Rundlurt av ein 7 åring, ja eg legg meg flat!

6. mai 2015

Kor mange gonger har de opplevd å stå fast på de du har bestemt, man føle seg så prinsippfast, kanskje litt kynisk og kald, på ein god måte, ein føle seg vaksen, som ein anstendig oppdragar.

Stolt står du der, forklarar så fint : «Nei venen min, i dag kan vi  ikkje gjere  akkurat slik du vil, nei, det er ikkje rom for å kjøpe verken sånn eller slik.»

blogg 6 mai 1-1

Argumenta går sjølvsagt mellom dykk.

Om mine gutar har utfordringar, så er dei rimeleg viljesterke når det er noko dei virkeleg ynskjer seg.

Du forklarar med roleg stemme at det ikkje finnast ein snill onkel , tante ,søskenborn eller anna slektning frå Amerika som sit inne i minibanken og spyr ut hundrelappar alt ettersom situasjonen endrar seg i henhold til ynskjer og behov.

Du legg æra di i å forklare livet krinslaup, med at ein må jobbe for å få pengar inn, at det ikkje er ein einaste ting her i verda som er gratis, anna enn ein klem, og det delar vi ut i bøtte og spann alt ettersom det passar seg.

At pappa jobbar som ein helt for  å» berge hus og heim», difor må han vere så mykje vekke , mens mamma med struktur og orden får betalt rekningar og sørgjer for at det til ein kvar tid  er meir eller mindre sunn mat i kjøleskapet (ehhh.. i alle fall i teorien).

De skjønar, her har man kustus, struktur ,orden og står steilt i stormen.

Trur du..

Borna dine har ein eigenskap, kven dei har arva den frå, det må gudane vete, men ein eller annan plass har dei fått den.

Stikkord her er uthaldande, høglytt, gjentakande, gjentakande, gjentakande, og ja, eg tenkjer eg sleng på ordet intenst!

Dag ut og dag inn, frå tidleg morgon til seine kvelden så høyre du:

«Mamma, det einaste eg ynskjer meg er ein»

«Mamma, kortid kan eg få ein…»

«Mamma,eg må berre få»

«Kortid mamma, i mårra mamma, i over i mårra mamma? I mai mamma??? «

«Mamma, no er det mai mamma, er det no mamma, får eg no??»

«Mamma, eg trenge ein sånn en mamma, det einaste eg ynskjer meg mamma, eg må mamma!»

Sakte men sikkert så senke du guarden, du begynne å tenkje etter om kanskje guten treng ein slik ein..

Du høyre det så mange gonger at du lure faktisk på om det er mogeleg at guten kan klare å ha eit meiningsfylt og godt liv utan ein slik ein..

Du ser dådyraugene, du kjenne på kjærleiken, du blir totalt rundlurt, metta av mas!

Så du kjøpe kofferten med Noregs flagg til Laurits!

Til og med den største dei har!

blogg 6 mai 1

(forøvrig, eg er unnskyld , det var den siste dei hadde)

Når guten går med kofferten ned mot kassa så snur han seg mot meg og seie, på kav østlandsk:

«Mamma, nå er jeg klar til å reise til Vestre Gravlund i Oslo for å besøke graven til Martin Linge for nå har jeg koffert som passer til det!»

blogg 6 mai 2

Sukk…

 

AND HERE WE GO AGAIN!

 

Ha ein fantastisk onsdag!

 

<3<3 Ragne Beate