For ein dag!

11. juni 2015

Då har fruen returnert frå Oslo bygda, frå sommer og sol, til vestlandets kalde, men friske luft 😉 (Jeje, noko positivt er det jo med 8 grader )

Tusen takk for alle fantastiske tilbakemeldingar eg har fått i dag etter at eg var med på God morgen Norge.

blogg 11 juni

Eg er heilt overvelda over responsen, hadde ikkje trudd at eg  skulle engasjere så mykje:)

Besøket hos Tv2 var ei oppleving i seg sjølv. Den kjem eg til å hugse så lenge eg leve.

Har ikkje følt meg så fin etter å ha blitt sminka, sida eg gifta meg i 2004 😉

Skal vel sant seiast at «outfiten» min helst går i treningsbukse og joggesko, så overgangen til sminka dame vart stor gitt 🙂

Godt tatt vare på vart eg, og følte meg trygg før sending.

Var eg nervøs?

Veit de, eigentleg ikkje, det er noko med å dele si eiga historie, der du sjølv sit med fasiten, men eg var langt utanfor komfort sona, det skal eg ikkje leggje skjul på.

7 minutt med «speed talk» om autisme er ikkje lange tida. Det var mykje eg skulle ha sagt, der er ting eg angra på at eg ikkje prioriterte, men alt i alt ei god oppleving.

29 april 1

Fokus på søsken brenn eg for, det vil eg skrive meir om seinare og , same med kompetanse heving.

Møte med systemet kjem og på bana når eg har klart å koke i hop korleis eg skal leggje det fram.

Eg håpar de fekk noko uttav innslaget, eg håpar de sitt igjen med følelsen av at det går ann å leve eit godt liv med autisme i familien, til tross for utfordringar i kvardagen.

Det viktigaste for meg er å vise at born med utfordringar er like mykje verd som alle andre, diagnose eller ikkje.

Med kompetanseheving, forståelse og en god dose humor så kjem ein så langt <3

Lat oss gjere rom for dei som ikkje går innunder  A4, dei kan vise deg ein veg du aldri hadde fått oppleve om du tok valget om å la være..

 

Ragne takker av, sliten men lykkelig!

blogg 11 juni 2

 

Different, not less <3

 

<3<3 Ragne Beate