Kjære NAV system.
Eg og du har ikkje alltid vore så gode vener, vi har hatt våre disputtar, nokre slike små som eigentleg berre er bagatellar- men som tek tid.
Andre har vore av meir alvorleg art, der vi har trengt ein tredje part for å hjelpe oss i hamn, for at vi skal kunne klare å einast.
Du veit at eg er glad for at vi har eit velferds system i Noreg, sanninga er vel at vi eigentleg ikkje anar kor heldige vi er.
Men vi betale vår skatt for å oppretthalde systemet, slik er Noreg bygd opp.
Omlegginga di Nav, er nok din største hemsko, og mitt tidsproblem.
Omlegginga som gjorde at ein masse med offentleg ansatte skulle verte «kokekyndige maskinistar med kjennskap til navigasjon» og at alle plutseleg skulle kunne alt.
Eg trur dei fleste skjønar at det ikkje går ann.
Og slik vert det kommunikasjonsproblem av.
Store kommunikasjonsproblem.
Og når eg kanskje ringer, med problem som kan vere både vanskelege og intrikate, så vert det litt trøbbel NAV, om eg møte feil person på service telefonen.
Og det vert jo feil det og, at vedkommande skal få skjenn frå meg, når ho eller han ikkje har fått opplæring i trygde spørsmåla, men kanskje heller er steikjande god på pensjon?
Vel, eg orkar ikkje rippe opp i alt som er gamalt, det er noko anna eg ynskjer å drøfte med deg i dag kjære NAV system.
Du skjønar, kvart 3 år så må eg på ny dokumentere for deg at borna mine framleis har autisme.
Du krev ei såkalla «revurdering av diagnose».
Eg vert matt.
Ja, eg blir det.
Eg vert matt, oppskaka, lei meg og ikkje så sjeldan sint, sjølv om eg veit de kjem.
At du ynsker ei innsending om behov kvart 3 år, det tykkjer eg er heilt greitt!
Behov forandre seg på 3 år, diverre vert sjeldan behova mindre, då avviket mellom vanleg og spesielt auke med åra, men ja, eg tykkjer det er heilt på sin plass at det skal sendast inn.
Men tilbake til diagnose.
Trur du eg berre kan knipse i henda hos spesialhelsetjenesta og få ei utredning på borna mine i hytt og gevær?
Då må eg skuffe deg kjære Nav system, for det er ikkje slik den virkelege verda fungerar.
Då mine born fekk si diagnose då dei var 3 så sto det i papira, på same måte som det framleis gjere- for ordenskyld vil eg leggje til at dei har du fått- 2 gonger.
«MEDFØDT gjennomgripande utviklingsforstyrring»
Og dermed var det heller ikkje noko behov for å utrede noko vidare seinare, med mindre det skulle dukke opp andre diagnoser, som adhd til dømes, det må du jo få bekrefting på, eller andre ting som angst, depresjon, eplipsi og sånt som ofte fyljer med ASD diagnosen ettersom borna blir eldre.
Korleis kan ei medfødt diagnose forsvinne?
Eg berre undrar NAV- kan ein lam nokon gong gå?
Einaste eg kan hugse eg nokon gong har lest om at eit menneskje kunne røyse seg å gå, var ei historie frå Bibelen, med Jesus involvert.
Utover det har ikkje eg kjennskap til at menneskje som er lam kan plutseleg gå.
Ei heller har eg høyrt om blinde som får mirakuløst att synet, eller at eit stumt menneskje kan snakke.
Eg treng vel sikkert ikkje fleire døme , du ser nok poenget mitt ikkje sant?
Veit du, fyste gongen du krevde revurdering av diagnosa så vart eg rett og slett lei meg.
Misstrudde du meg? Trudde du eg laug? At eg hadde «laga» ei autismediagnose på borna mine?
Eg skjøna jo etter kvart at det heile kun er rutine..
Men kvifor lage meir styr en nødvendig?
Ei infantil autisme diagnose forsvinn aldri, det er behovet som endre seg.
Hadde det ikkje vore betre om eg slapp å herje rundt med dokumentasjon som allereie foreligg-og heller kunne vere ilag med borna mine, og hjelpe dei til å verte så sjølvstendig som overhovud mogeleg?
(Så kanskje, berre kanskje slepp vi unna deg om 10 år og klare oss sjølve?)
Herregud tenkje kanskje du no, det er no berre kvar 3 år, ser ikkje problemet..
Du skjønar- eg har «litt» papir arbeid, det er ikkje berre du som krev tid.
Kjære NAV system.
Det er systemet som slit foreldre ut, ikkje borna.
Bruk ikkje tida vår på tull.
«Medfødte gjennomgripande utviklingsforstyrringar forsvinn ikkje før ein ligg i grava»
Og når den tid kjem, så treng ein heller ikkje eit papir, gjere ein vel?
Med vennleg helsing
<3<3 Ragne Beate