Kvifor ser du rart på meg?

11. juli 2015

 

Når ein får born ,så kjem det med ei oppgåve.

Ei oppgåve ein ikkje kan gå i frå.

Den kan vere tidkrevjande, slitsom og kjedeleg,

Men det er den verda du er i no.

 

Når ein får born som ikkje kan vere aleine

Sjølv om året seier at ein kan,

Når ein får born som må gjetast og haldast

Halsast tett inntil seg, så tett som ein berre kan.

 

Ein må tolke,synse og lure

Ein må spekulere seg fram til eit svar

Ofte så bommar man på målet

Ein vert sliten, skuffa og klar

 

Ein får blikk i frå andre i verda

Desse store som skulle klara seg sjølv

Som skulle gått vekk i frå skjørta til mora

Segla skuta aleine til sjøss

 

Blikka dei seier så mykje

Du ser dei, sjølv om du ikkje vil sjå

Skal ein gidde å begynne å forklare?

Eller skal ein heve seg over det å gå..

 

Ein kan avogtil ynskje å skrike

Pass dine eigne saker din dust!

Du anar ikkje korleis vårt liv er

Du dømmer frå lyd i fri luft..

 

Du dømmer frå korleis du ser det

Hadde det vore ein ide og spurt?

Korleis ting eigenleg heng saman

Kanskje hadde du skjønt om du hadde lurt..

 

Lurt på kvifor ting heng saman

Heng saman slik det faktisk gjør

Ei diagnose, eit liv med autisme

Ei annerleis liv innanfor vår dør

 

Eir liv med latter og glede

Eit liv med kunnskap og rot

Eit liv med sær het og bøljer

Eit liv der vi må ta hensyn til to

 

To nydelige flotte gutar

Med ein sjarm og herlig glød

Eit liv som er godt å leve

Om ein tidvis føle seg litt i havsnød

 

Ein ror avogtil for livet

Men ein lærer kvar einaste dag

Korleis ein ikkje skal gjere det

Kva som skal til for ein god dag.

 

Ja, mine må vere med mamma

Dei må gjetast og passast på

Vi må ha rutiner, struktur og orden

Og halde i handa når andre berre kan gå.

 

Kvifor ser du så rart på meg menneskje?

Du er vaksen, burde du ikkje forstå?

Sjølv om autismen er skjult i frå auget

Du ser jo at det er noko som rår

 

Nei det finnast ingen skjeive auge

Eller føtter som må dragast med makt

Men det finnast ei mamma som kjempar

Ein kamp der siste ord ikkje er sagt!

 

Så neste gong du ser store born i mammas hand

Tenk, her er det noko på gang

Her er det noko som må vere slik

Her er det ein grunn, det er ikkje tvang

 

Spør om du lure på noko, og svar skal du sanneleg  få

Det er intet som er betre enn eit spørsmål

I ei verd der annerleis rår

 

Men kast ikkje steinen i glasshus,

Ikkje døm noko du ikkje kan forstå

Eg ber deg så inderleg menneskje

Det finnes ikkje alltid ei råd!

 

Eit kvar mennskje kjempar med noko

Den verste kampen er kanskje å klare å få

Eit samfunn til å skjøne byrden

Til å takle, til å omfavne..til å forstå..

 

Eg held krig mine til dagen

Hender tett i tett

Gjetar dei som hauken på marka

Aldri aleine utan meg

 

Eg har ingen å miste

Tenk på det du som glor

Det kunne vore ein av dine

Lat oss ha respekt for ei løvemor!

blogg 10 juli 1

 

 

<3<3 Ragne Beate