Eit familieliv- mykje einsamt.

15. juli 2015

Eg får fleire førespurnadar frå foreldre som ynskjer at eg skal skrive litt om forskjellige ting som opptek dei.

Det tar eg som eit stort privilegiet.

Andre gonger  er det eg som spør andre foreldre kva som opptek dei.

Men eg skriv aldri blogginnlegg om tema eg ikkje har opplevd sjølv, det føle eg vert synsing og spekulasjonar, og slikt ynskjer eg ikkje å ha det.

I dag fekk ein førespurnad om eg kunne skrive litt om korleis foreldre vert einsame, og kvifor ein som autismefamilie vert ekskludert frå «det offentlege rom»- utan at nokon i det heile har hatt det som intensjon.

Det berre vert slik.

Temaet er høgst aktuelt, så eg skal prøve.

I herrens år 2010 vart min yngste bror Vebjørn konfirmert. Min mann var på jobb på dagen, så eg var aleine med gutane.

Mamma og pappa hadde lagt alt til rette for at eg skulle kunne kome å feire dagen med resten av familien.

Dei hadde lagt konfirmasjonen heime hjå seg sjølve i trygge omgivnadar, det var få inviterte, kun næraste familie, og vi skippa sjølve velsigninga på Frelsesarmeen, der brodern vart konfirmert, vi kom etterpå.

Vi fekk gutane inn porten, så vart det full stopp.

Ikkje snakk om at dei gjekk inn noko dør.

Ikkje snakk om at dei skulle vere med på ein fest.

Ikkje snakk om at dei skulle vere deltakande.

Dei evna ikkje å vere det…

Eg veit ikkje kven som var mest lei seg den gongen eg sat på trappa og åt konfirmasjons middagen, og passa gutane, om det var eg eller det var foreldra mine.

Det her var berre byrjinga på ein del nederlag dessverre.

Det er vanskeleg for familie å skjøne at selskap kan vere vanskeleg, at samankomstar vert uoverkommeleg, og at vi som familie ikkje kan klare å gjennomføre det.

Same har det vore vanskeleg for enkelte å skjøne at mine born ikkje kan delta i barneselskap-enda.

Det vil dei heilt sikkert kunne, men det er noko vi må trene på.

Eg er ikkje overbeskyttande, vanskeleg,forsøk på å vere spesiell eller ute etter oppmerksomhet når eg må takke nei til diverse tilstellingar, eller må gå tidleg heim frå andre.

blogg 15 juli 1

Nei, eg vernar om mine.

Ville de sendt dykkar born avgarde til tilstellingar de veit dei hadde skjemt seg ut? Gjort seg til narr? Og ikkje minst vore så forferdeleg uoverkommeleg at det er på kanten til å vere mishandling?

Sjølvsagt hadde de ikkje det!

Ein klassefest kan vere det for oss..

Det kan også eit familieselskap.

Mange gonger har eg fått spørsmålet:

«Jammen Ragne, savnar dei det ikkje??? Hadde det ikkje vore kjekt for dei å få vere med å leike med andre? Til dømes 17 mai.. noko vi forøvrig slutta å feire i 2009»

Sanninga er nei.

Dei savna det ikkje, korleis kan ein savne noko som er så uoverkomeleg?

Eg må igjen på presisere at det her er veldig individuelt frå familie til familie.

Vi er komen der hen at vi kan ha familieselskap heime, så lenge gutane får trekke seg vekk til rommet sitt om dei treng det.

Foreldre opplev isolasjon, dei opplev å bli ekskludert og dei opplev å bli einsame.

Fordi dei ikkje kan delta slik som vanlege familiar- slik det er forventa og påkrevd  i samfunnet.

Eg har ingen trøst eller gode råd til foreldre som sit i same situasjon anna enn at du er ikkje aleine, vi er mange med deg.

blogg 8 april 4

Til de andre som er rundt oss, så skal eg gje dykk eit lite velmeinande råd på vegen , eit råd som vår familie har tatt til seg og som vi nyt godt av:

«Respekter oss for den vi er, hugs at vi takkar ikkje nei fordi vi ikkje vil, vi takkar nei fordi vår situasjon gjere at vi ikkje evner å vere med på noverande tidspunkt.»

« Ikkje slutt å spør oss om vi vil vere med, vi opplev det ikkje som mas, tenk kor fantastisk det hadde vore om vi klarte det ein gong?»

«Og vi treng ro, om vi er med dykk på tur, og sit  90% i hytta ,så hugs på kor mykje vi verdsett dei 10 % vi klare å vere med dykk, det er faktisk  mykje meir enn ingenting!!!»

 

Det er ikkje greitt å vere einsam, men det er heller ikkje  greitt å ha born som slit seg ut på krav dei ikkje takle.

 

Kanskje  vi med respekt og forståelse kan finne ein veg.. på sikt?

 

<3<3 Ragne Beate