«meltdown» eller raserianfall? Vi må iallefall tørre å snakke ilag!

13. mai 2015

I dag skal eg skrive eit litt vanskeleg blogginnlegg.

Vanskeleg på den måten at eg ikkje er pedagog eller psykolog, ei heller sosionom eller barnevernspedagog.

Eg er heiltidsmamma med kompetanse som fagmor, og ei steikjande bra fagbrev som institusjonskokk.

Men eg skal alikevel prøve å skrive eit blogginnlegg om «meltdown».

Eg har reflektert mykje over det å ha born som ikkje kjem innanfor A4 boksen, og korleis det må opplevast utanfor.

Rekk opp handa de  av dykk som har stått å sett på ein situasjon, eller observert  eit eller fleire born som er meir eller mindre aktive , som plutseleg ryk i hop og tenkt:

«Han der han MÅ bare ha ADHD altså!»

Viss de hadde sett meg no, så hadde eg stått øverst på frysaren med begge henda strekt opp mot himmelen, så langt det er mogeleg å strekkje to hender.

Og eg er autisme mamma altså, eg har ikkje vore i a4 boksen på mange herrens år, eg trur faktisk ikkje eg hadde passa inn der lenger sjølv om eg hadde fått innpass att.

blogg 13 mai 1

Vi dømme før vi veit, slik er det berre.

I autisme teminologien så har vi eit utrykk som kallast «meltdown».

Og no skal eg vere heilt ærleg med dykk.

Eg ante ikkje heilt kva det ordet betydde før eg googla det i førre veke fordi eg hadde tenkt å skrive det her innlegget, og ville ha fakta rett.

Men eg har vore ein ivrig brukar av ordet gitt 😉

Så, saksa direkte frå verdsveven kjem no definisjonen på «meltdown» tatt frå autismesiden.no :

«Hva er et meltdown?»

«Et meltdown er når en Asperger midlertidig mister kontrollen på grunn av følelsesmessige reaksjoner på miljømessige faktorer.»

«Generelt sett ser det ut som om Aspergeren har mistet kontrollen over et enkeltstående og spesifikt emne, men dette er sjelden tilfelle. Vanligvis er problemet at flere irritasjonsmomenter fra et relativt langt tidsrom akkumuleres, spesielt med tanke på den sterke langtidshukommelsen mange Aspergere har.»

AHA!

Her gjekk det opp nokre lys for unge lovende Larsen.

Legg merkje til nest siste setninga : «Fleire irritasjonsmoment frå eit relativt langt tidsrom»

Ein autistisk «meltdown» er altså eit resultat av mange forskjellige faktorar som tilsutt gjere at det bare seie stopp og verda rasar.

Men, då har ikkje gutane ein «meltdown»  når dei rase over at dei ikkje får syltetøy på skiva si den dagen, ei heller har dei ein «meltdown» når dei kaste frå seg joggeskorne i raseri fordi dei heller vil ha på seg støvlar på skulen.

På skulen har Georg heller ikkje ein»meltdown» når han nektar å ha på seg regnbuksa si. Han har ei greie med det, han hatar å ha på regnbukse.

Og  dei heller  ikkje ein «meltdown» når eg seier, på same tidspunkt  kvar ein einaste dag klokka 1930 at det er på tide å leggje frå seg bilane, for no er det kveld, og dei er meir eller mindre høglytt ueinig!

Veit de, det kallast å være heilt normalt det <3

Når det er sagt så har eg opplevd skikkelige «meltdowns», og det er ikkje eit vakkert syn å sjå nokon du er glad i ha det så vondt.

blogg 13 mai 2

Slike episodar kjem eg aldri til å skjildre på min blogg, av respekt for mine, og eg har heller ikkje verken ynskjer eller behov for å gjere det.

Men, eg ynskjer at dei som les bloggen min, foreldre, andre pårørande, forhåpentlegvis ein og annan lærar eller pedagog skal leggje merkje til  det eg skriv no.

«Ein liten bagatell kan verte eit stort monster om ein ikkje tør å snakke  om det»

Om eit born får ein «meltdown» på skulen og ikkje berre ein reaksjon på at det er høgst ueinig i situasjonen som det akkurat er i, så må ein tenkje langsiktig.

Kva kan ha skjedd? Når kan det ha skjedd? Kvifor har det så skjedd?

Og ein må tørre å snakke.

Som foreldre må vi tørre å høyre at ting ikkje alltid er ok, sjølv om det ikkje akkurat er det kulaste på jord, som lærerar må ein tørre å gå i dialog med denne  mammaen eller pappaen som ikkje synast at det her er det kulaste på jord, og ein må la bornet få formidle, på den måten det klarar, kva som har skjedd, i etterkant.

Her heime kallar eg det 1000 spørsmåls boka.

Og eg kan love deg ein ting, man kan miste både mål og mæle mange gonger når ein innser kva som faktisk var dråpen som gjorde at det rant over.

Diverre går det ofte på feil tilretteleggjing over tid ,som gjere at stressnivået bikkar over og det til slutt smelle.

Eg veit at det eg skriv over her tar tid.

Eg veit det eg skriv over her krev mykje av pedagogar og lærerar.

Eg veit at ting ikkje løyser seg over natta.

 

Men eg trur at om ein tar dei små signala alvorleg, så unngår man ein «meltdown».

Og eg tenkjer at med god kartleggjing i etterkant av ein «meltdown» kan ein unngå mykje problem i framtid, mindre avvikskjema, mindre innsendingar til fylkesmann, og i det heile ein mykje betre samarbeidsklima for alle.

Kan vi ikkje berre ta oss den tida?

blogg 13 mai 3

 

Kva tenkjer de?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • REIDUN

    utrulig viktige og sanne ord du kjem med her

  • Merete

    Du beskrive det så utrulig bra! Denne teksten skal jeg skrive ut å henge på arbeidsplassen min (boliger for utviklingshemmede) om jeg for lov? Dette er svært viktig for alle som møter andre mennesker å ha i bakhodet!!! En vet ikke hva noen av oss bærer med oss i ryggsekken vår fra før. Den utløsende faktoren kan for utenforstående virke så liten. Men for personen selv er dette dråpen som fikk det til å flyte over. For mennesker som har en utviklingshenming har de allerede mye i ryggsekken sin som de sliter med som oss «normaltfungerende» ikke greier å sette oss helt inn i.

    Takk for en fantastisk blogg. Du inspirerer meg til å gjør en god jobb og kommer med mange tankevekkere.

  • Sidsel Anita Ekblad Itland

    Takk for nok et godt innlegg. Jeg kunne hatt lyst til å sitere deg på noen av konklusjonene du trekker om dette å ta seg tid til å analysere hva som ligger til grunn for at det har bygget seg opp over tid. Dette er moment som mange lærere i skolen og en del av våre sosiale nettverk ikke ser eller skjønner. Jeg har flere ganger opplevd lærere som iler til og skal rette på dråpen – istedetfor å gjøre noe med det fulle glasset.

  • Hilde Julsrud

    jeg er så lei av å lese slikt som at » det er slikt som lærere ikke ser eller skjønner» at jeg sluttet å jobbe som lærer. Prøv selv å samarbeide og se ting i perspektiv. Det mangler ressurser i den norske enhetsskolen, det må flere voksne inn, faglærte pedagoger og spesialpedagoger. SLUTT å syte.

    • ragne

      Eg føle ikkje at eg syte, innlegget e mein som å avklare forskjell mellom meltdown og raseri anfall.Eg har heldigvis verdens beste ansatte på mine sine med et topp samarbeid. ☺

      • ragne

        Og ps: manglande tilrettelegging skjer og heime, ikkje berre i skulen,difor må ein snakke ilag og finne løsningen ilag, men som sagt,det tar tid…