Eit hårete kompetansehevings mål-del1.

12. juni 2015

Før eg startar på ei utgreiing om mitt hårete kompetanse hevings mål, som eg har måtta dele i 2 blogginnlegg over to dagar, då det blir så heise langt viss ikkje,så vil eg fortelje de om ei episode som skjedde på onsdag i Oslo.

Eg fremstår nok som rimelig organisert og strukturert, og det stemme nok-på heimebane.

På bortebane er eg eit rotehaud av ein annan verd, og av den grunn kan ikkje eg ha veske. Eg gløymer den bort over alt!

Eg set den frå meg attåt ein stol på ein kafe, og vandrar bekymringslaust derifrå utan veske, eg kan oppleve at den sklir av skuldra utan at eg tenkjer over det osv osv.

Veske og Ragne Beate går sjeldan bra i lag.

Men, sida eg skulle til Oslo, skulle fly og ikkje fant sekken min, så vart det veske.

Og sanneleg eg seier dykk, eg mista veska mi eg!

Takk og lov for at eg var så framsynt at eg hadde mobil med bank kort i jakkelomma og ikkje i sekken.

Eg tok vurderinga over at undertøyet og toppen min som låg i veska kunne erstattast, men eg var grusomt irritert over at eg hadde mista «game of thrones» boka mi, den skulle eg jo lese vidare på om kvelden.

Men eg orka ikkje tråle Oslo, for undertøy og ei bok i ei veske.

Plutseleg ringe telefonen, og ein møring i andre enden lure på om eg har mista veska mi??

Ka de byr!

På grunn av ærlege lærer Lars frå Sykkylven fekk eg tilbake både veske og bok!

blogg 12 juni 1

-Og ei tru på at ærlege mennskje framleis ikkje er utrydda:)

Så over til mitt hårete mål.

Eg har valgt å dele opp blogginnlegget i to, fordi eg gjerne ynskjer tilbakemeldingar frå de som les kva de tenkjer, før eg skal sette inn støtet med mi eiga argumentering for kvifor eg tenkjer som eg gjere.

Kompetanse heving må til på alle plan i samfunnet innan for autisme, og mitt  fyrste hårete mål er å få autisme opplæring inn i lærerutdannelse, sosionom utdannelse, barneverns utdannelse og vernepleie utdannelse.

I eit 5-10 studiepoeng skala, eller der omkring.

Joda, eg er FULLSTENDIG klar over at desse bachelor utdanningane ikkje kan ta føre seg kvar og ein av utfordringane og diagnosane dei vil møte, dei ville då hatt eit studie som ville strekkje seg over 10 år.

Men, vi treng videreutvikling og forståelse i skulen!

blogg 12 juni 2

Vere med meg på eit lite tanke ekspriment.

Kva er det autistiske born treng?

Jo, dei treng forutsigbarhet, struktur, forberedning og skjerming.

Kva treng eit born med ADHD?

Akkurat det same kanskje?

Treng ikkje eit born med Downs for eksempel også ein strukturert kvardag for å fungere betre på skulen?

Eller kva med born som har adferdsproblem av anna sort, treng ikkje dei også struktur?

Og har ikkje vanlege born også godt av klare stramme rammer?

blogg 13 mai 2

Det som skille alle desse er jo at autistiske born ofte ikkje er så sosiale som dei andre.

Eg har mykje på hjartet om denne saken, eg lufte berre litt no, skal skrive meir utfyllande på søndag:)

No skal eg på møte med BUP og evaluere litt ADHD utreiing, og etterpå skal eg ta helg ilag med gutane min <3

 

Kva tenkjer de om ASD utdannelse i grunnutdannelsen til studentar?

Er eg heilt på bærtur?

<3<3 Ragne Beate

  • Gunn Marit Svendsen

    Jeg tenker at barna våre – de med autisme, trenger å bli forstått i større grad. Folk har vansker med å se hva slags problemer det fører til i hverdagen når en har oversensitivitet for stimuli. Jeg tror ikke man burde fokusere en utdanning på hvilke metoder som finnes, men på å få forståelse for hvilke problemer man skal løse . Våre barn passer sjelden inn i den ene metoden , det må tenkes nytt og lurt av fagfolk hele tiden, og da må de ha en forståelse for hva de faktisk skal tilrettelegge for.

  • Kari Hovland

    Einig med deg Ragne at meir kunnskap om både autisme og andre vanskar bør inn i lærarstudiet. Mange barn har same behov når det gjeld forutsigbarheit og strukur. Eg meinar det er altfor lite kunnskap om akkurat dette i skulen i dag. Det hadde nok også gjort lærarane sin kvardag lettare om dei hadde litt grunnleggande kunnskap om kor viktig struktur og forutsigbarheit er for at alle elevane skal ha gode dagar,