Samarbeid , ein dyd av nødvendighet

10. april 2015

Det er fredag!! Hurra <3

Einaste skår i gleda er at mannjen må jobbe denne helga og så han kjem ikkje heim slik som han pleier, men slik er det, berre å venne seg til det igjen, til sumaren e det tilbake til 5 vekes turnus, garantert med eit smell!

I dag tenkte eg at eg ville skrive litt om «å samarbeide».

Sat  spekulerte litt på ordet «samarbeid» i natt (les 0425) , og kor mykje det ordet blir brukt, og ikkje minst misbrukt.

Rett opp handa dei som minst 2 gonger dagleg seier til borna sine:

« Kan du ikkje berre samarbeide litt med meg no då?», om du ikkje seier det høgt, så i alle fall har du tenkt det 😉

Samfunnet vårt er drifta på samarbeid, vi er avhengige av at alle dreg sin del av lasset for å få samfunnet til å gå i hop, men har vi alltid forutsetninga for å samarbeide med dei vi må samarbeide med?

Eg tenkjer at dynamikken i eit samarbeid går mykje på kjemi.  Har man ikkje kjemi med den man skal samarbeide med så slit man i den  konteksten.

Blogg 11 april 1

Her kjem ordet «profesjonell» inn.

Så lenge man er «profesjonell» så kan man samarbeide med kven som helst virkar det som.

Betyr det å være «profesjonell» at ein så klarar å skru av alle følelsar, og møtar den andre ein skal samarbeide med, med  såkalla blanke ark?

Eg har lita tru på blanke ark, og eg har svært lita tru på at alle kan samarbeide med alle. Til det er vi menneskje bygd altfor individualistiske, og egoistiske.

Foreldre med barn med spesielle behov må samarbeide på heilt andre system nivå enn andre som ikkje har slike utfordringar.

Vi må samarbeide med samfunnet ved å utlevere oss sjølve.

Vi skriv hjelpestønad søknadar til NAV der vi grin oss igjennom linje for linje for det er heilt jævlig å sitte å skrive det vi føle er drit  om våre eigne born.

Men, skal NAV kunne greie å behandle søknaden rett, så må man det.

Forøvrig, eit hjartesukk, eg savnar det gamle trygde kontoret.

Det finnes mange gode og flinke saksbehandlarar på NAV, og mindre flinke, eg har møtt begge sortar, men det har stort sett gått greitt.

Det krevs av ein NAV ansatt at han skal kunne litt om alt. Og kven kan det?

Mi oppleving er at det kan oppstå uheldige misforståingar når ein ikkje er sikker på eige lovverk, og mange av sakane vi foreldre kjem med kan være komplekse og samansatte.

Eg skulle ynskje vi hadde kompetansen samla på ein plass, lett tilgjengeleg.

Liten digresjon ( eit slik flott ord eg har lært i autismeforeningen ) men eg tykte det måtte være med:)

Vi må også utlevere oss på kommunalt nivå, slik at dei skal ha mogelegheit til å gje oss den hjelpa vi treng.

Eg hugsar ei periode like etter at gutane hadde fått diagnosa si, alt var nytt og vi satt på møte etter møte etter møte, og alle skulle samarbeide, koordinere, og eg skulle fortelje om att og om att om våre behov.

Tilslutt vart eg så omtumla og forvirra av heile greiene at det var nett før eg spurte om dei ville vite korleis avføringa mi var og, haha!

No skal det leggast til at eg har eit godt samarbeids klima med mi kommune, det er veldig ok å ha små forhold å forholde seg til 🙂

For å klare eit godt samarbeid med ei tiger mamma eller ein løvepappa så er det eit par basis punkt som er ok og ta med seg.

Frasen : «Vi skjønar så godt korleis de har det», med eit medlidande blikk og  nikking rundt bordet.

GLØM DET!! Det anar ikkje ein tøddel om korleis vi har det, det kjem det aldri til å kunne klare å sete dykk inn i heller, så like greitt å legge den ballen dø!

blogg 11 april 2

For å tufte eit godt samarbeid kan det vere ein god start å gjere føljande:

  • Behandle foreldra med respekt, dei trør verken ned døra hos NAV eller kommuna fordi dei synest det er så alvorlig artig, det er dessverre ein dyd av nødvendighet.
  • Lytt til foreldra. Lytt til kva DEI seier, ikkje til kva budsjettet ditt seier. Er det noko vi foreldre er smerteleg klar over så er det at kommunane har dårleg råd, men ved utgangspunktet «lytt» så kan vi kanskje- ved samarbeid- finne ei minnerleg løysning.
  • Hugs at vi også har dårlege dagar, så skal vi prøve å hugse at det kan du som profesjonell kan ha det og, vi er tross alt bare menneskje alle saman 🙂

 

Og til alle de foreldre der ute, som står på for borna dykkar dag ut og dag inn.

«Velg kampane dykkar med omhu!»

Treng ein å ha garasjen full av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen som ein ikkje brukar til dømes?

Eg har stor tru på at samarbeid  mellom etatar og foreldre blir så mykje betre om ein tar ein og ein ting, og vel ut kva som faktisk er viktigast no!

Vi kan ikkje få alt vi ynskjer.

Men med samarbeid, så kan vi få litt 🙂

blogg 11 april 3

Det er tross alt borna som er det viktigaste:)

 

Ha ein fantastisk flott fredag og ei riktig god helg!

 

<3<3 Ragne Beate