Kvifor navnet «På Randen med Ragne»

23. juni 2015

« Du er her, men eigentleg ikkje. Du er i rommet, tett inntil meg i sofaen, vi ser på same tv program, same bilete og same lyd. Auga dine er vendt mot tv, likeså er mine, «Sauen Shaun» står på.

Eg ler, sauen er artig, finn på så mykje løye, du berre sit der, utan å føretrekk ei mine. Du er der ilag med meg, men alikevel er du ikkje til stades… kvar er du eigentleg gullet mitt?»

blogg 13 mai 3

Åh, så mange gonger eg har ynskja eg kunne krabbe inn i hovuda til borna mine for å prøve å forstå korleis dei tenkjer, korleis deira oppfatning av verda er, og kvifor situasjonar kan verte så riv rusk hakkande gale for dei.

Eg føle meg på randen ofte, delt i mellom to verd. Borna mine si verd på eine sida, og mi verd på den andre.

Prøvar så godt eg kan å få innpass i mi verd til to som ikkje skjønar den, og på same måten prøvar eg å få innpass i ei verd eg ikkje forstår.

Der eg kan oppleve å verte ekskludert.

Verda slik borna mine ser det..

Slik vart navnet «På Randen med Ragne» til -Ragne på randen mellom to verder-

I går fekk eg førespurnad frå «Papiravisa» , det tidligare «Fylkesmagasinet» i Sogn og Fjordane, om dei fekk skrive ein artikkel om meg.

Fyste tanken var å svare nei, eg tenkte at no må vel verda vere metta av alt som har eit namn, ved namn Ragne Beate.

Men ,eg svara ja, eg hadde eigentleg ikkje så gode argument for å ikkje gjere det, og målet er opplysning ,ikkje sant?

Eg angrar ikkje!

Roy Sunde har skrive eit flott artikkel, som eg er svært nøgde meg, tusen takk for det 🙂

Og ein fakta boks om autisme! Heilt etter mi ånd <3

Linken ligg her:

http://papiravisa.no/ragne-pa-randen-av-to-verder/

 

(eg får den ikkje aktiv, så legg den og på Facebook sida mi og )

 

Ha ein fantastisk flott Jonsok feiring <3

 

Vi feire trygt heime med Lollipop is, havregraut og Zig og Sharko på tv <3  🙂

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • Kristine G.

    God st.hans til dere. Høres ut som der har en fin kveld. 🙂

    Her har vi grillet pølser og ymse knask på grillen. Barna er godt fornøyd og Farmor var med oss også. Rolig og fredelig. Helt perfekt. Ikke alle stormer til fellesbål og felles arr. 😉

  • Livy

    Så utrolig bra skrevet, og det er så forklarende..
    Ha en fin St.hans feiring med den flotte familien din, fine du:) klemmer fra oss på Sørlandet ?