Ei annerleis mediaveke- vil vi hugse den neste helg?

10. juli 2015

Det er fredag, det er ferie og det er helg:)

Eg håpar de alle har det bra og tar vare på kverandre kor de enn befinn de hen i verda.

Blogginnlegget i dag er berre mine tankar, mine observasjonar og det eg ynskjer, ikkje basert på anna enn det media har lagt til grunn, som eg har lest.

Ja, eg snakkar sjølvsagt om dei to store sakene på Facebook og i anna sosiale media, pluss nyheitstasjonar og aviser.

Saken om Casper, med Down syndrom og autisme, som får hat brev i posten og vert kalla «mongo unge», og Malina, ei frisk oppegåande normalvektig jente på 11 år, som plutseleg blir stempla som overvektig etter ei veiing på skulen, og foreldra får brev i posten med tilbod om ernærings veiledning.

Ragne hissa seg sjølvsagt opp og delte på Facebook med både spørsmålsteikn og utropsteikn, i kjendt kvinne stil! (lagt merke til kor mykje meir teikn kvinner brukar enn menn? )

Begge desse sakene treff meg på kvar sin måte.

Casper sin sak treff meg som mamma til born med spesielle behov.

Eit overtramp, ein hets, eit direkte angrep på eit born som ikkje er slik som alle andre, og ergo føle man eit overtramp mot seg sjølv og sine kanskje?

blogg div 10

Det fyrste som slo meg, etter at eg hadde roa meg litt ned var : «Steikje tid, den mammaen der har jaggu bein i nasa!!»

Kvifor?

Saken hadde aldri nådd media om ikkje mammaen til Casper hadde fortalt om den.

Den kunne vore polititanmeldt ja, men aldri nådd media.

Eg er glad mammaen til Casper har bein i nasa, og at dei turde å fortelje sin historie, og eg er verken forundra eller overraska over responsen.

Den har dei vel fortent, Casper er heldig, han har ei løvemamma som også kan brøle.

EG ER FULL I RESPEKT!!!

Det finnast mange løvemammaer i Noreg som ikkje klarar det..å brøle altså.

Kor mange trur de det er som oppleve overgrep, overtramp, og hets i dette landet, som ikkje er så ressursterk som mammaen til Casper?

Som ikkje tør å seie i frå?

Som kanskje kryp godt ned i dyna ,men tårene i stie straumar nedover anletet, og håpar alt berre kan vere borte i morgon..

Veit de, også ein heilt vanleg reaksjon.

Ikkje alle er som mammaen til Casper, eller for den del megsjølv, som ikkje er redd for å seie kva en tenkjer og meiner.

For mange blirdet uoverkommeleg å gjere noko sånt, som å gå i media, verte eksponert, måtte «stå i det» -tiltross for massivt støtte frå eit heilt land.

For mange menneskje er berre det å komme seg gjennom ein dag nok- ikkje fordi ein er dårlege foreldre eller ikkje taklar borna sine- men fordi energien går til det.

Å «ta igjen» hos andre vert uoverkommeleg- så vi let det gå.

Kvifor nevner eg historien til Malina i dette blogginnlegget?

Jo, eg never historia for å vise litt kva slags samfunn vi lev i.

Ein treng ikkje vere funksjonshemma for å bli satt i ein bås.

Ferie 2

«Aha- 2 kg for mykje»- det vert brev heim!

Ja, for all del, ein skal ta tak i barnefedme, eg skal aldri krangle på det!

Men det må vel vere andre måtar å gjere ting på?

Skal leggje til at eit sveip innom VG  gav info om at rutinane i den konkrete kommuna skulle gjennomgåast etter ferien, og at ein skulle bruke skjønn framover-BRA!

Så over til mitt poeng.

Vil vi hugse desse to sakene i neste veke?

Når Erna er reist på ferien sin, og overskrifta i media er:

 

«Gulrot er no i ein studie dokumentert kreftframkallande- forskerar anbefale nepe»

Eller:

«Korleis behalde sex livet i ferien- nokon må berre ta borna»

Kan vi klare å hugse saken om Casper og gjere noko med det?

Vil vi no, sida omtrent heile Noreg har engasjert seg i saken begynne å tenkje på korleis vi behandle born med spesielle behov?

Korleis vi møte dei og familiane deira.

Kan vi klare å hjelpe dei foreldra som ikkje er så ressurs sterke til at dei klarar å ta igjen, ved å ta vekk den hetsen og uforstanden som råder i landet dagleg- den stille mobbinga- som gjere at mamma eller pappa legg seg med elver nedover anleta, slik at dei faktisk slepp å leggje seg sånn?

Og ikkje minst at borna deira slepp å oppleve slik behandling?

Og kva med dei vanlege borna? Dei  blir mobba dei og…

 

Eg håpar det.

 

Håpar på eit samfunn med meir forståing, toleranse og raushet-for alle!

 

Og hjelp og støtte til dei som treng det..

 

Det skulle  ikkje vere så veldig vanskeleg, skulle det vel?

Blogg 26 april 1-4

 

Ha ei riktig god helg:D

 

<3<3 Ragne Beate