Entries from juni 8th, 2015



Ressurs sterk vs vanskeleg- ein hårfin balanse, og kva med dei som ikkje klarar å bli høyrt?

posted on: 8. juni 2015

«Ein må vere frisk for å verte sjuk», har de hørt det utrykket før?

Til og med i eit av verdast rikaste land, med alle velferdsgoda som vi bør prisgi oss for at vi faktisk har, så må ein vere såkalla ressurs sterk for å klare å manøvrere seg i jungelen av reglar, førskrifter og krav.

Og det her er ikkje klaging, eller sutring over å ikkje kunne få det sånn eller slik, slik er faktisk sanninga til foreldre som får born med spesielle behov.

Og ein ting skal vere sagt, det er ikkje borna som slit ut foreldra, det er systemet, der omkring herskar det ingen tvil.

Som ressurs sterk forelder blir du tilegna forskjellige eigenskapar.

For det fyrste så er du garantert god å snakke for deg, du stille godt forberedt på møter, og har også alltid ein eller annan kommentar på lur for å få møtet klimaet til å letne litt.

Det er også forventa av deg som den ressurs sterke personen du er, at du skal takle brasene utan tårer eller anna form for utbrudd, for dette blir jo betegna som at du er sliten og svak. (Noko som er heilt på tryne etter mine begrep)

Av og til må ein sette foten ned, gje beskjed om at slik kan ein ikkje ha det, og kanskje trakke ein og annan litt på føtene.

Er ein då gått over i «vanskeleg forelder» kategorien?

Kvar går grensa mellom å være ein ressurs sterk forelder, og det å være ein «vanskeleg forelder»?

Og er ein verkeleg «vanskeleg» når ein jobbar mot eit mål om at bornet ditt, det kjæraste du har, skal få eit godt og kvalitetsfullt liv som råd, på alle arenaer?

Eg trur ein fort kan havne i «vanskeleg» kategorien, fordi mangel på kunnskap og innsikt ofte føre til at man går i forsvarsposisjon frå begge sider.

Foreldre på eine sida, men kunnskapen, kompetansen, men kanskje litt hårete mål og ynskjer, og den andre parten som så gjerne vil klare å plassere alle i same boksen, med minst mogeleg utlegg, og lettast mogeleg gjennomførbart.

Synd, men sant, og her har vi ein veg å gå på begge frontar for å klare å einast.

Eg ynskjer  også eit fokus på dei som verken klarar å vere vanskeleg eller ressurs sterk.

Kanskje vi skulle lære litt av de gode venene i hundremeterskogen, som backe opp  Tussi uansett kor langt nede han er, og legg fokus på at han skal kome seg opp og fram og vere med.

blogg 8 juni 4

Kunne vi ikkje ha lagt inn tid og energi på å prøve og fange opp dei som ikkje klarar å vere «vanskelege» og hjelpt dei på veg, både privat og offentleg?

Eg har alltid sagt at det er ikkje slike som meg det er synd i, eg både synast og høyrast (og godt mogeleg «vanskeleg» innimellom.)

Kanskje kjenne du ein «Tussi»  som treng deg, og di hjelp?

blogg 8 mai 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Pluss / minus skjema, eit enkelt hjelpemiddel

posted on: 3. juni 2015

God morgen alle saman!

Det siplar og renn på Vestlandet i dag og, vått og grått, men inne skine sola:)

Eg slutte aldri å forbause meg over kor smørblid to 7 åringar kan vere klokka 5 om morgonen, spesielt når dei har rotta seg i hop i mot mora, for å få ho til å investere i den legoen dei har så lyst på.

Eg lure meg på om dei har funne ut at eg svare litt i ørska om morgonen?

I alle fall, ein må passe seg, eit ja i ørska er eit ja, for nei betyr nei mamma, og ja betyr ja 🙂

Elles er det spanande tider for underteikna, neste veke skal eg vere med på TV2 s «God morgon Norge» og snakke om både blogg og autisme.

Eg glede meg mest, sjølv om det er litt skrekkblanda fryd, skal innrømme det:)

Men eg seie som Pippi :

«Dette har eg aldri gjort før, så det klare eg heilt sikkert»

blogg 3 juni 5

Tid og dag kjem eg tilbake til i neste veke.

Så over til pluss/minus skjema, faktisk eit genialt enkelt opplegg, som kun trengs eit papir, ein penn, og ein heil haug med tålmod for å gjennomføre.

Eg set opp eit pluss/minus skjema slik:

blogg 3 juni 3

 

Det finnast heilt sikkert mange variantar av eit slikt skjema, men eg lagar det til slik, «AS Larsen» versjonen.

Så , kva brukar eg eit slikt skjema til?

Eg brukar det til det meste skulle eg til å seie, det er faktisk det hjelpemiddelet eg brukar mest.

Det vert brukt til eit hjelpemiddel for gutane til å klare å velje, eg bruke det til å hjelpe dei til å klare å forklare meg kva som skjedde når det har hendt noko som kanskje er litt kjedelig og utfordrande, og eg bruke det og får å forberede dei på ting som skal skje.

Val er forferdeleg vanskeleg for born med autisme, og det stele så veldig mykje energi, men ved eit pluss/minus skjema så kan ein konkretisere ting for dei.

Ein kan og bruke bildestøtte ilag med eit pluss/minus skjema for å gjere poenget du vil ha fram meir tydeleg.

Eksempelvis: (kanskje ikkje det beste, men det var det som datt inn nett no)

« Vi skal kjøyre til bestemor og bestefar i sumarferien»

Pluss med at vi skal dit er at vi skal besøke bestemor og bestefar-det er kjekt

Vi skal bade, kjøre båt, ete is og leike med båtar i fjæra.

Minus er at det er frykteleg langt å kjøre dit, vi kan bli leide og syns det er kjedeleg.

Ved å sette det opp slik så kan ein forberede borna på før vi reise, og ta fram att skjemaet til påminning om det trengs.

 

blogg 3 juni 4

Men, viktig! Ein må alltid klare å få fram mest mulig positive ting når ein bruke skjemaet til å forberede for eksempel ein tur, for som de veit, er det ein sky på ein ellers så skyfri himmel, så er det alltid ein sjangse for at det kan begynne å regne! ;);) U get my point? 😉

Det som er aller best med eit slikt skjema er at viss man klare å bruke det riktig, så får bornet og lov til å være med å bestemme litt meir over sin eigen kvardag på ein måte som er trygg og god, og vere meir deltakande i eit liv som i stor grad er voksenstyrt.

Eit lite steg mot sjølvstendighet kanskje?

Men tålmodighet må ein ha, for det tar tid.

Ord kjem ikkje lettare dettande ut av borna om ein bruke eit slikt skjema, og ein må jobbe ei stund for å få bornet til å skjøne poenget.

blogg 3 juni 2

Men når dei gjere det, så har ein eit billig, lett og alltid tilgjengeleg hjelpemiddel, som ikkje treng verken strøm eller lading.

 

Det enklaste er som oftast det beste har eg høyrt 😉

 

Ha ein flott dag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Framtid, så langt vekke, men alikevel så nært <3

posted on: 1. juni 2015

Tenkjer de mykje på framtida og bekymre dykk litt?

Sjølvsagt gjere de det! Alle tenkje på framtida, og iallefall etter at ein for born sjølve.

Mamma mi skal denne sommaren sende siste bornet sitt ut av huset «for godt».

Lisjebroen vår er blitt stor, skal på hybel, starte høgare utdanning.

Eg trur ho er litt bekymra og, ikkje sånn veldig, men det er no eit stykke å kjøyre mellom Volda og Måløy, og det kan no jammen vere glatt på Stigedalen, eller kjøyre han Kvivsvegen kanskje? Han har ikkje ringt så er ikkje heilt sikker kva veg han kjem…

Eg har verdens mest fornuftige lisjebror, eit prakteksemplar av ein ungdom som ein kan lite på herifra til månen, men det er rart med det , mødre bekymrar seg no dei alikevel.

Mine bekymringar for framtid er annerleis enn mamma mi sine, annerleis på den måten at eg nok ikkje kjem til å sende mine gutar til Volda for å gå på høgskulen, her er nok heilt andre utfordringar..

«Har eg virkeleg lov til å seie slikt??» RAGNE, SKJERP DEG!

Det hyle inni meg når eg tenkje slike tankar, for det er ingen som har sagt at ikkje mine gutar skal klare å gå på ein høgskule sjølv om dei har autisme.

blogg 1 juni

Temple Grandin er jo blitt professor i så mykje rart ho! Ho har jo infantil autisme.

Ja, eg vert sint på meg sjølv, eg blir det!

Mamma mi er ein smarting, ho pleier alltid å seie:

«Ein dag om gongen Ragne, ein får ikkje meir enn ein klarar å bære»

Vel, eg skal kome med ei rimelig grei innrømmelse:

Eg e steikjande dårleg på å ta ein dag av gongen!

Det snik seg stadig  inn nye tankar om bustad, om tilsyn, og om miljø.

Vil dei trivast? Vil dei bli tatt vare på? Tenk om eg vert sjuk for tidleg, og gud forby, tenk viss eg parkere tøflane før eg har gjort alt eg skal!

Alt eg skal tilretteleggje, søkje om, organisere, vere streng, sette status, rose, ALT!

Kva vil dei trenge? Når ser vi nok til at vi kan ta avgjersla for korleis vi skal leggje løpet? Skal vi undervurdere, eller skal vi overvurdere?

Kor går grensa mellom overvurdering og undervurdering?

Og kva er eit verdig liv?

For alt i alt er det jo det mine tankar om framtid bunnar ut i.

Korleis klare å gje det kjæraste eg har eit verdig liv, sjølvsagt på lag med dei?

blogg div 14

 

Eg holdt ei periode på å slite meg ut med å tenkje på korleis ting skulle bli i framtida, og satte altfor store krav til meg sjølv.

Så eg tok eit val:

«Ver den beste utgava av degsjølv!» les du i avisa til stadig.

«Brestreb å verte den beste utgåva av deg sjølv!»

Vel..den beste utgåva av meg gav for det fyrste vaktmeistaren i «mitt kroppslege tempel» fyken for eit års tid sida, stemma som heile tida satte krav om kosthold, trening og kroppshysteri.

Då hadde eg fått nok av å prøve å være noko eg ikkje er. PUNKTUM.

blogg 1 juni2

Den beste utgåva av meg bekymre seg for framtida, men på ein meir nyansert måte no enn for nokre år sida, men den lar meg få lov.

Den gjer meg lov til å tenkje at det KAN hende mine sine vil trenge masse hjelp i framtida, men det er ikkje sikkert.

Og om dei gjere det, så er det heilt greitt!

Den beste utgåva av meg flaggar no over dei pittesmå tinga, like mykje som dei kjempestore måla.

Og den gir meg latter, glede men også tidvis ein bunnlaus fortviling.

Det er også heilt greitt!

Den beste utgåva av meg gjere meg skjerpa for å fylje med, nyte kvardagar, observere og tolke to små gutar som langt borte men alikevel så nært  skal bli vaksne menn, og som lisjebroren ein gang forlate redet.

Korleis og i kva slags form veit ingen endå, og det er heilt greitt!

Men eg kan love dykk ein ting, uansett form, så skal den verte verdig!

 

«Different, but not less»

 

<3<3 Ragne Beate