«Autismetrollet»-det usynlege som alltid vil vere der.

28. april 2015

Tusen takk for gode tilbakemeldingar på førre blogg innlegg, eg skal innrømme at det vart litt sårt og skrive det, eg likar ikkje å bli satt i bås.

Eg tenkte eg skulle dra det litt vidare, vekk frå å «berre vere heime» til å skjøne utfordringa som er heime.

Eller «autisme trollet» som eg kallar det.

Begrepet «autismetroll» fant eg på ein gong guten vår Jakob som no er 9 år, kom heim og fortalde at han hadde forklart nokre kompisar at  brør hans gjorde litt rare ting av og til, fordi dei hadde autisme.

«Men mamma, dei skjønar jo ikkje kva autisme er, for det vise ikkje!»

Heilt korrekt unge Larsen, det vise ikkje!

Ikkje ein fot som er lenger enn den andre, ingen briller med blinkande lys som skal indikere at det er noko meir enn at ein faktisk treng briller for å sjå.

Heller ikkje ein rullestol eller eit høyreapparat, ingen skjeive auge eller rullande auge.

Rett og slett umuleg å sjå.

Eller er det det?

For det blotte auget er det nok det, eg ser jo sjølv mykje av  stimming, repeterande adferd ol, men eg må nok kunne min autisme og kjenne mine born for å seie at det er det som skjer.

«Det er  «autismetrollet» sin feil» forklarar eg Jakob.

Eit troll er jo ein skapning som lagar litt trøbbel i rekkjene. Den likar ikkje sola, så den opererer om natta, det er nemleg derfor dine brør søv litt dårleg skjønar du Jakob gull <3

Og sida trollet ikkje likar sola, så vil det også halde seg mest i skuggen, ute av sikte men alikevel alltid der, reie til å lage noko kluss.

29 april 1

Det treng ikkje alltid å vere negativ det trollet finn på, nokre gonger er det rein komedie.

Som den gongen gutane fylte dusjkabinettet med dorullar, og vatn. Dorullane var «Titanic» skjønar de, og som de alle veit, TITANIC SYNKER!

Då trudde eg at eg skulle miste Jakob, han lo så han grein.

Forøvrig er eg ikkje sikker på om dusjkabinettet nokon gong vert det same igjen, men det er no ei heilt anna historie

Andre gonger er det ikkje like morosamt. Det kan vere når ein føler at ein blir totalt satt til sides, fordi mamma må trå til med dei små, eller at man opplev episodar som er direkte flaut.

Då opererer «autisme trollet» på den fæle måten.

««Autismetrollet» er også svært lite grei med dine brør», seier eg og. Det slit dei ut, stille krav dei ikkje klare å håndtere, spenner fot for dei når dei skal prøve å vere ilag med andre, for det er ikkje så enkelt for dei, når dei ikkje skjøner kva vi meinar.

Dei tolkar heller ikkje slik som vi gjere, dei klare ikkje skilje mellom forskjellige følelsar. Dei rotar slikt i hop skjønar du venen min.

29 april 2

Difor gjere dei då rare ting, lagar merkelege lydar, eller berre går.

Og det er då vi ser det, når dei går på trynet på denne måten, og ofte er det då for seint.

For seint til å avverge, for seint til å redde, då må man ta det som kjem.

Sjølv om det er  både trasig og vondt- og ikkje så reint lite flaut.

Men , det er også «autismetrollet» som gjere at dine brør er så kjempeflinke med å hugse tall, klarar å sette rett navn på rett land på globusen, navn på land som til og med mor di på 35 år ikkje heilt kan hugse å erindre å ha sett på globusen før.

Det er «autismetrollet» som gjere at dei klarar å hugse fakta opplysningar om skipsforlis, og det er «autismetrollet» som gjere at dei har den  crazy facinasjonen for gravgårdar.

Stilt og rolig, eller bråkete og krevjande vil «autismetrollet» vandre ilag med oss  heile livet, heilt usynleg, men alltid tilstades.

Vi får gjere det beste uttav det 😉

29 april 3

 

Det er Jakob heilt einig med meg i!

 

Vart de noko klokare?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • Kari Hovland

    Godt forklart det med trollet. Ikkje enkelt å vite kva ein skal svare når dei lurer….