Entries from mai 10th, 2015



Husmor ferie er ikkje å forakte!

posted on: 10. mai 2015

Då kjem det blogginlegg frå fruen igjen, det har vore tyst sida onsdag, og grunnen er enkel.

Eg har vore på husmorferie i 4 dagar!

Ja, tenk det, kontrollfriken har lagt ned moppen, snudd ”raua” til vaskemaskina, og overlatt styrepinnen til maskinisten for ei helg.

blogg 10 mai 1

Også har eg kjørt tog!

Tenkt på det! Vestlenningen har kjørt tog, og det skal ein ikkje kimse av altså. Når vi dreg nordover på ferie til svigermor og svigerfar så er det halleluja stemning i bilen etter Otta, for då kan vi speide etter tog.

Så eg har fått ein heiderplass eg no på tograngeringa i heimen, eg har nemleg vore ombord!

blogg 10 mai 3

Eigentleg er eg særs dårleg på slike feriar, og grunnen kan eg eigentleg lett tenkje meg.

Når ein er vande med å alltid vere på, så skal det meir til enn eit par dagar for å koble seg av, for så å logge på att.

Også er eg kvinnfolk, garantert av verste stort, typen som gjere det meiste sjølv, orkar ikkje spør om hjelp, då eg blir dritsur av å vente på at ting skal bli gjort.

Blir ting gjort, så rettar eg på det, for det vart ikkje gjort slik en ynskjer det.

Nokon som kjenner seg att?

Men, det skal sant seiast, Ragne Beate er begynt å bli ein dreven ”globetrottar” som snart kan ta fagbrev i å slappe av.

Eg trur det kan vere fordi eg kjem til vener som kjenner meg, som står, har stått, eller har hatt utfordringar som liknar mine.

”Åja!”, tenkjer de då, det er ein sånn”vi sit og deppar over eit glas vin og snakka om kor grusomt vi har det!”

Vel, det er tvert imot!

Når ein er trygg, slepp å forklare, har vener som ler på same plassane som degsjølv,  så treng ein ikkje å bruke tida på å deppe <3

Tusen takk til Mette, min gamle lærar frå grunnkurs hotell og næringsmiddelfag ved Måløy vidaregåande skule, som lagde den beste ramslauk suppe eg nokon gong har smakt til meg, og ein laaaang god samtale

blogg 10 mai 2

Eg hadde eit fantastisk døgn hos deg i Sandefjord, og gler meg til å kome attende <3

Så Vibeke, min ”partner in crime” og fantastiske venninne <3

2 flotte dagar i Horten, avslapping og kos, akkurat det eg trengte, og mykje latter <3

Samtidig som dei alvorlege samtalane også kom på banen, det kan vere mykje ro i samtalar som er vonde også.

Eg skulle ynskje ein turte å ta dei litt oftare..

Og til maskinisten som har hatt styrepinnen i heile helga.

”Du er du og du duger” <3

Heimen står, gutane er heile og jammen har du ikkje brukt helga til å byggje Olabil med  dei.

blogg 10 mai 4

Eg er stolt av deg <3

 

Kos dykk siste timane av søndagen, så kjem eg sterkare tilbake ut i veka 🙂

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Rundlurt av ein 7 åring, ja eg legg meg flat!

posted on: 6. mai 2015

Kor mange gonger har de opplevd å stå fast på de du har bestemt, man føle seg så prinsippfast, kanskje litt kynisk og kald, på ein god måte, ein føle seg vaksen, som ein anstendig oppdragar.

Stolt står du der, forklarar så fint : «Nei venen min, i dag kan vi  ikkje gjere  akkurat slik du vil, nei, det er ikkje rom for å kjøpe verken sånn eller slik.»

blogg 6 mai 1-1

Argumenta går sjølvsagt mellom dykk.

Om mine gutar har utfordringar, så er dei rimeleg viljesterke når det er noko dei virkeleg ynskjer seg.

Du forklarar med roleg stemme at det ikkje finnast ein snill onkel , tante ,søskenborn eller anna slektning frå Amerika som sit inne i minibanken og spyr ut hundrelappar alt ettersom situasjonen endrar seg i henhold til ynskjer og behov.

Du legg æra di i å forklare livet krinslaup, med at ein må jobbe for å få pengar inn, at det ikkje er ein einaste ting her i verda som er gratis, anna enn ein klem, og det delar vi ut i bøtte og spann alt ettersom det passar seg.

At pappa jobbar som ein helt for  å» berge hus og heim», difor må han vere så mykje vekke , mens mamma med struktur og orden får betalt rekningar og sørgjer for at det til ein kvar tid  er meir eller mindre sunn mat i kjøleskapet (ehhh.. i alle fall i teorien).

De skjønar, her har man kustus, struktur ,orden og står steilt i stormen.

Trur du..

Borna dine har ein eigenskap, kven dei har arva den frå, det må gudane vete, men ein eller annan plass har dei fått den.

Stikkord her er uthaldande, høglytt, gjentakande, gjentakande, gjentakande, og ja, eg tenkjer eg sleng på ordet intenst!

Dag ut og dag inn, frå tidleg morgon til seine kvelden så høyre du:

«Mamma, det einaste eg ynskjer meg er ein»

«Mamma, kortid kan eg få ein…»

«Mamma,eg må berre få»

«Kortid mamma, i mårra mamma, i over i mårra mamma? I mai mamma??? «

«Mamma, no er det mai mamma, er det no mamma, får eg no??»

«Mamma, eg trenge ein sånn en mamma, det einaste eg ynskjer meg mamma, eg må mamma!»

Sakte men sikkert så senke du guarden, du begynne å tenkje etter om kanskje guten treng ein slik ein..

Du høyre det så mange gonger at du lure faktisk på om det er mogeleg at guten kan klare å ha eit meiningsfylt og godt liv utan ein slik ein..

Du ser dådyraugene, du kjenne på kjærleiken, du blir totalt rundlurt, metta av mas!

Så du kjøpe kofferten med Noregs flagg til Laurits!

Til og med den største dei har!

blogg 6 mai 1

(forøvrig, eg er unnskyld , det var den siste dei hadde)

Når guten går med kofferten ned mot kassa så snur han seg mot meg og seie, på kav østlandsk:

«Mamma, nå er jeg klar til å reise til Vestre Gravlund i Oslo for å besøke graven til Martin Linge for nå har jeg koffert som passer til det!»

blogg 6 mai 2

Sukk…

 

AND HERE WE GO AGAIN!

 

Ha ein fantastisk onsdag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Persepsjonsvanskane ein ikkje alltid tenkjer på.

posted on: 5. mai 2015

God morgon alle saman<3 Håpar de har sove godt og er klar for ein ny dag.

Vi har allereie vore oppe lenge, eg har vore vitne til ein lang diskusjon mellom gutane om når det kan høve seg å ta ein tur på «Skålatårnet» eller «Galhøypiggen».

Eg hadde evig nok med å kome meg ut av senga eg då for min sin del 😉

Tidligare har eg skrive litt om vanskar mine born har med lyd og lys spesielt, så kalla persepsjonsvanskar, eller sanseforstyrringar.

Eg skal heilt ærleg innrømme at dei gongane eg held foredrag så brukar eg helst ordet «sanseforstyrringar», eg synest ordet persepsjonsvanskar er eit frykteleg vanskeleg ord å uttale  😉

Veit de kva eg svært ofte høyrer frå andre foreldre ,med born som har autisme, av problem som er store for deira familie, som er ein heilt  sjølvsagt ting for andre med born utan vanskar?

Å DUSJE!

Ja , tenk det!

Tenk at det å ta seg ein dusj kan vere rota til så mykje trøbbel mellom foreldre og born.

Har de og tenkt på at det å dusje kan vere ei følelse som er så vanskeleg og oppleves så ekkelt at det vert ein persepsjonsvanske?

Eg tenkte ikkje på det slik før eg las om det eingong og begynte å tenke tilbake på korleis vi hadde det før.

Det at ein dusj «hamrar» ned på kroppen din, noko som for dei fleste er utruleg behageleg, kan vere tortur for eit born med persepsjonsvanske. TORTUR, regelrett fysisk vondt!

Blanding av varmt og kaldt, vanskelig! Kva er varmt nok til at ein kan tåle det, men kaldt nok til at det er behageleg?

Og ikkje minst shampoo, balsam,dusjsåper med forskjellige fargar, konsistensar, nokre har til og med slike korn i seg!

blogg 5 mai 4

Grøss! Kva velje dei til meg i dag skal tru? Den eine luktar heilt grusomt, den andre ser heilt forferdeleg ut, den tredje kjennes som slim på kroppen, og det verste av alt er at mamma og pappa insisterar på at eg både må bruke den slimete greia på kroppen , samtidig som at eg skal ha den fæle illeluktande greia i håret, også må eg til og med ha i noko sleipe greier som gjere håret mitt glatt og ekkelt etterpå?!?!!

Også klarar ikkje bornet alltid å formidle  problemet heller, nokre har ikkje språk, andre har ikkje godt nok språk, og dei alle fleste klarar heller ikkje å sette  ord på følelsar.

Det er nok lettast å verte sint. Brøle og skrike, protestere vilt!

Og mamma og pappa skjønar sjølvsagt ikkje ein skjit! Dei elskar jo å dusje, det er jo heilt fantastisk!

Trur de eg har vore der eller?? OH YES!

No har det no seg ein gong slik at det med personleg hygiene, dusjing, stelle seg sjølv, det er ein av dei tinga vi bare må lære borna våre, sjølv om det er ein kamp.

Det er ein kamp man ikkje må tape!

Det same gjeld for tannpuss, byting av klede ol.

Har det tenkt på kor grusomt sterkt ein tannkrem kan smake? Sjølv om det er ein såkalla «barnetannkrem».

blogg 5 mai 2

Vi løyste problemet her heime med å dusje kvar dag til fast tidspunkt, utan unntak. Vi har framleis ingen inntak, er det dusje tid, så er det dusjetid.

Eg har vel fortrengt innkjøyringstida av det her prosjektet, men det var eit av dei som måtte gjerast.

Vi forska oss og fram til rett såpe.

Etter mykje trening, mykje øving og mykje hyl så går dusjing greitt, men vi har framleis protestar.

Bading er sjølvsagt den store hiten, i badekaret er problemet omvendt .

Der nektar vi å gå opp.

«Kan dei ikkje berre bade då Ragne?» tenkjer kanskje de.

Og jo, det er heilt sikkert mange born med autisme i Noreg med så store sanseforstyrringar at det å bade (om det er det som fungerar) nok er det rette.

Mine begynte å dusje tidleg, og vi har vendt dei til det, då er det ein eigenskap eg ynskjer vi skal oppretthalde, med struktur og øving.

Når dei vert store nok får de heller bestemme sjølva kva dei vil.

Ein annan persepsjonsvanske man kanskje ikkje tenkjer over er følelse av å klippe håret eller neglar.

Kan de sette dykk inn i at det faktisk kan  vere fysisk vondt?

Og kva med denne maskina som vi på død og liv skal kjøyre over hovudet til gutane, som bråkar, summar og lagar rare følelsar i ein allereie sensitiv kropp.

Nei persepsjonsvanskar er og blir ei utfordring både for born og foreldre!

Eg vil avslutte med ein liten hårete historie frå virkelegheita.

Mine sine godtar å bli klipt med maskin, det har nok med at då dei begynte i barnehagen så var det lus på både skular og barnehagar her i kommuna, så mamma innførte rimeleg kjapt den såkalla 9mm «luseklippen».

For  eit par mnd sida så var det tid for klipp.

God forberedt var både gutane og eg, og eg klippe Georg først.

Så, etter at han har fått dusja av seg hår og fått på seg kle, så går eg for å hente Laurits.

Det eg ikkje veit er at Georg i mellomtida har fått tak i maskina, og sett på innstillingane, og ser at maskina er inntilt på eit hakk som det står 9 på, lenger nede på maskina er det to hakk til , der det henholdsvis står 6 og 3.

De veit, 3 kjem jo før 9!

Og for ein 7 åring som er sær opptatt av at ting skal kome i rett rekkefylje, så klikke han maskina ned til 3 han. Og går derifrå.

Trur de at eg sjekka maskina mellom tvilling 1 og tvilling 2? Før eg med  kyndig hand kjøyrer maskina gjennom silkehåret til Laurits?

NEI!

Eg enda opp med ein med 9 mm «luseklipp» og ein som regelrett ikkje såg ut!

blogg 5 mai 3

Akkurat då var eg særs glad at hår er noko som veks fort ut att! ;);)

Ta persepsjonsvanskar på alvor, og lag gode rutinar tidleg.

 

Det trur eg ein vinn mykje på!

 

Ha ein flott tysdag alle saman!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

Camping eventyrets ilddåp- på lag med særinteresse nr 1.

posted on: 3. mai 2015

Då var fruen heime og ved tastaturet igjen, etter 2 døger på  camping med mann og gutta boys.

Fyrst vil eg takke for alle som har delt innlegget mitt frå foreldre.no og ikkje minst for alle kommentarar og meldingar eg har fått.

Det er tydeleg at noko slikt som «å berre gå heime» er ein livsituasjon som både angår og engasjere mange, det er visst ikkje berre eg som køyre på den bølja.

Ikkje alle skjønar problemstillinga, det respektere eg fullt ut, og eg skjøne og at det kan vere vanskeleg å gjere det, men ein fin grunnregel kan vere «å feie for si eiga dør før man uttale seg om andre», der er mykje mellom himmel og jord som ikkje vise ut ad.

Så var det årets fyrste skikkelege camping tur, med 3 spente, på kanten til overspente born i baksetet, vogn på slep, og ein mamma og pappa som var heilt sikre på at alt var pakka.. eller var vi no enn det?

30 min ut i reisa slår det meg plutseleg! «DYNER, vi har pina meg gløymt å leggje dyner på plass i køyene»!

Er det mogeleg? Her snakke vi Fru «organisator» nr ein!

Jaudå, det er fullstendig mogeleg!

Men vi var no ikkje verre på det vi, enn at vi sendte papsen på retur for å plukke opp dei berømte dyene, mens vi andre inntok eit gourmet måltid beståande av glutenfrie knekkebrød, med syltetøy, og laktose fri mjølk på kommunegrensa mellom Eid og Vågsøy 😉

blogg 3 mai 1

Vi kom oss no av garde etter ei stund, og når vår destinasjon som planlagt.

I det vi køyre av hovudvegen så begynne gutane å snakke om ein gravgard dei har sett litt lenger nede, i samband med ei stor kvit kyrkje.

Eg håpar og håpar, og plutseleg, 200 meter før vi kjem til der vi skal campe denne helga, så åpenbare det seg ei stor fin kvit kyrkje, med ein stor gravgard rundt!

blogg 3 mai 2

Hurra!!!

Om det no trur at unge lovende Larsen endeleg har mista det siste vetet ho nokon gong har hatt, så tar de diverre feil.

Grunnen til at eg jubla høgt inni meg er at gutane mine har ein heilt enorm facinasjon for gravgardar.

Eller, det vil vel heller seie gravstøtter.

Kan ein finne noko meir konkret her i verda enn ei gravstøtte?

Nei, eg trur neppe det. På ei gravstøtte står det innfelt kva tid du meldte din ankomst til denne verda, når du forlot den, og nokre ord til minne.

Gutane mine er ikkje interessert i døden, men dei spekulere mykje på historier bak ei grav som til dømes kjem frå 2 verdskrig.

Og finn dei ei grav der nokon har overled både fyrste OG andre verdskrig, nei, då står altså verda ikkje til påske!

Og det kan eg sjølvsagt bruke, hugs, særinteresse er til for å brukast, på ein konstruktiv måte sjølvsagt.

Den kan brukast til motivator!

Så eg lova tur på gravgarden på laurdagen etter bading om vi klarte å halde oss roleg om kvelden på campingen.

Det fungerte fint det 😉

Vi kasta mykje stein i eit vatn som låg ved sia av der vi campa, og både «Titanic» og «Blucher» vart forsøkt sunket og torpedert, så det var to veldig sletne gutar som fant senga si i vogna om kvelden.

blogg 3 mai 3

Då vart det Jakob sin tur, med brettspel ilag med mamma og pappa. Det gjekk hardt føre seg ei stund, fantastisk å sjå kor engasjert ein snart 10 år gammal gut kan verte om det er snakk om å knuse mamma og pappa i brettspel 😀

Tenk, han overlevde utan tv! * SJOKKERT*

blogg 3 mai 4

Laurdagsmorgon var vi frykteleg tidleg oppe, men vi klarte no å behalde roen til vi kunne setje oss i bilen og fare til Trivselshagen for å bade.

Kjekt! Og gutane kan snart å symje, så her må vi berre øve.

Bor du med kysten må du kunne å symje. PUNKTUM.

 

Så vart det klart for den store gravgard turen. Vi vandra og vi vandra, andektig omkring, kika og las, det er ein heilt spesiell oppleving å være med dei.

Kvelden kom, og det vart fort natta for oss alle.

I dag reiv vi camp ganske så fort og sat kurs for heimen.

Vi har hatt ei fin helg ilag, ei helg der mamma og pappa har vore 100% på og lagt til rette, med det utfall at vi har hatt lite konflikt og mykje gode opplevingar.

Men, det er viktig å gje seg når ein er på topp.

For kva er det ein hugsar? Opplevingar som går bra? Eller opplevingar som gjekk bra ,men som enda med eit «gaboom?»

 

Det er aldri en skam å snu veit de 🙂

 

Ha ein flott søndag alle, eg må gjere klart til kvardag 🙂

 

<3<3 Ragne Beate