Husmor ferie er ikkje å forakte!

10. mai 2015

Då kjem det blogginlegg frå fruen igjen, det har vore tyst sida onsdag, og grunnen er enkel.

Eg har vore på husmorferie i 4 dagar!

Ja, tenk det, kontrollfriken har lagt ned moppen, snudd ”raua” til vaskemaskina, og overlatt styrepinnen til maskinisten for ei helg.

blogg 10 mai 1

Også har eg kjørt tog!

Tenkt på det! Vestlenningen har kjørt tog, og det skal ein ikkje kimse av altså. Når vi dreg nordover på ferie til svigermor og svigerfar så er det halleluja stemning i bilen etter Otta, for då kan vi speide etter tog.

Så eg har fått ein heiderplass eg no på tograngeringa i heimen, eg har nemleg vore ombord!

blogg 10 mai 3

Eigentleg er eg særs dårleg på slike feriar, og grunnen kan eg eigentleg lett tenkje meg.

Når ein er vande med å alltid vere på, så skal det meir til enn eit par dagar for å koble seg av, for så å logge på att.

Også er eg kvinnfolk, garantert av verste stort, typen som gjere det meiste sjølv, orkar ikkje spør om hjelp, då eg blir dritsur av å vente på at ting skal bli gjort.

Blir ting gjort, så rettar eg på det, for det vart ikkje gjort slik en ynskjer det.

Nokon som kjenner seg att?

Men, det skal sant seiast, Ragne Beate er begynt å bli ein dreven ”globetrottar” som snart kan ta fagbrev i å slappe av.

Eg trur det kan vere fordi eg kjem til vener som kjenner meg, som står, har stått, eller har hatt utfordringar som liknar mine.

”Åja!”, tenkjer de då, det er ein sånn”vi sit og deppar over eit glas vin og snakka om kor grusomt vi har det!”

Vel, det er tvert imot!

Når ein er trygg, slepp å forklare, har vener som ler på same plassane som degsjølv,  så treng ein ikkje å bruke tida på å deppe <3

Tusen takk til Mette, min gamle lærar frå grunnkurs hotell og næringsmiddelfag ved Måløy vidaregåande skule, som lagde den beste ramslauk suppe eg nokon gong har smakt til meg, og ein laaaang god samtale

blogg 10 mai 2

Eg hadde eit fantastisk døgn hos deg i Sandefjord, og gler meg til å kome attende <3

Så Vibeke, min ”partner in crime” og fantastiske venninne <3

2 flotte dagar i Horten, avslapping og kos, akkurat det eg trengte, og mykje latter <3

Samtidig som dei alvorlege samtalane også kom på banen, det kan vere mykje ro i samtalar som er vonde også.

Eg skulle ynskje ein turte å ta dei litt oftare..

Og til maskinisten som har hatt styrepinnen i heile helga.

”Du er du og du duger” <3

Heimen står, gutane er heile og jammen har du ikkje brukt helga til å byggje Olabil med  dei.

blogg 10 mai 4

Eg er stolt av deg <3

 

Kos dykk siste timane av søndagen, så kjem eg sterkare tilbake ut i veka 🙂

 

<3<3 Ragne Beate