Korleis fortel man bornet sitt at det har ein autisme.

14. mai 2015

Jaggu vart det ikkje ein ny fridag-igjen! Mai er og blir eit lite «helvete» for oss, med alle innlurte fridagar og brudd i rutinane, men no er det no eingong slik, så vi får berre gjere det beste uttav det.

blogg 14 mai 3

Ein annan ting som og plutseleg slo meg som lyn frå klar himmel er at det er berre 5 veker igjen før skulane sluttar!

Tenk, eg har hatt fyrsteklassingar i eit heilt år allereie, kor vert tida av?

Noko eg veit mange foreldre grublar mykje på, og som eg ved fleire høve har diskutert med andre, er korleis fortelje bornet sitt av dei har ei diagnose.

Og ikkje minst, noko eg i alle fall legg svært stor vekt på, at ein ikkje er sjuk.

Autisme og adhd, det er ikkje sjukdommar, det er ein tilstand som gjere at ein tenkjer og føler litt annerleis enn andre born.

Og nei, den smittar ikkje.

Eg hugsar Jakob var veldig oppteken av det for eit par år sida, etter ei forkjøling, om ikkje han og snart skulle få den der autisme sykja.

Mange har og den utfordringa at ein får ei diagnose seint. Kanskje er man allereie komen godt oppi tenåra, og har opplevd mykje trasig før ein endeleg klarte å lande på  at det faktisk var ein autisme som var grunnen.

Vi brukar ordet autisme heime, det har vi gjort alltid.

Eg brukar ordet autisme for å forklare når vi har havna i kjedelege situasjonar, og  eg brukar ordet autisme for å forklare når dei gjere eksepsjonelle ting som ingen andre born på den alderen gjere.

«Ehh… er du helt teit Ragne» tenkjer kanskje nokre av dykk. Må man virkeleg ha eit slikt fokus på autisme heile tida.

Misforså meg rett, eg går ikkje å masar om autisme i tide og utide, men eg bruke ordet når det trengs, for å avmystifisere det.

For å gjere det trygt og ikkje skummelt.

Mine skjønar ikkje diagnosa si enda, det er dei for små til, men dei er ikkje for små til å skjøne at dei er annerleis.

Dei FØLE at dei er annerleis, dei opplev at dei kjem til kort, og dei opplev at dei ofte må trekkje seg frå situasjonar, og at dei ved mange høve havnar i situasjonar der dei vert misforstått.

blogg 14 mai 2

Og kva kjem etter slike situasjonar?

Jo, nederlag.

Mange nederlag.

Difor må mamma inn og hjelpe med å snu nederlag til meistring, forklare kvifor det gjekk åt skogen akkurat der og då, og etterpå vise kor mykje dei faktisk kan, som ingen andre på deira alder kan.

Mestring er alt!

Eg har jo sjølvsagt hatt eit famøst forsøk på å gjere dei godt kjend med ASD diagnosa.

Så, eg bestilte eit hefte frå www.spiss.no som heite «Eg er unik»

blogg 14 mai 1

Kjempebra hefte altså, ingenting å seie på det.

Det finnast forøvrig fleire bøker og hefter som kan hjelpe til for å forklare borna om deira autisme.

Anyway, eg tar heftet, set Georg ved sida av meg, eg tenkte eg skulle begynne med han fyrst, sida  han hadde knekt lese koda, og vi byrja å jobbe oss igjennom heftet.

Guten er supermotivert!

Heilt til vi kjem til ei side som går på  korleis ein ser ut.

Vi skriv inn hårfarge, augenfarge, kor høg han er, kor tung han er, også blar vi om sida.

På neste side står det som fyljer:

«Ingen ser ut akkurat slik som meg, det er fordi utseendet mitt er helt unikt»

Da smell Georg att boka, røyser seg frå stolen og utbryt:

«Mamma, boken lyver! Laurits ser ut akkurat slik som meg!!»

Og då var han fint ferdig med å jobbe med den boka gitt 😉

Du kan seie eg har lagt heile «fortelje om diagnose» litt på is eg etter det 😉

blogg 14 mai 4

 

Korleis ein gjere det, må den enkelte finne ut sjølv, det er mange måtar å gjere det på.

Men gløym ikkje fokus på at det positive, uansett kor negativ bornet kan vere til å faktisk ha fått ei diagnose.

 

Tross alt, det er ikkje verdas undergang, berre ein annan måte å sjå livet på 🙂

 

Korleis har de gjort det?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

  • Gro Anita

    Vi prater ofte om at junior har autisme, spesielt søsteren på 9 er opptatt av det. Junior selv kommer ofte med spørsmål selv og en dag lurte han på hvem andre som hadde autisme. Vi kom frem til at søskenbarnet som han liker veldig godt har autisme, han har en god venn som har autisme. Men hvem andre lurte han og ramset opp forskjellige, men nei de har ikke autisme. Litt desperat sitter jeg og tenker på hvem andre som kan ha autisme for eg vet at junior ikke er villig til å gi slipp på dette samtaleemnet enda. Plutselig kommer katten spankulerende inn, Elvis, en katt som junior er utrolig glad i. Jeg kommer ikke på annet enn å si at Elvis han har autisme… Jøss for en glede hos junior det var jo helmax 🙂 Så i dette huset er det to stykker med autisme 🙂

  • ragne

    hehe, no flire eg godt her :D:D