«Å balansere på knivseggen»

15. mai 2015

Då har eg vore bloggar på verdveven ei stund, ikkje lenge, men lenge nok til at eg føle at eg treng å sette ein liten status.

Er det behov for ein blogg som min i havet av bloggar som florerar på nettet? Eller andre medier for den slags skuld ?

Og, kvar går grensa mellom å skrive om sin familie, ta eksempel frå eige liv, der  eigne born og vert skildra, på ein måte som gjere at dei kanskje reagerar når dei blir eldre.

Eller, for den del no, eg har ein på  snart 10 år som meiner at det mamma seier på generell basis er «uberteit» og at eg utan tvil er noko med det strengaste, slemmaste og mest udugelege mennskje som nokon gong har satt føta sine på moder jord-tidvis.

blogg 15 mai 2

Andre gonger er eg det mest fantastiske individet i verda, som utan tvil berike verda hans på ein måte som gjere at eg  sikke nok hadde fortent ein diplom.

Det er herlege normale delen av vårt liv, som eg er sikker på dei aller fleste foreldre kan kjenne seg att i.

Også har vi den annerleis delen, delen som gjere at vårt liv blir så mykje meir annerleis enn alle andre sitt.

Å balansere på knivseggen i forhold til kva man legg ut gjere eg dagleg.

Ikkje berre eit etisk forhold i henhold til borna, men også ekteskap, og meg sjølv.

Ingenting av det eg legg på bloggen min er «bare lagt ut».

Det ligg arbeid bak, vurderingar, og ved fleire høve oversendt menneskje eg stolar på for overlesning, for at eg skal kvalitetssikre meg sjølv om at det eg no legg ut ikkje går over grensa eg ikkje ynskjer  å krysse.

Eg har og ein flott mann som er min beste kritikar, og foreldre som ikkje er redd for å seie kva dei meinar.

«Men Ragne, kva med borna då, vil dei lese om seg sjølv på nett og synast det er så kult?»

Vel, dei les boggen min allereie, både 16 åringen vår og han som snart er 10.

Georg, som også har knekt lesekoda les den tidvis når han gidde.

Eg kan ikkje garantere at dei ikkje vert forbanna på meg om nokre år fordi eg har blogga om korleis eg har det i forhold til autisme, og brukt dei i forskjellige eksempel.

Det vil vere ein smule arrogant å påstå.

Men veit de, eg tek sjangsen, eg har såpass tiltru til meg sjølv og min vurderingevne, og eg brenn så indeleg for autismesaken!

blogg 2 mars 2

Så over til mitt sjølvstarta spørsmål om ein treng bloggar, bøker, avisartiklar osv  om autisme og born med spesielle behov.

Eg meiner ein treng det, eg hadde aldri takka ja til gåva om blogg, og heller tatt spa weekend i stadenfor, som var den andre delen av gåva om eg ikkje ville ta i mot bloggen.

Som tidligare nevnt har eg tru på åpenhet, og tru på at kompetanse kan byggast via opplysning.

For å bruke nokre ordbilete:

«Om to dagar er det 17 mai, på 17 mai  ynskjer man at ein har folketog og musikantar som spelar i toget.

At ein skal vifte med det norske flagg og rope hurra!

Mange ynskjer berre å  stå å sjå på toget, og det er heilt greitt det, men skal det bli eit tog, så må nokon gå i toget, og andre må spele i korpset for at ein skal få til eit tog.»

Eg er den som stikk hovudet fram, på godt og vondt, og drar min del av eit lass via ein blogg om eit annerleis liv, andre sit i styrer, eller jobbar i andre fora for å fronte ein viktig sak.

Mange i same situasjon ynskjer heller å stå meir på sidelinja, det  finnast mange skjebner, men felles for oss alle er at vi ynskjer å danne eit tog med fokus på viktigheita av  kompetanse, toleranse, åpenheit, samarbeid og eit verdig liv for kvar og ein av dei borna som er født med funksjonshemmingar i dette landet.

blogg 15 mai 1

 

Difor forsett eg å balansere på knivseggen, så lenge eg har noko å bidra med.

 

GOD HELG <3

 

<3<3 Ragne Beate