Myter og feiloppfatningar om autisme

12. april 2015

Hei og hå!

Ei rolig helg er snart over, gutane har vore på dagsavlastning, og fått både bada  i Trivselshagen og laga blåbær pai:)

Eg og Jakob har bare tatt livet med ro, Netflix på tv og kosa oss. God med nokre rolege dagar og innimellom, her er nok action å ta av.

Og bonus fekk vi og ved at mannjen kom heim i går kveld 😀 Hurra!

Det finnes mang ei myte om autisme, og mang ei oppfatning.

Eg tenkte eg skulle bruke litt tid på dette i dag .

Her kjem 5 myter om autisme som eg har fått servert ved forskjellige høve:

1: «Autisme er slik som det vert lagt fram i Rain Man og Forrest Gump»

Ehhh… Nei. Å kunne heile telefon katalogen eller å springe tulling USA på langs kan det godt hende at nokon med autisme kan, men det er ikkje slik menneskje med autisme oppførar seg.

Eg må seie at eg ser ingenting likt mellom mine sine og desse to karakterane.

Serien «Broen» derimot, har karakter skikkelsen Saga ein del trekk som eg kan kjenne att, men på ingen måte heilt likt.

2: «Autistiske born ynskjer ikkje å ha vener»

FEIL!! Autistiske born ynskjer vener og nettverk på same måte som andre born, forskjellen er bare at dei ikkje veit korleis dei skal skape vennskap.

3: Barne autisme forsvinn i tenåra.

Off…. eg kjenne eg vert matt! Så, ein gong for alle: EIN MEDFØDT GJENNOMGRIPANDE UTVIKLINGSFORSTYRRELSE KAN ALDRI FORSVINNE ELLER VOKSAST AV SEG SJØLV.-takk.

4: «Autistiske born har ikkje empati»

Mine sine skjønne gutar har empati i bøtter og spann <3  Men dei kan ofte misforståast. Blant anna kan dei le seg skvett forderva over at nokon dett å slår seg. Folk vert jo heilt  rysta, tenk å gjere noko sånt!

Men, såg de ikkje den artige skya bak personen som datt?Eller den artige bilen med ein farge som såg ut som ein tomat?

Det er ikkje sikkert dei har fått med seg at personen tryna ein gong, då deira fokus var på ein heilt annan plass.

5: «Asperger syndrom er ein «autisme light» «.

NEI! Asberger syndrom er ikkje ein light versjon av autisme. Og det er etter mitt syn ein av dei mytane som må drepast ved den spede begynnelse.

Difor er eg personleg veldig glad for at diagnosa skal forsvinne og at alt skal heite autisme spekter forstyrrelse (ASD)

Born med Asberger syndrom treng ofte i like stor grad som infantil autistane oppføljing og støtte.

Og, born med Asberger skjønar ofte verden betre enn infantil autistane, og ergo i større grad føle nederlag og at dei er mislukka.

Det som ikkje er ein myte, men sannhet utan modifikasjonar er at autistiske born høyrer og oppfattar. Misforstår ofte, og blir ofte misforstått.

Om ein har språk eller ikkje så er sårande ord like vonde for dei som for andre.

Det er noko vi vaksne bør ha på minnet.

blogg 12 april

 

Autistiske born er vanlege born, dei bare ser livet frå eit litt anna ståsted enn andre.

Lat ikkje myter øydeleggje for dei, lurer de på noko, ikkje syns, men spør:)

Det set iallefall den mammaen her svært stor pris på <3

Blogg 12 april 2

 

Ha ein superb søndag!

 

<3<3 Ragne Beate