«Lat oss snakke litt om omsorgsløn»

22. mai 2015

God kveld  alle saman i skjitveret, og litt sol innimellom!

Georg sat i bilen i går og plutselig så utbryt han : «Herreguuuud altså mamma, kor det regna!»

Eg er nok mogeleg av den sære sorten, men eg tykkjer ikkje at «herregud» er eit utrykk som ein 7 åring skal gå rundt å benytte seg av, så eg korrigerte han på ein fin måte og seie : «Georg,herregud er eit ord du ikkje har lov til å bruke, det har vi snakka om, hugsar du?»

Georg ser på meg og svarar : «Men mamma, du seier jo herreguuuud»

«Å?»svara eg. «Når tid gjorde eg det?»

«Den 10 april i fjor» svara guten skråsikkert.

Ein kan ikkje vere sikker, men det er godt mogeleg eg synda grovt med språket den dagen.

Eg ber om årsak 🙂

 

Elles vil eg seie at eg har ei side på Facebook som heiter «På randen med Ragne» så om de vil like den så kjem alle blogg innlegga ut via den,stort sett.

I dag skal eg bryte eit løfte som eg har laga med meg sjølv.

Eg hadde eigentleg bestemt meg for at eg eg ikkje skulle skrive om offentlege ytelsar på bloggen min.

Rett og slett fordi eg ikkje er god på tall, fordi økonomiske ytelsar er så individuelt skjønnsberekna at ein ikkje som privat person kan sitte å svare på, om ein får spørsmål, det må det vere anten ein saksbehandlar på forvaltning eller ein advokat som må gjere, ytelsar er rett og slett er eit heit og betent tema, som man treng kompetanse for å uttale seg om.

Men, etter litt konferering med eit par «partner in crime» så har eg bestemt, på generell basis å skrive litt om omsorgslønn.

Eg vil så presisere (med caps lock på: )

«DET ER FORSKJELLIG PRAKSIS I KVAR KOMMUNE KORLEIS EIN DRIFTAR YTELSEN «OMSORGSLØN» SÅ DE MÅ SJEKKE OPP MED DEN KOMMUNA DE HØYRER TIL KORLEIS PRAKSIS ER. VIKTIG!»

blogg 22 mai 3

Og, det her er ikkje eit syte innlegg om at vi ikkje får hjelp her i landet, det er eit innlegg meint til de som har fått eller vurderer å søkje omsorgsløn, slik at de ikkje går i fella og havnar i klinsj med andre ytelsar ol.

Mange kvinner får informasjon om at ein kan søkje om omsorgsløn frå kommuna dei bor i, ofte i forbindelse med at ein anten ikkje kjem seg tilbake i jobb, går ned i ei redusert stilling eller fordi dei har så krevjande omsorgsoppgåver at ein bli oppmoda om å søkje.

No skal eg igjen sakse frå verdveven, i dette tilfellet nettstedet «Familienettet.no»  og etterpå komme med eit par presiseringar som eg trur kan ha  gått nokre og ein kvar forbi:

«Omsorgslønn kan gis til foreldre som har særlig tyngende omsorgsarbeid for barn med kronisk sykdom eller nedsatt funksjonsevne.»

Tjenesten er ikke økonomisk behovsprøvd og er ikke en reell kompensasjon for tapt arbeidsfortjeneste. Omtale av omsorgslønn finnes på regjeringens nettside.

Hjemmeboende barn

Omsorgslønn er en kommunal betaling til pårørende eller frivillige som tar vare på personer med stort omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming eller sykdom. Omsorgsarbeidet må foregå i eget hjem og er blant annet ment for å styrke barnets muligheter til å bli boende hjemme.

Søknad til den enkelte kommune

Tjenesten finansieres og administreres av den enkelte kommune. Kommunen avgjør hvor mange timer det kan betales lønn for, og timesatsen. Kommunene praktiserer tjenesten ulikt, enten gjennom et ansettelsesforhold i kommunen eller ved at den som mottar omsorgslønn engasjeres som oppdragstakere for kommunen. Dette får forskjellige konsekvenser for skatt, feriepenger og eventuelle sykepenger. Foreldre må selv søke kommunen om omsorgslønn.

Omsorgslønn og hjelpestønad

Kommunen kan kreve at du først søker NAV om hjelpestønad før søknaden om omsorgslønn blir behandlet. Det er ikke en forutsetning for å få omsorgslønn at hjelpestønad er innvilget, men kommunen kan ta hensyn til hjelpestønaden når de beregner omsorgslønn. Verken hjelpestønad eller omsorgslønn vil vanligvis gi full betaling for det omsorgsarbeidet som faktisk utføres. Kommunen plikter å foreta en helhetlig vurdering der omsorgslønn sees i sammenheng med andre pleie- og omsorgstjenester (for eksempel avlastning og støttekontakt). Retten til omsorgslønn står svakere enn retten til andre sosiale tjenester.

Forskjell på omsorgslønn og omsorgspenger

  • Omsorgslønn utbetales av kommunen til familier med særlig tyngende omsorgsoppgaver. Timetallet pr måned avgjøres av kommunen og har ingen direkte sammenheng med tapt arbeid.
  • Omsorgspenger utbetales tilsvarende tapt lønn når man er borte fra arbeid, fordi barn eller barnepasser er syke.

Pengene betales til alle som har varig omsorg for barn under 12 år når barnet er syk og trenger tilsyn og pleie. Dette gjelder altså uavhengig av stort omsorgsbehov. Dersom barnet er kronisk syk eller funksjonshemmet, gjelder retten til og med det året barnet fyller 18 år.»

 

Fint og flott ikkje sant?

Vel, bak den søte kløe kjem ofte den sure svie.

Omsorgslønn er ein kommunal ytelse som kommune Noreg er pliktige til å ha, men ikkje til å gje.

Det vil altså seie at det ikkje er ein ytelse ein kan forvente å få av kommunar.

Ytelsen gjev i mange kommunar  ikkje rett til ferie pengar, den gir ikkje pensjonspoeng eller opptjening av pensjon, og den er skattbar.

Ergo, får ein innvilga ein omsorgsløn i ein slik kommune ,som kompensasjon for at ein har gått ned i stilling for eksempel, så er dette ein falsk tryggleik, da ein kun opparbeide seg pensjonspoeng, sjukepengar OG feriepengar for den delen av jobben som ikkje innbære omsorgsløna.

Ei annan sak, som diverre fleire av dei eg kjenner har gått på ein smell på, er forholdet mellom omsorgsløn og Arbeidsavklaringspengar (AAP) og uføretrygd.

Så lenge ein er i 100% jobb er omsorgsløn kun ein ytelse som ein må skatte for.

MEN: I det du går over frå sjukepengar til Arbeidsavklaringaspengar så skal omsorgsløna i dei aller fleste tilfella førast på meldekortet.

Der finnes nokre unntak, men, får du omsorgsløn, som er definert som «løn» på lønnslippen du får frå kommuna kvar mnd, og har kode 111 a), så for gud skuld ikkje lur deg sjølv, sjekk ut om pengane  skal førast på meldekortet ditt.

NAV skal rekne ut for deg, kor mykje av di omsorgsløn som skal førast på meldekortet.

Mange har havna i fella, fleire har også dessverre blitt feilinformert, og dermed havna i den situasjonen at ein må betale tilbake.

Då må eg og gje dykk ei dårleg nyhet til, driv du å betale tilbake på pengar for ein feilutbetaling, og får pengar att på skatten, så kan du risikere at skattepengane blir trekt inn for å dekke gjeld.

Trygdesvindel kjem for ein dag, og tilbakebetalinga kan verte rimeleg heftig om ein ikkje melder det inn, så er du usikker, så ver lur og sjekk opp.

Arrester meg gjerne om eg har skrive noko feil.

Eg går ut å frå mi eiga kommune, og erfaringar frå andre som har havna i ein litt kjedeleg situasjon, så det er samanhengen mellom AAP og omsorgsløn som fleire har ynskja at eg skulle dele.

Er omsorgsløn ein god yting for foreldre med barn med spesielle behov?

Og kvifor er det forskjellig praksis på same yting i forskjellige kommunar i same land?

blogg 22 mai 4

Eg tenkjer de skal få ta den debatten om de ynskjer, underteikna vil leggje seg litt attende og sjå kva andre sine opplevingar er..

 

Ventar spent på svar <3

 

<3<3 Ragne Beate ( første og siste gong om ytelsar… trur eg )