Kan ein drukne i eit skjemavelde?

20. april 2015

Hei og hopp!

Her kjem vestlands frua med fleire merkelege refleksjonar, og i dag skal eg ta føre meg Noregs skjemavelde.

DU STORE MI TID!( Ja, det finnast ikkje anna å seie, eg kunne sjølvsagt ha brukt mine flotte nordnorske glosar, men eg tenkjer det får holde med store bokstavar 😉 )

Eg har altså ikkje i mi levetid opplevd makan enn etter eg var mamma til born med spesielle behov.

Og der finnast eit skjema for det meste, det er i alle fall heilt steikje sikkert, alle skal få 🙂

blogg 20 mai

Bland anna kan ein ikkje sende inn dokumentasjon til NAV utan ei forside.

Om eg har prøvd, undrar de kanskje?

Jauda, eg har prøvd opp til fleire gonger, det vil seie, eg har då gløymt og finne ei slik forside, eg har berre sendt inn dokumenta eg.

Då får eg dei sendt i retur, med eit flott brev attåt, der det står:

«De manglar forside».

blogg 20 mai 1

Eg har og vore så syndig at eg har prøvd å sende inn dokumentasjon på Georg og Laurits i same konvolutt, med ei forside.

Nei, det går diverre ikkje, skal ein sende inn dokumetasjon, i same komvolutt, så må den kome med 2 forsider, ikkje berre ei.

Då kan det hende at det kan gå ann å sende inn dokumentasjonen i ein konvolutt.. mogeleg, eg er ikkje heilt sikker… eg er konsekvent begynt å sende inn i 2 konvoluttar.

Sida den tross alt ein eller annan gong må nå den mottakaren som faktisk har bedt om dokumentasjonen.

Det her var eit eksempel på mitt skjema velde, og det er berre toppen av isberget, eg orkar ikkje skrape så mykje i overflata, for eg er redd det då renn ut noko eg ikkje ynskjer å feste til papiret 😉

Men tenk på all dokumentasjonen som gutane har fått på sine 7 år. Vi snakkar IP, IOP ,IOPD, det er ansvarsgruppe møte referat, referat frå andre møter, avlastnings referat, avlastnings vedtak, enkelt vedtak, dobbelt vedtak, eg e pina meg sikker på at eg kan klare å oppdrive eit trippel vedtak om eg hadde gått inn for det.

Og ikkje minst testing.

No skal det sant seiast at gutane mine er ikkje «overtesta», vi har kun testa det vi har følt har vore nødvendig i forhold til å leggje godt nok til rette for gutane, vi har eksempelvis kartlagt sensitivitet i henhold til lyd ol, noko som var høgst nødvendig for å gje dei rett oppfyljing.

Men det krevs og ein heil haug med papir.

Og kor mykje tid det tar, dokumentering tar tid, uhorveleg mykje tid.

Men det gjeld jo ikkje berre born med spesielle behov.

Jakob, som er ein heilt vanleg frisk og oppegåande gutlarv, er blitt kartlagt og dokumentert sida han begynte i barnehagen.

Jammen brukar lærerar og pedagogar mykje tid på kartleggjing.

Er den alltid nødvendig? Eller hensiktsmessig?

blogg 20 mai 2

Eg druknar litt i mitt skjemavelde tidvis, korleis ligg det ann med dykk?

 

Ha ein flott måndag!

 

<3<3 Ragne Beate