Kvifor er vi så redde for alt som er annerleis?-Mitt fyrste møte med ADHD på nett.

29. juni 2015

Facebook fløymer no over av bilete som er i alle regnbuens fargar, til og med presidenten i USA farga det kvite hus her om dagen.

USA har gitt homofile lov til å gifte seg, og dei statane som har eit loverk mot dette må oppheve det, og verda feirer med å lage profil bileta i fargar.

Feirar noko som er annerleis og at det som er annerleis har fått ein rettighet.

For å vere homofil er vel heller ikkje eit frivillig val?

En vaknar vel ikkje plutseleg opp  ein dag og seier: «I dag er eg homofil» gjere man vel?

Og ein kan vel heller ikkje sjå at eit menneskje er homofil, om den som er det ikkje gjere noko for å vise det.

Men vi dømme jo vi andre. «Sjå, han er no litt feminin» osv osv.

Vi synse.

Eg undrast over kvifor vi  menneskje er så frykteleg skeptisk og eigentleg redde over alt det som ikkje er «heilt etter boka», det vi ikkje kan sjå.

Vi fekk dobbel diagnose for 2 veker sida.

ADHD som tilleggs diagnose til ASD.

Eg var klar over at det ville komme, spørsmålet var berre om dei var hyper NOK , og dei var ukonsentrerte NOK og om dei hadde NOK indre uro til at det kunne settast ei slik diagnose.

Mitt overordna mål er å gje borna mine mogeleghet til å kunne klare seg så godt som overhode mogeleg, under fana:

«Kva kan vi gjere for at mine born skal klare å utvikle seg til sitt fulle potensial»- og da er det steikje greitt å vite kva vi jobbar med.

Og har ein då ein ADHD problematikk i saman med autismen, noko som forøvrig ikkje er særleg unormalt, så må man at hensyn til det.

blogg 30 juni 2

Men ADHD er ukjent grunn for meg, eg har registrert at det er mykje likt med autisme og ADHD, men eg har ingen erfaring med medisin, som no skal prøvast.

Så eg begynne så smått å lese litt på nett.

Under same forbehold som eg skreiv om tidligare- ein skal ikkje tru på alt som står på internett.

For det fyrste må eg seie at eg er veldig glad eg allereie har lagt om kostholdet på gutane, for i fylje ein del saker på internett så ville eg vore tett på ein barnemishandlar og eg ikkje hadde gjort det, noko som skremmer meg!

Ein annan ting som forbause meg er påstandar om at kjærleik og kos er mykje betre enn å «påte i born medisinar», og at dei fleste born med ADHD hadde hatt mykje betre av å ikkje ete medisin.

Eg er enda meir skremt!

Kos og kjærleik er grunnpilaren her heime,puh! Og, eg er heller ingen fan av å gje borna mine medisin, men, om dei treng hjelp av medisin for å få den konsentrasjonen dei treng for å utnytte sitt enorme potensial, så ja, då ser eg ikkje problemet.

Ville ein nekta eit born med diabetes insulin?

Bornet får føling utan insulin, det kan gå i koma, bornet kan faktisk dø!

Og vi ser det, vi ser skjelvingane, apatien, vi ser eit heilt apparat rundt bornet med folk som skal ha i sukker, sjekke blodtrykk, ringe ambulanse.

Vi ser det.

Ser vi bornet med adhd som ikkje får sin medisin?

Er endringane like markerte som bornet med føling?

Veit vi korleis dei har det?

Eg trur nemlig dei har EI føling av å ikkje klare å vere i ro, ikkje klare å følje med, dei har EI føling med at verda koke rundt dei, og ei føling av at dei miste kontroll.

Ser du denne følinga?

Det kan du, i form av ein bortskjemt dritunge som du tenkje disse foreldra utan tvil burde ha tatt i eit tak heime ja!

Eg skal seie at eg skriv det blogginnlegget eigentleg litt tidleg, for vi har ikkje starta på medisin enda, men vi skal.

Og om det ikkje fungere, så er det berre å slutte, det er mi haldning, eg skuldar borna mine å få lov til å prøve.

Kanskje kan de gje dei en betre skulekvardag?

blogg 30 juni 1

Eg kjenner og at eg er skremt av haldningane der ute.

Mitt fyrste møte med ADHD på nett.

Eg vil i alle fall anbefale ADHD Norge sine sider om ein skal starte ein plass, der følte iallefal eg meg trygg på infoen.

For vi menneskje er forferdeleg redd for det som er annerleis, som vi ikkje kan sjå.

Og vi er frykteleg flinke til å uttale oss i sosiale media og i artiklar om kva vi tenkjer og syns.

Men har vi vore der sjølve?

 

Korleis kan vi klare å snu den trenden?

 

Noken som kan fortelje meg det?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • Anita

    Utrolig mye meninger (uvitende og negative mange av de) om foreldre med barn som har adhd! Når jeg forteller at jeg og mine barn har adhd kommer det mye rart!
    Eksempler vi har fått:
    -Doper du unga dine?
    -Kanskje du skal være litt strengere?
    -Unga dine er da så snille, kan da ikke ha adhd de?
    -Alle barn er da litt urolige.
    -Hva er feil med deg som setter unga i bås.
    -Du gjør unga dine syke.

    Osv osv
    Velkommen til ADHD-verden der de fleste har en mening om deg og barnet ditt!

    • ragne

      Takk skal du ha, eg føle vel ikkje at eg er i en ny verden, ongane er no dei samme heldigvis! Men eg e heilt sjokka over holdningane der ute! Der er mykje rare holdningar om autisme og altså, men det er den medisin debatten eg synest er heilt hol i haudet!! Blir spennande tider skjønne eg!

  • Anita

    hmm…synst no adhd er ein fin ting eg 🙂 Kreative,løysningsorienterte og ikkje minst ein fantastisk ærlig og oppriktig kvardag . Har null innvendinger å kome med med dei som faktisk medisinerer pga adhd. Tenk om du hadde så mange tanker i hodet «som eit tog som suser rundt og rundt og rundt» heile dagen og ikkje minst om kvelden en skal sove. Ja eg har ei «tenker» full av spørsmål og ideear….svar er veldig viktig, kvifor det og kvifor slik . Dei skal ha fakta ikkje synsing !! 😉 Mange av dei største forskarane og oppfinnarane er mennesker med adhd … og jepp det skjønner eg nettopp fordi dei gir seg ikkje uten svar og det er dei som er løysningsorienterte og har evnen til å kunne dra den litt lenger i ein verden kanskje vi andre hadde gitt opp 🙂 Hadde eg vært arbeidgiver hadde eg lett tatt inn den personen som har adhd fordi dei kan tenke sjølv og finne smarte løysninger på problemer. No snakker eg no bare med eiga erfaring og livet som kunne gire ned 1 hakk med concerta . Sette tankene i riktige båser , den indre uroen i kroppen som forsvann, tanker som ikkje slapp tak, kan ein løsne ankeret på å forsvinne . Få eit system i alle dei kreative ideeane og sette dei ut i livet 🙂 Og ja jenta er akkurat den samme . Ikkje værken sløv eller «dopa» det har bare gjort kvardagen så mykje bedre . Samfunnets fordommer med enkelte er til å spy av . Sant som du seier og det sa eg og …. eg gjere alt for mine unger å det er verdt å prøve så gjer eg det . Uten tvil eit riktig valg , Så får folk synse og meine det dei vil og håpe dei holder seg friske resten av livet!!!!!! Amen! Lykke til Ragnemora <3