Eit anneleis «foredrag»

15. juni 2015

I dag har eg vore å snakka om autisme, på ein heilt annan måte enn eg har gjort før.

Heilt andre som høyrde på enn dei eg har vore vande med, og med mange gode spørsmål heile tida.

Eg har vore i klassa til Jakob og snakka om kva er autisme og kvifor dei tenkjer litt annerleis enn oss andre, og kva det vil seie å ha det slik som dei.

Bakgrunnen for at eg vart med dei var at dei i RLE faget hadde hatt for seg ein serie som heitte « Sånn er eg, og sånn er det».

Ein informasjons serie om forskjellige diagnosar som dei kan møte på i samfunnet.

Flotte og gode informativt materiell, eg anbefale de å ta ein kikk på dei, om de treng å forklare born om for eksempel ADHD,Downs syndrom eller det å være hørselshemma.

Jakob kom heim etter å ha sett eit par 3 av desse filmane, og var litt lei seg , for han hadde hatt så lyst til at det han opplevde kunne vore forklara litt og.

«Ingen veit kva autisme er mamma,» seie han, «eg forklara det eg altså, men ingen forstår».

Så, etter at vi hadde snakka med læraren om det, så fant vi ut at okay, vi tar ein time og snakkar om autisme.

Og veit de, eg var skikkelig nervøs!

Ein ting er å snakke til vaksne menneskje, bruke flotte ord om inkludering og integrering, persepsjons vansker, og ikkje å gløyme tidlig intervensjon.

Det er noko heilt anna å måtte bryte ned språket til forståeleg godt norsk, og svare på ein måte som eit born kan forstå.

blogg 15 juni 2

Eg kvidde meg utan nokon som helt slags grunn!

Det er altså heilt fantastisk kor reflekterte born kan vere.

Og kor mykje dei faktisk akseptere berre dei får ei god og lettfatteleg forklaring på det.

Dei spurte og grov, eg skulle eigentleg berre vere der i ein halv time, men ein time og 15 min etterpå var vi ferdige.

Dei spurte spørsmål som vi vaksne utan tvil kunne tatt lærdom av, dei reflekterte over situasjonar som eg eigentleg ikkje hadde tenkt så mykje over før dei spurte, og det var heilt naturleg for dei å snakke om det ilag med Jakob.

Atter ein gang får eg bekreftelse på at åpenhet er vegen til forståelse.

At ved opplysning skapar man det «rare» litt mindre «rart», og at ein får ein heilt annan aksept.

Og aller mest er eg stolt av guten min som ville gjere det her sjølv.

Hans val, på hans premisser og med eit godt resultat.

 

I dag er eg ei stolt mamma! (i dag og 😉 )

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • Marit

    Det høres ut som en bra opplevelse! «Sånn er jeg og sånn er det» er en super serie – storebrødrene hjemme hos oss har snakket om at vi burde vært med der, sånn at flere får vite om autisme. Jeg tror de både syns det hadde vært fint at flere visste om og forsto hva autisme var, og så tror jeg de er litt stolte av lillebroren sin, og vil vise ham fram, rett og slett! Det er fint 🙂

  • Kristine G.

    Så flott at du stilte opp for Jakob for å hjelpe han med å få klassen sin til å forstå autisme. Du ern en fantastisk mamma Ragne! Og veldig kunnskapsrik. 🙂

    Jeg også vil skryte av «Sånn er jeg, sånn er det». Alle episodene ligger på NRK super sin hjemmeside, og hjemme hos oss har vi sett alle episodene mange ganger.