.Håpe du får det til 🙂