Eit par kvardagsheltar, og eit augeblikk av dei sjeldne <3

7. juli 2015

I dag har gutane mine fått ein fantastisk halvtime ilag med Elias, den lisje redningskøyta.

Takka vere ei super jente kalt Jannicke, og kjæresten hennar Tor Erik, som på fridagen sin tok seg tid til å sjøsette Elias og ta gutane med på tur.

Jannicke er leiar av Sjøredningskorpset her i Måløy, og har og tidligare jobba som assistent på tiltaket til gutane mine i barnehagen då dei gjekk der.

blogg 7 juli 1

Vi var begge klar ,eg og Jannicke på at å ta med Georg på Elias båttur på Måløydagane ville vere litt risikosport, då han endå ikkje heilt har skjønt prinsippet med kø kultur, og at det ville bli for mykje folk rundt han, så vi avtala at han heller skulle få ein tur ved ein annan anledning.

At Georg gjekk rett på var eg klar over, han elskar jo redningskøytene over alt , men Laurits imponerte meg storlig i dag!

For berre eit halvt år sidan hadde det ikkje vore sikkert at vi hadde fått guten i båten.

Han har vore redd, engsteleg og aldri vore den som har likt noko særleg å ferdast på havet.

Han ville ikkje i dag heller, han sto lenge og lurte, tett på at du såg kor det bobla over i hovudet på han.

Eg pusha litt, ikkje mykje, men  prøvde å motivere, seie at dette klare han, og at det ikkje ville bli noko ekkel lyd, då han hadde med seg hørselshjerna si-les hørselvern.

Og jammen tødde han ikkje opp!

Eg er berre så stolt av han!

Guten gjekk i båten, og han koste seg <3 Han mestra ilag med broren, som ein likeverdig, det var heilt utruleg stort å oppleve.

blogg 7 juli 2

Og det støtte under det eg alltid har sagt.

«Mine gutar lære, men dei lære i sitt eige tempo»

Og dei skal settjast krav til, sjølv om ein ser at dei er litt usikre, det er forskjell på å hive dei til ulvane , og pushe litt for å sjå om ein kan oppnå meistring <3

Tenk , ein time av livet sitt gav Jannicke og kjæresten hennar gutane mine, for  det som plutseleg vart eit minne for livet <3

Dagen då Laurits gjekk i båt, dagen han kjørde Elias båten, dagen då han var akkurat like flink som broren sin, i broren sitt element..

Slike små augeblikk lev eg for, slike små augeblikk som i dag gjere at eg jobbar vidare uansett kor trøtt og lei eg blir, for eg ser at vi er på veg , på veg oppover.

Det er verkeleg dei små tinga som betyr noko <3

Til Jannicke og Tor Erik, tusen tusen takk !!

 

Eit lite initiativ- ei STOR og UGLØYMELEG oppleving !

blogg 7 juli 5

 

Kanskje dagen i dag er til for å glede nokon for de og ?

 

Ha ein fantastisk tysdag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

  • Kristine G.

    Så flott å høre. Dyktige Ragne, hyggelige folke som stiller opp for guttene dine og flinke barn! 🙂

  • Gunn

    Åh.. Kor kjekt! Dette var nok stort, vil eg tru. Så fint for Laurits t han klarte å gå i båten. Veldig gla på deira og dine vegne, Ragne.