Ein hyllest til  «personleg eigna»

25. juni 2015

Vi snakkar mykje om kompetanseheving vi foreldre, om at vi må ha nok fagfolk inn i både skule, avlastning og  andre arenaer rundt borna våre.

Og ja, det er framleis veldig viktig!

Men i dag vil eg skrive blogginnlegget som eg håpar når ut til dei der ute, utan  nødvendigvis den formelle utdanninga, utan den formelle og eviglange erfaringa, men som alikevel er rett menneskje , på rett plass.

Menneskje som har den personlege eigenskapen til å gjere ein forskjell i eit born med spesielle behov sitt liv.

blogg 25 juni 1

Foreldre som har born med spesielle behov må tidleg innsjå at dei er nøydd til å dele borna sine med forskjellige arenaer.

Ein må og dele familien sin, om ein ynskjer det eller ikkje.

På grunn av hjelpebehovet så må ein ta vurderingar om ein må ha ein BPA,( ein brukarstyr personleg assistent) ,støtte kontakt eller kanskje er barnebolig det som er den rette form for deg.

Felles for oss alle som foreldre er at vi må overlate borna våre til menneskje som er ansatt av det kommunale til å ta vare på det kjæraste vi har.

Dei aller fleste av desse som har slike jobbar har ikkje ein formell utdanning som vernepleiar eller liknande.

Mange er skuleelevar, menneskje som jobbar deltid i kommuna mellom to utdanningar eller som kanskje er skule leide og ynskjer eit år fri.

Men veit de, det betyr ikkje ein skjit for å seie det på godt vestlandsk!

Kven seier at ein treng 4 års høgskule for å være ein fantastisk støttespillar i eit anna mennskje sitt liv?

(Misforså meg rett, du kan sjølvsagt vere ein fantastisk støttekontakt  eller støttespillar med utdanning og altså 😉 )

Det er nemleg slik at born med spesielle behov bryr seg like lite om ein cv som vi andre gjere, det er vel ikkje slik at du som er «vanleg» automatisk trivast i lag med nokon som har eit papir på skulegang.

«Åja, du har en master i økonomi du, ja ,men då like eg deg»- der er jo ikkje slik det virkar!

Og for våre born er det ekstra viktig at dei har kjemi med dei som skal jobbe med dei, fordi kommunikasjonen kan vere så krevjande, fordi dei i utgangspunktet er utrygge og redde for situasjonar dei ikkje har vore i før, og fordi det er så vanvittig viktig å være i forkant, og kjenne bornet så godt at ein kan avverge.

Det handlar om å vere personleg eigna.

blogg 25 juni 2

Å vere personleg eigna handlar mykje om kjemi, det handlar om å evne å klare å settje seg inn i eit anna mennskje sitt liv, og agere deretter.

Det handlar om å klare å gje opplevingar som gjer grobotn for utvikling og mestring.

Og, det handlar om å bli glad i.

Det går forøvrig begge vegar.

For borna blir og glad i dei som har denne spesielle eigenskapen som heiter «personleg eigna».

Dessverre er det jo slik at vi og må skiljast av med nokre av desse flotte menneskja, sumaren er ofte ei slik tid, ei brytningsfase, nytt skuleår osv..

Det er medaljens bakside, men den er uunngåeleg.

Ein vil ikkje alltid klare å ha fast personell.

 

Min hyllest går til alle de der ute som er våre barns heltar.

Underbetalte så det helde i forhold til den innsatsen de legg ned!

Tusen takk for at de finnast, uavhengig av utdanning eller byrd.

Vit at den innsatsen de gjere betyr noko, den er med å leggje grunnsteinar i små liv, ein del av ein grunnmur som skal byggjast mot ei sjølvstendig liv.

blogg 25 juni 3

 

Ver stolt, og tusen takk!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

  • Fridtjof

    Takk for flotte ord, Ragne! Som du så fint beskriver det. Det er kjemien det kommer an på. Dette har jeg selv fått oppleve i hopetall mht. det å jobbe med barn. Med og uten diagnose. Ikke alltid det å ha en utdannelse er så betydningsfullt. Hjelper lite med en utdannelse om ikke en får kontakt med dem man skal jobbe med og for.