Sei meg, kvar bur eigentleg tannfeen??

29. mai 2015

God fredag alle saman <3

Kven av de har rappa sumaren frå meg? Når ein kryp skjelvande ut av senga litt før 0500 og ynskjer ein hadde dobbeltsett med ullklede, tjukkesokkar og hue, så er det ikkje mykje som minnar om mai!

Jauda, eg veit at dei ein gong for 50 år sida snødde på 17 mai, det vart garantert same kalde mai ein eller anna gong ved tidenes morgon, men eg tykkjer ikkje 6.8 grader 29 mai er kult!

blogg 29 mai 5

 

Sånn, dagens hyl frå underteikna.

Så over til dagens problemstilling:

«Kvar bor tannfeen?»

«Kva er problemet» tenkjer du, «eg bare slang utav meg ei historie eg, det gjekk no greitt det liksom»..

Vel , eg prøvde, som fyljande

« Tannfeen bor laaaangt inni skogen ilag med 5 hestar 8 kyr, 3 saude og ein sjuk hane,ein kan ikkje besøke tannfeen då det er langt å reise, og ein må ikkje forstyrre hanen. Tannfeen har superhøysel, så den høyre kvar gong det fell ei tann ut av munnen til eit born, og i nattens mulm og mørke snik ho seg sakte opp etter veggen, ja eg trur ho har ein form for sugekoppar som gjere at ho klarar å dra seg opp i andre etasje for å leggje pengane  (eventuelt pengen, no for tida er det poppis med lappar) opp i glaset ,vindauget står sjølvsagt åpent. Også snik ho seg stiiiille tilbake til skogen sin, og lyttar etter neste born som skal miste ei tann»

Steikje det eg var stolt av meg sjølv då eg var ferdig med den  historia der altså!

Eg følte eg hadde dekka inn alle eventuelle spørsmål som kunne kome i etterkant. Kontroll spørsmål, ting må jo vere riktig veit de!

Eg hadde forklart kvifor tannfeen ikkje kan få besøk av born, ja, på grunn av den sjuke hanen sjølvsagt.(Særs opptatt av sjukehus om dagen då vi skal på BUP neste veke og brevet kom frå eit sjukehus.)

Eg hadde redegjort for superhøyrsel, sugekoppar opp veggen, kvifor glaset måtte vere åpent, og gått med på at ein ikkje trengte å ha vatn i koppen då guten ynskte seg så inderleg ein lapp.

Guten ser på meg, ventar spent, ynskjer og håper i det lengste på :

«Javel mamma»… men i staden kjem « Mamma, eg tenkjer eg må google det eg»

blogg 5 mai 2

Hrumf!

Mange kan sikkert no tenkje at det er eg som vaksen som styrer heimen og at eg også styrer kva ein kan google og ikkje google.

Men mine born er så opptatt av fakta , kva som er rett og ikkje, dei tar ikkje ting for god fisk om ein ikkje har ei MEGET god plausibel forklaring på den eventuelle hendinga eller tingen.

Hadde eg vore like standhaftig på trening, kosthald og sjokolade som mine born er på å få rett informasjon om rett hending så hadde eg vore totalt udødeleg i dag, eit sunnheitstempel av dei sjeldne.

Så guten måtte få google han..

Fyljande kom opp når ein googla  «Kvar bor tannfeen»:

 

  • «Tim vil ha tilbake tann-skrev brev til tannfeen» (Puuuuh!!!)
  • «Tannfeen får kritikk» NRK Østfold-Lokale nyhende (KRISE!!)
  • «Herregud. Com : Bevis for tannfeens eksistens (Den fekk han ikkje lese)
  • «Hvor mye gir tannfeen der du bor» ( å neeeeeeeeiiiiiiiiiiiii!!!!)

Tim, du er min nye helt!

Heldigvis, Tim sin histore var øverst, Tim er 6 år altså så er han eit år yngre enn mine to, og Tim ville ha tilbake tanna si frå tannfeen.

Og sida Tim heller ikkje visste kvar tannfeen bur , nei, mi historie var heller ikkje no godkjent som eit gyldig «tannfe dokument», så klarte eg å overbevise ein rimeleg frustrert Georg om at kanskje han og kunne skrive eit brev til tannfeen!

«Jammen, eg veit jo ikkje kor den bur!!!» ulte han!

«Eg har jo inga adresse!»

Vel tenkte eg, her er gode råd dyre, så eg klare å overbevise han om at superhøyrsel biten av tannfellinga utan tvil var rett, og om han berre la brevet, ilag med tanna, i vinduskarmen, så ville det utan tvil bli lest.

Og takk og lov, han er med!

Brevet vart som fyljer:

Blogg 29 mai 2

Guten fer på avlastning nokre timar og kjem heim, passar godt på både brev og glas, rettar på det, kikar forventningsfullt ut vindauget så ofte som han kan.

Han må jo spele litt Ipad og må de skjøne.

Det er vanskeleg å sove denne kvelden. Kjempevanskeleg, men han sovne no etter ei stund!

0410 i natt står ein smørblid Georg i senga mi, med ein 50 lapp i eine handa, lommeboka si i den andre og hadde ikkje øyrene vore der så hadde smilet gått rundt!

blogg 29 mai 3

«mamma, sjå eg fekk ein 50 lapp med tannfeen!»

«Så bra» svara eg i halv ørska, og prøve å få han til å leggje seg til igjen.

Han legg segn ned ved sida av meg, og det vert stilt, eg trur eg sovne igjen, då høyre eg i det fjerne:

«men mamma, tannfeen tok tanna mi, eg vil ha den igjen, eg trur vi må skrive eit brev»

 

-Ragne Beate Furnes Larsen er herved tildelt årets IDIOT pris-.

Begrunnelse: «Kastet tann ut vindauget i det ho la ned ein 50 lapp i det tomme vannglaset til guten sin, etter den livserfaringa ho til no har erverva seg, så skulle det vere komplett umogeleg å utføre ei slik hensynslaus og lite gjennomtenkt handling»

blogg 29 mai 4

 

Riktig god helg!

 

<3<3 Ragne Beate