Då er sumarferien i gang!

18. juni 2015

Da har unge lovende fru Larsen pakka vekk matboksane, sletta alle alarmar, lagt sekkar i boda og slått telefonen på lydlaus.

BLOGG 19 JUNI 1

No er det sumarferie!

Eg er stolt av borna mine, kvardagsheltane som har klart seg så godt det fyrste året i grunnskulen, og dei 3 andre gutane våre, som også har kome seg igjennom ein hektisk kvardag med mykje krav.

Og eg vil og takke både pedagogar, assistentar og skulen for ei kanon bra samarbeid mot eit felles mål.

Ferie kan vere vanskeleg for familiar som har born med autisme, det gjeld på langt nær ikkje alle, men nokre har det sånn.

Eg tykkjer det er litt viktig at om du er ein av dei som ikkje er den største «fan» av lange feriar ,så skal du vite at du ikkje er aleine.

Lange feriar kan forresten vere krevjande for «vanlege» familiar og 😉

Så eg kjem herved med fyljande oppfordring:

«Gjere det som er rett for deg og dine, og bry deg katten om kva andre tenkjer, føler, meiner eller seier!»

blogg 19 juni 2

«Det er kun du og din familie som kan vite korleis ein lang og kanskje krevjande ferie kan utarte seg, og det er ikkje noko galt i å ta litt «umoderne og kanskje annerleis» val for å kome seg gjennom den.

Avlastning er viktig, også i ein ferie. Om ein  har kommunal avlastning eller kan spørje vener eller familie, så bruk den.

Ein treng ei pustepause i løpet av sumaren, og eg håper de alle får lov til å puste litt undervegs.»

Bloggen vil ikkje ta heilt ferie, eg kjem nok med nokre tankar innimellom, men kanskje ikkje så hyppig som eg har gjort, eg har 8 veker ferie å fylle med mine sine eg og 🙂 <3<3

Ynskjer de alle ein flott sumar ferie, på eigne premisser og med hensyn tatt til følje etter dykkar behov.

Så får alle andre feie for si eiga dør:)

blogg 19 juli 3

 

GOD SUMAR!

 

<3<3 Ragne Beate