Å møte sin eigen stoltheit i døra

25. mai 2015

Da har kvelden senka seg i heimen, og underteikna er rasande. Rasande på seg sjølv fordi ho sjølvsagt ikkje har bruk den her «min sky» greiene som Telenor har, så i staden for at alle bileta mine ligg godt plassert ein eller annan plass i «sky», ilag med kontaktane på telefonen, så er dei gått vidare til dei evige  mobilmarkar saman med ein Samsung telefon som eg er sikker på aldri har stått dårlegare i kurs!

Og alle bileta eg har samla til blogg og!

Nei, det her er regelrett fortærande!

blogg 8 april 2

Og med det, med min såra stolthet og totale idioti over å ikkje ha benytta meg av ein eller annan «sky» så skal eg gå over til dagens blogginnlegg.

Såra stolheit, såra forventningar, såra følelsar.

Kven er det eigentleg som sit att med såra følelsar i stor grad, når bornet nektar å være sosial, når det nektar å delta på aktivitetar som vi meine dei skal vere med på.

Er det vi som foreldre eller er det bornet?

Kan ein tvinge eit born til å være sosial?

NEI!

Man kan ikkje det, ein kan ikkje tvinge eit anna mennskje til å være noko det ikkje er!

Det ein derimot kan gjere er å hjelpe bornet ved å gje dei «verktøy» i form av sjølvtillit, tryggleik ,også har eg og tru på sosiale historiar.

Så lenge dei sosiale historiane er laga på den måten at dei ikkje skapar problem i etterkant i andre situasjonar.

For generelle sosiale historiar, kan gje generelt helt horrible problem i etterkant.

Sosiale historiar kjem forresten i eit anna blogg innlegg seinare i år:)

Men, ein ting vi må tenkje på som foreldre og andre som er saman med borna våre er :

«Ynskjer bornet vårt å være sosial i dag?»

Ja, vi må tenkje over det, vi må vurdere, ilag med bornet.

Det er utruleg kor mykje eit born med autisme kan formidle berre ein tar seg tid til å lytte, til å lese, til å tolke, men også til å innsjå, og godta.

blogg div 12

For vi må godta at det er ikkje sikkert at vi vil få bornet vårt  med på alle klassebileta oppigjennom 10 år i grunnskulen.

Ei heller er det sikkert at vi får oppleve bornet vårt deltakande i skulekoret ilag med 4-6 klasse, hylande på «let it be», med raude kinn og du sjølv sitt med tårer i augene og lure på om det no er lov å le litt!

Skulen må og innså at det ikkje er eit personleg nederlag om bornet ikkje deltar på skuleturen, leirskulen eller PRYO veka.

De skjønar, det er stoltheita vår som får pryl…

Eg seier ikkje no at ingen born med autisme vil klare alt eg her har ramsa opp, eg seier heller ikkje at alle born med autisme hatar tilstellingar.

Men mange slit med slike ting.

Og bak eit kvart born med slike vanskar, sit ei mamma eller ein pappa, ei bestemor eller ein bestefar, eit par pedagogar og ein assistent med såra stoltheit, dei skulle så gjerne ha sett at «prosjekt born» hadde klart det ja!

Og for all del, ein skal prøve!

Men ein skal prøve ved å vere realistisk, ikkje bombastisk!

For hugs ,bornet derimot, sit lukkeleg på rommet sitt, godt mogeleg forran ein pc, lukkeleg uvitande om dei andre si såra stoltheit.

Dei er berre sjeleglade dei slapp.

For kvifor skal det vere slik at autistiske born skal tvingast gjennom sosiale tortur berre fordi vi vil dei skal gjere det?

 

Hadde du godtatt det sjølv?

Blogg div 1

 

Kva tenkjer de?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • Hege

    Jeg tenker som vanlig : hun derre Ragne altså ❤️ hun kan så grådig sette ord på det altså ❤️

    Men jo, jeg er helt enig. Man må jo glemme alt man kan og vet om oppdragelse når en får barn med autisme. Og lære seg å sluke alle kameler og la ting skje på barnets premisser ❤️

    Du e go, Ragne ?

  • Siri

    Nei, ingen kan tvinges til å være sosiale. Men man kan noen ganger forvente at det innretter seg. I hvert fall her i huset. Vi har gående en diskusjon på det. Ungen måtte gjennom ekstratester, fordi vi (jeg!) har holdt ham i så stramme tøyler så han har ikke fått «blomstre» i alle sin Asperger, de greiene har vært ganske undertrykt. Aspergerpappa sier at undertrykt er nøkkelordet her… og da sklir vi inn på om man er eller har en diagnose. Jeg forstår ikke hvorfor det er en diskusjon, ingen ER vel en diagnose, diagnose er noe man har. Men hva vet vel jeg…

    Ellers har jeg en gutt som blomstrer på scenen, både på juleavslutninger og slikt. Og når han får ros etterpå, blir han fornærmet og beskylder oss for å glemme at han har sceneskrekk *ler*

  • Helga Iren

    Eg for min del har kjefta og smelt, tvinga og trua og heile kostebinderiet, før det omsider gjekk opp for meg at det va MINE behov eg stetta, ikkje guten sine! I dag er det fortsatt somme ting vi MÅ!, men då har vi fluktruter klare, og vi går når begeret er fullt (altså FØR det renn over).