«Åja, det stemmer, du går berre heime du..»

27. april 2015

Mange kvinner med born som har funksjonshemmingar dett utanfor arbeidslivet.

Dette er ei sanning utan modifikasjonar.

Ikkje alle, på langt nær ikkje alle, men mange gjere det.

Kvifor er det eigentleg slik? Kva er skilnaden mellom ein funksjonsfrisk familie og ein som har born med utfordringar?

Eg ser på mine syskjen, som har fulle jobbar, både små og store born, og dei spring tulling mellom jobb, fritidsaktivitetar , turnus jobbing,  dugnadsarbeid og innimellom skal dei prøve å få hive i seg ein matbit, sørgje for at det vert krota ned eit par velvalgde linjer på leksene til borna før dei så skal hivast i seng, og ein får eit par timar før ein sjølv slepe seg til bingen for å ladde til ein ny dag.

Det er jo ikkje slik at ein vanleg familie ikkje har det hektisk og krevjande.

blogg 28 april 2

Samfunnet er blitt ein karusell ein nesten berre må klamre seg fast på for å ikkje dette av, miste fotfeste på, dette ned i mellom, ikkje klare å fylje opp..

Kvifor klarar ikkje vi som kvinner og mødre med born som dett utanfor A4 boksen denne dansen i samfunnet?

Svaret er eigentleg så enkelt som det er banalt. Vi kan ikkje dele oss, kor mykje vi enn ynskjer å gjere det.

Våre born krev oss med hud og hår, et oss tidvis til frukost, for å gulpe oss oppatt til lunch ,det  kan verkeleg føles slik avogtil.

Vi har ikkje mogelegheit til å berre få ein barnepassar om det skulle skjere seg, eller sende bornet til naboen for å vere eit par timar.

Det må fyljast, passast, leggast til rette.

Ofte godtar bornet ikkje andre enn deg, sjølv om du har brukt timar, kanskje år på å klare å gjere det litt meir fleksibelt, litt meir klar, modnast litt meir, kanskje om 3 mnd ? Kanskje om 6 mnd? Åh, eg håpar vi kanskje klare det til neste år!

«SFO passar nok ikkje ditt born, det vert nok for kjevjande»

Ja, du veit det!  Det hjelp ikkje kor mykje ein legg til rette, det vert for ustrukturert, det vert for mykje lyd, det er for mykje stress, ja du veit det!

Så gullet kjem sjølvsagt heim, heim til den trygge basen, til ro, stabilitet.

Du ser gullet senkje skuldrane, pusten går rolegare, og han begynne å nynne mens han held på med sitt.

Det var rett å ikkje gå på SFO skjønar du. Men var det rett for deg som mor?

Blogg 28 april 1

Det krevs av det offentlege at du stiller på møter og utredningar.

Motiverte, reflekterte, og ikkje minst med ein og annan pigg klar, om det skulle skje at ein trengte å finne fram tigeren i seg.

Du skal og vere tilgjengeleg på telefon så lenge bornet ditt er i offentleg omsorg, som avlastning eller skule.

Det skal alle foreldre, det veit eg, men kor mange telefonar får du angåande ditt born i løpet av ein mnd?

Eg orkar ikkje å tenkje over kor mange eg kan få om våre.

Det er ingen som kan gå inn å ta din jobb heime. Det finnes ingen vikar, ingen ferie, ingen avlastning i verda som kan  ta over og gje deg litt fri.

Du er dømd til eit liv på «jobb» 24/7, om ein kan bruke så sterke ord.

Ein jobb som ikkje forsvinn når bornet er 20 år, og skal ut i den store verda, dette er jobben du har til den dagen du parkere tøflane og tar helg for godt.

Der er forskjellen mellom ein «vanleg» familie mamma, og ein mamma med born med funksjonshemmingar.

Ingen kan ta over koordineringsansvaret i heim.

Difor vert desse mødrene sjuke, utbrende, utslitt og sjukmeldt.

Dessverre.

Veit de kva eg saknar mest med å ikkje ha ein arbeidsplass å gå til kvar morgon?

Eg sakna å ha kollegaar! Å ha nokre å ha eit fellesskap  med, ein vaksen relasjon som ikkje har noko med borna å gjere i det heile! Det saknar eg skikkeleg!

No er eg nettstudent, det var den måten eg kunne klare å kome meg vidare på, og jobbe mot å klare å kome meg tilbake igjen til arbeidslivet. Eg er heldig der.

For mange er vegen tilbake frykteleg tung, og ein kan og oppleve at den vert uoverkommeleg.

Då spør eg, har dei eigentleg eit reelt val?

blogg 28 april 3

Kva tenkje du?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Kristine G.

    Det er ikke A4 å ha barn som ikke er A4. Enig med deg. Og du skriver som vanlig knallgodt og treffer spikeren støtt. Vær en stolt Mamma Ragne. Dine barn har det veldig bra. Takket være deres foreldre. 🙂

  • Oddrun

    Har smakt litt av det du skriver og tenker at eg har djup respekt for dei om blir ståande i denne jobben. Ikkje at de/me har noko særleg val men like fullt respekt og sympati.

  • Laila Haldorsen

    Her var det mye å kjenne seg igjen i.

  • Unn

    Slik er det ja. Nå er mitt gull snart 17, og jeg er sykemeldt for å gjøre den jobben et helt team ved den videregående skolen klarer. Nemlig å ta meg av mitt autistiske gull på en god og hensiktsmessig måte, med faste rammer og et tilpasset opplæringsmål. Så får vi håpe at kommunen er tålmodig med meg denne gangen også., og at jobben min som pedagogisk leder venter på meg fortsatt når fylkeskommunen omsider finner det høvelig å tilby gullet mitt en god skoleplass. Klem til deg, Ragna ☺

    • Unn

      Jeg mente selfølgelig den jobben et helt team IKKE klarer.

    • ragne

      Det finnes heldigvis helter som deg Unn <3 Masse lykke til, du gjere ein enorm jobb! <3 Ragne

      • ragne

        Eg satt som nestleiar i AIN Sogn og Fjordane fram til i vinter, då måtte eg ta meg ei pause, men har store planar om å retunerer tilbake ja. Frem til det så bedriv eg min eigen «autismevei» 🙂 Kjenner godt M&R gjengen ja, spesielt Helga Kvien som er ei god venninne av meg 😀

  • Gunn

    Åhhh du Ragne, du Ragne……Det kjennest helt innerst i hjarterota når eg les det du skriv. Respekta for deg og alle andre mødre (og fedre) i denne situasjonen er enorm. Men det som du seier; når du høyrer «gullet» nynne for seg sjølv, i si eiga «verd», då veit du at roen og tryggheita er der.

  • Unn

    Takk, Ragne. Men jeg føler meg nok ikke som noen helt. Man gjør ganske enkelt det man må.
    Nå har jeg lest gjennom deler av bloggen din, Ragne, og den er rett og slett herlig. For et pågangsmot og for en humor du har 🙂 Jeg kommer til å følge bloggen din videre.

    Sitter du i styret i autismeforeningen i M&R? Det gjorde jeg i noen år da jeg bodde på Sunnmøre, og det var en super gjeng i det styret 🙂

    Ha en fortsatt fortreffelig dag.
    Mvh Unn

  • Laila Dhiflaoui

    Har ikke barn med autisme men kan likevel kjenne meg igjen i enkelte ting. Dette er sikkert også fordi du skriver så godt og levende. Stor respekt for din blog (og deg selvfølgelig) Håper du mestrer utdanningen og finner plass til å utøve yrkesvalget ditt. Lykke til =)

  • Cecilie

    Hei, som eg skulle sagt det sjølv. Vi skulle hatt slike supernøtter eller noko anna kraftig styrkene. Helsing mor til 1+3.