For ei dag! For et ver! For ein opplevelse!
I dag har eg og mine 3 yngste gutar vore på fjellet ilag. Georg er påmeldt «vintertrimmen» saman med avlastar familien sin, og der var det eit fjell han ikkje hadde vore på før, så her var det berre å hive seg rundt.
Eller, eg byrja prosessen på søndag. Ein må det for å få ein vellukka tur.
Fyst må turen lanserast, så må vi skrike litt om at vi ikkje vil, det er slitsomt, vi kan bli våte, der kan vere frosk, orm ,mygg og ikkje minst maur.
Georg har ei greie for maur, han hata dei!
Dag to må på ny fjelltur lanserast, sjølvsagt same fjell og same mål. Då må det diskuterast om det mogeleg er andre plassar vi heller skulle ha gått enn akkurat den fjelltoppen som mamma ynskjer at vi skal.
Gutane har alltid då kvar sitt val, og dei ryk sjølvsagt i hop , og, ingen ynskjer å gje seg.
Det litt vittige her er at Georg opererer med to toppar alltid, han har mitt val, den som fyrst vart lansert på søndagen, også har han eit anna som han og skrik høgt om at han skal gå på, Laurits har som oftast berre eit.
Georg er nemleg smart nok til å skjøne at det ende opp med mitt forslag, og på den måten så tapar han ikkje «kampen», men går vinnande ut med fjelltopp nr «2» på hans liste men a likevel nr 1 føre broren.
Han har ei greie med at han alltid må vere fyrst, gå fyrst, og ynskjer å bestemme over seg sjølv og kontrollere kvardagen sin.
Det kan han ikkje, det må vi vaksne gjere, men av og til så kan det vere litt taktisk lurt å «la han vinne» fjelltoppen, turen vert merkbart lettare då.
Broren får også sjølvsagt vinne , men då må eg lansere fjelltopp tur fredag, det trengs litt meir tid då 😉
Dag tre legg vi alltid planen for korleis vi skal kome oss til start, kortid vi skal gå, og tidsperspektiv opp og ned sånn ca, kva som skal vere i sekken, og så er vi «good to go» 🙂
På fjellet er vi familie. Det er den arenaen eg verkeleg føle vi er «ilag».
Går mot same mål, småpratar som synkande Titanic, kor mange båtar det ligg sunke på Stadthavet, hoppar hendig over kor mange skjelett som eventuelt ligg der.
Vi pratar og om andre meir «normale» ting, som korleis skuledagen har gått, om ein likar matematikk eller ikkje, og kva ein ynskjer å gjere i sumarferien.
Gutane har mange ynskjer, og ofte så ynskje dei ting eg ikkje har tenkt på i det heile, men som kjem susande på fjelltur, heilt ut av det blå.
Ofte vert eg heilt satt ut, korleis kan dei tenkje på slikt?
Og , det gjer ei fantastisk mestring når dei når toppen <3
Eg trur at det å gå i fjellet gir dei ein trygghet, ei senking av krav kanskje?
Det virke i alle fall som at det e lettare å formidle i «skauen» enn på kjøkengolvet heime.
Og ikkje minst, vi får rolegare kveldar, slitne born på ein god måte, ikkje berre slitne av inntrykk.
Bakdelen er sjølvsagt at dei er i ferd med å bli i kanon form, så her må berre mora henge seg i selen, så ho ikkje blir sprungen i frå!
Eg er glad vi har funne fjellet, funne måten å vere ilag på som er så å seie konflikt fri, og god, det er jo det som er det viktigaste..
<3 Å kunne få vere ein familie <3
Har de ein slik plass?
Ha ein fin fin onsdagskveld <3
<3<3 Ragne Beate