Inkludering i høgste potens, og ei litt annerleis 17 mai feiring

17. mai 2015

Gratulerer så mykje med dagen alle saman! Tenk kor heldige vi er som bur i eit fritt land, ein ting ein eigentleg burde ha sett høgare enn kun den eine dagen i året.

Vi har ikkje feira 17 mai i år heller, vi har faktisk ikkje feira 17 mai skikkeleg sida i 2009, då tvillingane var babyar.

Jakob har sjølvsagt fått vere med på tog og leikar, men vi har alltid måtta ha delt oss, og når mannen har vore på arbeid, har foreldra mine stilt opp.

I år så «rømte» vi, tok gutane i bilen, vogna på slep og hadde eit fantastisk opphald i Lærdal, med motorik park, der vi faktisk omtrent var heilt aleine, der gutane fekk utfalde seg med trå bilar, vi hadde kjekt besøk i gamle delen av Lærdal, og sjølvsagt ein pitstop på gravgården der 😉

Og ein til skal eg bare fortelje dykk, og det er at er det noko Lærdølingane kan, så er det å fyre av salutt på 17 mai morgon.

Eg var sikker på at eg skulle miste både ongar og vogn slik det smalt!

17 mai antrekket i år vart Titanic t-skjorte, Redningselskapet caps,og kongerike Norge caps (les caps det står Norway på) og kvar sitt 17 mai slips, altså ei slik sløyfe vi festar med sikkerheitsnål på t-skjorta.

blogg 17 mai 1

Med ein is i handa starta vi heimreisa, gutane godt nøgde, då dei følte at dei hadde vore på 17 mai, då sløyfa var på, og vi foreldre, eg skal innrømmte litt vemodig, tenkte at vi prøve på ny til neste år vi 🙂

Resten av 17 mais «på Randen med Ragne» skal viast ein snart 14 år gammal gut som heiter Tony, og bor på Stadlandet.

Etter avtale med mammaen hans, som er ein av mine nærmaste venninner skal eg fortelje dykk ein fantastisk historie, ei historie om stolthet, mot, frynsete nervar, og kva som kan skje når eit lokalsamfunn inkluderere også dei som er annerleis.

Men fyrst ein digresjon ( åh, eg er like stolt kvar gang eg klarar å få brukt det ordet, eg har sagt det før, eg har lært det i autismeforeningen )

Russen har fått mykje pes siste veka, og bror min er som mange sikkert veit russ i år.

Då russen ikkje hadde ein plass å vere natt til i dag, så åpna foreldrene mine huset sitt for ungdomane.

I staden for at dei skulle reke gatelangs og verte kalde, så sto mamma og pappa klar halv 4 natt til i dag, men litervis med kaffi klar, og nysteikte vafler til russen.

Det gjekk litervis med vaffel røre og, det tar på å vere russ gitt!

På det meste var det 27 russ innom barndomsheimen min, og dei var faktisk så eksemplariske at pappa gjekk å la  seg etter ei stund, mens mamma sat oppe ilag med dei!

Mamma og pappa, eg er stolt av å vere døttra dykkar!

Men putting puzzle pieces together

Eg trur at om fleire hadde gjort som de gjorde i natt, så hadde kanskje ein del uheldige episodar vore unngått, det seiat at rota til alt vondt er ledigang, eg trur og det er lettare å havne i trøbbel når ein er kald, sliten, og ikkje har ein plass å vere.

Og til «House of Mirror» russen: TOMMEL OPP! De er flotte ungdomar som Vågsøy kommune kan vere stolte av!

Så over til min store helt i dag <3

Tony er ein snart 14 år gammal gut, som går i 7 klasse ved stadtlandet skule, og har som mine gutar ein infantil autisme diagnose.

Han går i vanleg klasse, men med eige opplegg, som han profiterar veldig godt på, og med assistentar og pedagog som gjere ein fantastisk jobb.

Guten er så inkludert som ein kan vere når ein har eit eige opplegg å forhalde seg til.

Tony jobbar og, 2 timar i veka jobbar han på Bunnpris på Stadt, iført Bunnpris uniform, slik som alle andre som jobbar der. Det skulle no berre mangle, jobbar ein så jobbar ein.

Folk på Stadt er vande til Tony, dei helsar, og dei behandle han som ein hvilken som helst annan.

Tony er også inkludert i samfunnet utanfor skulen.

Sjølvsagt er han mest heime, han trivast best på rommet sitt, med data maskina, han elskar rollespel, set gjerne heile familien i gang i eit eller anna skodespel og han elskar Kaptein Sabeltann over alt.

Men Tony har også ein annan fantastisk eigenskap. Han er utruleg flink til å synge.

For nokre mnd tilbake, på ein elevkveld så imponerte han foreldra sine, og resten av skulen med å synge «Min første kjærlighet» av Jan Teigen solo forran alle saman.

Eg vart rørt til tårer berre av å høyre mora fortelje om det.

Ryktet har gått på stadt om at tony sang, og mamma Ann-Kathrin la og ut ein video på Facebook, og plutseleg ringe tlf.

«Kunne Tony tenkje seg å synge sangen på 17 mai i grendahuset?» spør leiar av 17 mai kommiteen

Mammaen blir rørt, ho blir skeptisk, ho blir ikkje så reint lite redd heller, kan han klare det her?

Han, som har per definisjon feira 17 mai dei siste åra slik:

«Sitte i ein bil bak toget, gå inn på grensahuset og kjøpe 3 melkefrie kaker,og gå heim. PUNKTUM»

«Vi ordne det slik det er best for han, kanskje det er best at han kan vere først?? Og om han trekk seg, så er det ikkje krise, det ordne vi etter kvart»

Mamma spør Tony om han vil synge.

Han svarer : «Ja,mamma, jeg kan synge, viss du lover å bli rørt»

Akkurat det er vel ikkje den største utfordringa..

Vel.. tenke Ann-Katrin, vi prøve!

blogg 13 mars 3

I går var det lydprøver, Tony var der ilag med mamma. Musikk læraren ,som ikkje har noko med Tony sitt tiltak i det heile å gjere, kjøyrde bygda rundt for å få tak i rett playback då musikken ikkje starta slik den skulle.

Tony gjekk på scena, presenterte seg, sa kva han skulle syngje, og at det var ein litt trist song..

Etterpå  takka han for at folk ville høyre på han, og gratulerte alle med dagen.

Så gjekk han av scena og rett heim.

16 mai om natta snakke eg i tlf med mammaen til Tony.

Ho er så nevøs,også seier ho til meg.

«Trur du bygdefolket skjønar kor stort det her er? Kor enormt det er for oss som familie å oppleve, ikkje berre at Tony står på scena, men at 17 mai komiteen vil ha vår gut som er annerleis, til å syngje? Trur du det Ragne?»

Eg svarte nei.

Eg trur ikkje det, men no skal dei få høyre det på verdsveven via meg!

Tony besto med glans, han gjekk på scena og song som han aldri har gjort før, han imponerte til og med familien med å gå i tog og!

Står verda til påske?

På Stadt har dei inkludert Tony, gjort han til ein av sine eigne, autisme eller ikkje, dei har latt han få vise kva han kan, både via å få jobbe på nærbutikken, og ved å la han få syngje på 17 mai!

FANTASTISK!

Inkludering og toleranse <3

blogg 17 mai 2

Eg kjenne ei veldig god venninne som er verdens stoltaste i dag, med seg har ho mannen sin som er på jobb som fiskar, ei flott mormor, ein stemorfar,morfar og fantastiske svigerforeldre.

Ei oldemor fra Horningdal som reiste ens ærend for å høre på Tony, og masse anna familie 🙂

Og ganske så sikkert eit bygdefolk:)

Pluss meg <3

blogg 17 mai 4

 

Gratulerer med dagen nok ein gong <3

 

<3<3 Ragne Beate