Eit heilt kjensleregister på ein dag, og ei stolthet eg knapt klare å beskrive.

28. juni 2015

Hallo hallo godtfolk, håpe de har hatt ei flott helg, og ein riktig god sundag 🙂

Blogginnlegget i dag blir av det yderst personlege sorten, men eg vel å skrive om det fordi eg trur mange andre også opplev det same.

Måløydagane har gått av sabelen her heime denne helga.

Fantastisk ver, yrande folkeliv, gata blir omgjort til gågate, og det er massevis med boder og stands gjennom heile Måløy.

For mange er det året høgdepunkt, og ein treff gamle venner og bekjente, då mange vel å kome heim til Måløydagane.

Også er det tivoli!

Våre ville på tivoli.

Vi var i fjor og, det vart med blanda resultat, så eg var litt skeptisk, men søren heller, ein må jo teste litt ikkje sant?

Laurits vakna med feber på laurdagen, så han vart heime, fekk seg ein tur på sundagen han då, kjøyrde karusellar med hørselvern godt planta på hovudet, og hadde det heilt topp:)

Eg reiste inn til Måløy med Georg, Jakob og stesonen min på 15.

Vi går igjennom gata, mål bevisst som fy, Georg såg rett fram, handa godt plassert i mi, med redningselskapet capsen godt dratt ned forran augene, og kursen var sett direkte mot tivoliets «kjæsjebilar».

På vegen gjennom gata sa han lite, einaste som vart sagt var «styrbord», eller «babord» alt ettersom når vi måtte manøvere oss forbi mennskje som sto i vegen for vårt mål.

Nede på tivoli møter Georg nokre klassekameratar, dei går ilag og pratar, dultar i kvarande og tullar, har det tydeleg veldig kjekt i lag.

Georg ense dei ikkje, som sagt, kven bryr seg om slikt flisespikkeri som å seie hei til andre når ein har eit radiobil mål litt lenger framme?

Men, det gjorde eg.

Mange las innlegget mitt om sorg, dette var eit slikt augeblikk.

Eit augeblikk der ein berre får slengt det så inderleg i anletet kor store forskjellane er, frå mine til andre sine.

Det som var merkeleg denne gongen var at sorga og kom med ei anna kjensle, ei kjensle som sa:

«Korleis hadde det vore om livet var annerleis? Annerleis for oss som det å per definisjon vere akkurat slik som andre, det som ein definerar som «normalt»»

Eg følte på sorg, sinne , angst for framtid, glede, stolthet , frustrasjon , kjærleik, alt kom fram der eg sto, men eg fant ikkje noko svar.

Eg anar ikkje korleis eit «vanleg» liv er lenger eg.

7 år er lang tid, 7 år i annerleis landet gjere noko med deg.

Desse 7 åra har gjort meg til eit heilt anna mennskje enn eg var før. Eg tenkje annerleis, eg resonerar annerleis, eg legg lista annerleis,i det store og heile er eg blitt eit heilt annerleis menneskje.

Eg veit rett og slett ikkje lenger korleis det er å være i det ein kallar ein «normal» livssituasjon.

Georg går i radio bilane, og eg står og ser på han.

blogg 29 juni 5

 

Sorga ligg å gnege i magen, eg kjenne faktisk eg får tårer i augene.

Guten sit spenn klar, eg ser han rettar på capsen, set fokus, ventar på plinget.

Då kjem stoltheita, seglande inn, og sorga forsvinn

Du store mi tid!

Tenk han er her! Han sit der ute ilag med alle dei andre, her er lyd, her er mennskje, eg veit kor krevjande det er for han, men han gjere det!

Og sjølv om han ikkje vise det så tydeleg med mimikk, så veit eg at han kosar seg!

Vi besøkte og KNM Hitra og fekk med oss litt 2 verds krig historie .

blogg 29 juni 2

Dette er guten som for 4 år sida satt heime hjå mormor og morfar under eit bord, og var omtrent hysterisk fordi Airlift dreiv å flaug over hustaka i måløy.

Mormor sat i ei nedblenda stue heile Måløydagane, då det var dei einaste som gutane klarte å roe seg på, at dei ikkje såg helikopteret.

Vi visste heller ikkje då, det vi veit i dag, om at lyd kunne vere så vanskeleg.

Ingen kan sjå på mine gutar at dei har Autisme, ei heller at dei har ADHD.

Ingen kan skjøne ved å sjå på dei at dei har utfordringar, eller må kjempe indre kampar for å klare det alle andre tar for gitt.

Ingen veit heller kor mykje tid og energi det ligg bak i tilrettelegging for å klare noko slik, noko så enkelt som å gå på eit tivoli.

blogg 29 juni 3

Men eg veit, eg veit fordi eg lev i anneleis livet, det livet som er blitt mitt!

Eg får gleda av å oppleve den inderlige stoltheita ein får når ein vågar å prøve, og ein mestrar.

Ein kjensle som skubbar sorg, bekymring og fortviling langt pokker i vold.

Så kven bryr seg om at ein må bruke hørselvern på tivoli, at ein lagar rare lydar, at ein blir rasande midt i Måløy gata fordi det er blitt så veldig nok, og ein berre må evakuere å gå heim??

For veit de:

VI VAR DER!

VI PRØVDE OG VI KLARTE DET!

Og saman med alle mamma Ragne sine kjensler i kjensleregisteret så vil eg avslutte med å seie at om ting er slik eller sånn, om ein lev innafor eller uttafor boksen.

Høgst av ALT er uansett kjærleiken.

blogg 29 juni 4

 

Og ein stoltheit som skal få vere med meg ei god stund til <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • Hanne

    Du er bare herlig vennen. Og disse vonde følelsene er det bare naturlig å kjenne på. Du har fantastiske gutter som må få lov til å mestre på sin egen måte. ?

  • Gunn

    Veit du, Ragne,? I dag fekk eg tåre i augene når eg las. Kjenner så vel alle følelsane du set med. Kan også føle gleda og stoltheta som du fortel om. Når en har levd i «autisme-landet» nåken år, så set en seg lett inn i andre sin situasjon. Er nok mange som kjenner seg igjenn. Kjempegla på Georg og Laurits sine vegne for at dei klare å takle Måløydagane. (Har faktisk litt problem akkurat der sjøl. Blir litt høgt lydnivå) Stor klem

  • Tine

    Det var sterkt å lese! Ein nydelig gutt og ei fantastisk sterk flott mamma!<3

  • Ingrid

    Hundrevis av duggdråper på grenen. Hundrevis av humler på blomsterengen. Hundrevis av sommerfugler på plenen. Men bare en mor i den hele, vide verden. Det er rørande å lese innlegga dine Ragne. For dei som er uvitande om desse diagnosane, kan nok mykje vere vanskeleg å forstå, men har ein fått tatt del i livet til slike born på ein eller annan måte set ein med litt kunnskap. Her er rom for både sorg og mykje glede. Du har grunn til å vere stolt av deg sjølv og dine. Klem?

  • ValarieDArcy11

    Very rapidly this site will be famous amid all blogging visitors, due to it’s pleasant articles or reviews

  • Gerd

    Flott skrevet Ragne. Jeg må bare si at det rant en tåre når jeg leste det . Jeg beundrer deg for det du gjør med guttene….. Klem