Inkludering kan vere så mykje det, men ein treng pengar til å gjere det!

17. juni 2015

Det har rast ein debatt siste tida, både i sosiale medie og i avisar om utspelet til Venstre politikar Kommune- og fylkestingspolitiker Sanna Sarromaa frå Oppland Venstre  som meiner at ein Lillehammer-elev med Downs syndrom og autisme ikkje har eit faglig utbytte av å være saman med klassen si, og bør takas ut av klasserommet.

Eg går då ut frå denne artikkelen:

http://www.nrk.no/ho/vil-ha-elev-med-downs-syndrom-ut-av-klasserommet-1.12403699

Vel, det kan godt hende du har rett i det Sanna Sarromaa, at guten ikkje har eit fagleg utbyte av å vere i klassa, sjølv om det er særs godt gjort på 10 minutt, men kan de vere at han har eit sosialt utbyte av å vere der?

Kjenne han på å «få vere med?», kjenne han på  eit samhald mellom dei andre? Har han glede av å springe ilag med dei andre?

Er ikkje slike menneskeverd noko verdt i den norske skulen?

blogg 18 juni 2

Der er ikkje alle som har eit fagleg utbyte av å vere i ei «normal klasse».

Eg er mor til eit slikt born.

Eine guten min får sitt faglege utbyte på eit lydisolert grupperom ilag med sin pedagog, som kjenner han omtrent like godt som mora, og eit knippe fantastisk flinke assistentar.

Sit han der heile tida?

Nei, det gjere han ikkje!

Men ja, han er der mykje, spesielt i periodar når han er sleten og treng meir ro.

Ro han ikkje kan få i klasserommet.

Vi har også ein avtale om at når han lagar mykje lydar- og uroar klassa- slik du ytrar bekymring om  Sanna Sarrroma, så tek dei han ut av klasserommet.

Kvifor er det viktig for meg?

Jo, det er viktig for meg fordi eg ikkje ynskjer at han skal uroe dei andre i klassa, og eg ynskjer heller ikkje at han sjølv skal føle at han faktisk blir sett på som «rar», han skal få lov til å gjere seg ferdig med å vere «rar» aleine, og deretter returnere til klassa når han er klar for det.

For å vere ein del av den er viktig for meg som mamma , og eg vonar det er viktig for guten og, når han på sikt lære seg fleire sosiale kodeksar.

Forskjellen mellom oss og guten i Lillehammer er jo at han ikkje uroar klassa si med sine lydar i fylje rektor.

 

 

blogg 18 juni 1

Det står ingenting i artikkelen frå NRK kvar Sanna Sarromaa ynskjer å plassere guten med Down syndrom og autisme anna enn at han ikkje passar i klasse i fylje ho.

Eg skal fortelje deg ein ting eg. Kvart eit einaste år må foreldre kjempe for ressursane som gjere at borna deira faktisk  kan få mogelegheit til å være UTE av klasse for å få pedagogisk utbyte av skulen, og samtidig få lov til å vere ilag med klassa som ein einhet.

Det var same styret i barnehagen!

Kvart eit einaste år møter foreldre kutt i pedagogisk ressurs, kutt i assistent ressurs, det er anking, det er klaging, det er tårer og tenners gnissel!

Og banning, herlighet, det er banning!

blogg 2 mars 2

Sakkyndig vurdering frå PPT seie noko, det kommunale budsjettet seier noko heilt anna.

Og vi må prøve å einast på midten, foreldra som vil gje borna sine ein kvardag som legg til rette for læring, og eit kommunalt budsjett som er så skrapa inn til beinet at der snart ikkje er meir marg å sjå.

Alle passar ikkje inn i ei klasse, nokre treng spesial skular, andre kan vere der litt, og mange kan vere der heile tida.

Felles for alle er at dei treng ei INDIVIDUELL tilrettelegging som gjere at dei kan tileigne seg eit pedagogisk og sosial utbyte av ein skulekvardag.

Kan vi ikkje heller diskutere korleis vi kan auke skulebudsjettet til kommunane ,så dei klare å ta i mot borna våre Sanna Sarromaa, gje dei økonomi til å klare det?

Og stole på at ein kvar skule klarar å til retteleggje for den einskilde elev så godt som dei kan, ut i frå sakkyndig vurdering?

Eg håpar Filip har det flott i klassa, eg trur klassekameratane hans har det greitt  og eg , dei har eit opplegg som funke for si klasse.

Det har guten min og  klassa hans og, fordi vi dette året har hatt nok ressursar til å gje han det!

 

Bevilg pengar til individuell tilrettelegging og inkludering, og du får menneskeverd på kjøpet Sanna Sarromaa!

 

Det hjelp ikkje å berre hive «problemet» på gangen!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

  • Nina G.

    Bravo!!????

  • Gro Anita

    Fantastisk!!

  • Laila

    Klar tale igjen Ragne!? Den er så bra at jeg deler. Du skulle vært politiker du (i tillegg til alt annet). Klem ?

  • Kjetil Aa.

    Veldig godt skrive Ragne. Eg kjenner meg att frå då eg jobba i skulen med ein gut med autisme i 1. klasse. Eg skulle gjere like god jobb i 60% stilling, som dei hadde gjort i barnehagen med 100% stilling. Og eg er heilt samd med deg at dei må få lov til å lære det sosiale i klassen medan dei går på skulen, og det faglege kan gjerast om det er best for eleven, i eige tilrettelagt klasserom.

    Stå på Ragne, du gjer ein god jobb med å fortelje di og tvillingane si historie.

    Kjetil, tremenning 🙂

  • Heidi ned om veien

    Godt skreve!!! Dei 2 siste setningane dine her seie alt, Ragne! 🙂

  • Gunn

    Resten av klassa har og godt av at dei får lov til å vere ilag med han. Alle burde ha nokon dei omgås til dagleg som kanskje er litt utenom «normalen». På skulen her er dei andre elevane flinke til å vise omsorg, inkludere,lytte osv. Ein rikare kvardag for alle. Bravo, Ragne 😀

  • Kari Hovland

    Støttar deg hundre prosent Ragne 🙂