Når bornet ditt ikkje er «sjølvgåande», kva gjere du då?

22. juni 2015

Mange gonger siste tida, spesielt i forbindelse med media sin spørsmål,men også frå andre i andre samanhengar, så har eg fått spørsmålet om kva som er mest utfordrande i mitt liv som mamma til mine born.

Eg slite veldig med å klare å svare på det spørsmålet.

Korleis kan ein nemne ein ting som er utfordrande liksom? Alt er jo situasjonsavhengig, nokre gonger så misforstår eg, andre gonger misforstår dei, nokre gonger oppstår det situasjonar som ingen av oss eigentleg kan setje fingeren på kva som gjekk gale.

De skjønar? Kva som er utfordrande er ikkje så enkelt å svare på.

Og ein annan ting er at eg ikkje går å tenkje så mykje på det lenger heller, eg gjorde det meir før.

Vi har lært oss i lag å forme kvardagen vår så godt som vi klarar, og når ein har dårlege dagar, så har ein dårlege dagar, akkurat slik som heilt vanlege familiar, med heilt vanlege born har.

Men, etter at eg på ny fekk spørsmålet om kva som er utfordrande for oss som familie, så vil eg faktisk trekkje fram fyljande:

«Mine gutar er ikkje sjølvgåande»

Det er ei utfordring for oss. Ikkje nødvendigvis ei negativ utfordring, men ei utfordring som vi må ta hensyn til i store delar av kvardagen.

Det er jo også difor dei treng så mykje hjelp, både i skulesamanheng og i fritida si.

Det å ikkje vere «sjølvgåande» inneber at du ikkje evner, og her skriv eg evner, for dette er ikkje noko bornet vel sjølv, bornet evnar ikkje sette seg sjølv i ein aktivitet til dømes, utan hjelp frå ein vaksen.

Ofte er også fokustida veldig kort, så når ein er satt i ein aktivitet, så klarar man ikkje å holde fokuset i den aktiviteten noko særleg lenge, viss ikkje ein har ein vaksen som hjelp til.

Eksempelvis på trampolina. Våre gutar elskar å hoppe på trampolina, og dei hoppar gjerne ilag med bror sin på 10,eller ilag med meg:)

blogg 23 juni 5

Men, hoppar dei aleine, så gjer dei seg veldig fort.

Eg trudde fyrst det gjekk på at når dei var fleire på trampolina , eller at eg begynte å bevege mine kilo oppå så hoppa dei høgare, og det stemme nok og, men kva er det eg eller broren gjere når vi er på trampolina ilag med dei?

Vi oppmuntre, vi fortel dei kva dei skal gjere, og vi lagar ein situasjon der dei kan vere med, utan at vi sjølv er klare over det!

Så, når vi går av, og dei står att aleine, så klarar dei ikkje holde fokuset lenger på same måte.

Dei klarar heller ikkje å kjede seg.

Eg veit ikkje kor de er med dykk, men eg er i alle fall oppvokst med utrykket:

«Det er ingen born som nokon sinne har dauda av å kjede seg litt»

Både mamma og pappa brukte det hyppig til meg og mine 4 yngre syskjen.

Vel, eg har fått born som nok ikkje daude av å kjede seg, men dei slit seg ut på det.

«Åh Ragne, syr du puter oppunder armane no ja??»

Nei, tru det eller ei, eg gjere ikkje det.

Men det eg må gjere er å leggje til rette slik at dei ikkje treng å kjede seg, slik at dei ikkje slit seg ut på å vandre kvilelaust rundt og verda blir meir og meir rotete for dei.

At det kostar? Ja, det gjere det, ein får ikkje gjort så mykje anna, spesielt ikkje i ferien, men det er no eingong slik det er, så ein kan like så godt berre innsjå det med ein einaste gong.

Vi reise ut og kastar stein i vatn og sjø, og har flyndre konkuransar, noko dei begge elskar og synast er heilt topp!Og lat meg leggje til, her må dei også stoppast, dei er ikkje god å få derifrå når dei fyrst har begynt 😉

blogg 23 juni 6

Vi går på fjellet, lange fjellturar, her må vi jo sjølvsagt ha eit mål, det er viktig, og helt møte nokre skilt på vegen for å indikere rett veg, men elles så går dei på:)

blogg 23 juni 1

Måtte ta med eit bilete til, vi hadde med morfar då vi gjekk på fjellet på laurdag, syns det var så kos 🙂

blogg 23 juni 3

 

Vi synke «titanic» i bassenget på tunet ilag, og diskuterar hendingsforløp.

Om eg kjede meg ekstra mykje sjølv , så legg eg inn ein feil i hendingsforløpet, då vert det brått ikkje så kjedeleg lenger alikavel.. hihi!

Kanskje er  det som er mest utfordrande i livet mange gonger, at ein sjølv må ofre si eiga tid?

blogg 23 juni 4

 

Eg berre undrar..

 

Er ditt born sjølvgåande?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Marit

    Mitt barn er heller ikke sjølgående, nei, og jeg er helt enig i at det er den største utfordringa i hverdagen! Han kan forsåvidt være sjølgående om han får tømme skapet på badet, lukte/smake på deodoranter og shampo og sånt, men det er jo ikke noe å satse på i lengden… Også på tur må vi passe mye på, siden han putter det meste i munnen. Vår livredder i hverdagen er tandemsykkelen vi fikk fra hjelpemiddelsentralen! Da kommer vi oss langt av gårde, vi får den viktige miljøforandringen, forelderen som sykler får luftet hodet og rørt på kroppen, og ungen er som oftest strålende blid. I år skal sykkelen være med på sommerferie, det tror jeg blir knallbra 🙂