«Med vanleg familie potensiale»

23. mai 2015

Sjølv om vi er og blir ein «annerleis» familie, så glimtar vi til med ein og annan rimelig normal aktivitet og.

I dag har vi vore på fisketur til eit vatn 100 meter frå huset vårt.

Ein treng ikkje gå så langt for å få ei oppleving, og det treng heller ikkje koste ein heil masse pengar.

Born er merkeleg lite kravstore når ein berre gjere noko ilag med dei!

Eg skal ikkje skryte på oss at denne turen er «tatt på sparket», den vart lansert av far i heimen på onsdags kvelden, og forventingane har vore skyhøge, så skuffelsen vart stor då vi vakna i dag til tidvis store nedbørsmengder.

blogg 23 mai 1

Men, er det noko vi har her på vestlandet så er det gode regnkle, så her var det berre å få rustninga på og sette kursen rett mot skogs.

Med fiskestang, båtar som gutane og pappa snikra i garasja for nokre dagar sida, og eit stort glas med makk.

blogg 23 mai 2

Grøss, eg skal komme med ein betroelse.

Eg HATAR makk!

Slike sleipe buktande ekle skapningar som sikkert har ein kjempemisjon i økosystemet, men som får det til å gå kaldt ned gjennom ryggen på den elles så sindige Ragne Beate.

Det genet har ikkje ongane arva for å seie det sånn, konkuransen var stor om å få ta makk ut av glaset, og det vart nøye fulgt med då pappa gjorde klar fiskestanga.

blogg 23 mai 3

Litt verre vart det sjølvsagt då vi skulle prøve å vere stille og ikkje skremme fisken 😉

Interessa for fisking gjekk no over etter kvart, så vi gjekk vidare til å forske oss fram til rette havari plassen, fyrst i elva like ved og etterpå i fiskevatnet.

Særinteresser fyljer oss også på ein potensielt heilt vanleg familiedag.

blogg 23 mai 4

Synking av båtar er og blir den store tingen, men så lenge ein kan kose seg med heimesnikra båtar i eit vatn, så tenker eg at om misjonen er å kantre båten eller å segle med den så får det vere skjit det same 🙂

Mens Per Even fiska, gutane gjekk rundt med båtane, så satt eg like ved og berre såg på dei, og mogeleg ein klisje, men eg kjende og på kor lykkeleg eg var der og då.

Kor glad eg er for at gutane er født på 2000 talet og ikkje på 1950.

Tenk på det at slike som mine vart sendt vekk på spesial skular på den tida, eller gjømt heime av foreldre fordi det var skam å få born som var slik.

Bygdetullingar vart det kasta etter dei, og andre skjellsord som evneveike, ressurssvake, rett og slett  born utan verdi.

Vi snakkar om born med en IQ vi andre som er heilt normale berre kan drøyme om, men alikevel stempla som evneveik!

Kor mange liv vart øydelagt av vår såkalla intelligente rase «homo sapiens»?

Etter eit par timar tusla vi oss heim, nesten utan grining, utan fisk dessverre, men vi hadde mange napp altså, de skulle sett den som glapp, den var MINST ein meter mellom augene, eg lovar! ;););)

Heime igjen satte eg Stange kyllingen i ovnen, med min heimelaga ramsløk pesto og ramsløksmør, langtids steiking til i kveld 🙂

blogg 23 mai 5

Gledar meg!

Ein ganske så potensielt normal familie dag går mot slutten, med glade og slitne gutar.

Det same kan nok seiast om foreldra:)

blogg 23 mai 6

 

Ha ein flott laurdagskveld, med eller utan Eurovision, den diskusjonen orkar eg ikkje ta i dag 🙂

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Gunn

    Gler oss over dagen dåkkar. Høyres ut som om regnet blei fort gløymt 😀

  • Erny kråkenes

    Du vet nok ikke hvem jeg er, men jeg følger siden din. Lærer litt hver dag. Stå på. Du er kjempeflink å formidle. Mvh erny

  • Siri

    Høres ut som en deilig dag!
    Vi kan ikke forberede oss på slikt. Vi voksne kan planlegge… men fordi vi vet at både far og sønn kan være migrenesyke, så tar vi det «spontant». Å avlyse ting man gleder seg til er krise…!
    Ellers er niåringen «ingen baby lenger og trenger ikke være med mamma og pappa» – senest i morges erklærte han at familiefrokost på søndager var bare sååååå barnslig.